23.09.2013 Views

2009-04_Helseivest_web - Helse Vest

2009-04_Helseivest_web - Helse Vest

2009-04_Helseivest_web - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

10

helSe i veSt 4/2009

Arbeider for felles standardar

For å leggje til rette for meir bruk av e­handel på tvers av landegrensene

held prosjektgruppa no på å utarbeide ein felles standard

for offentlege anbod. I dette arbeidet tek dei utgangspunkt i helsesektoren,

fordi denne sektoren er ein stor del av offentleg sektor,

og fordi sjukehusa er relativt like frå land til land og ofte har behov

for det same utstyret.

– Sjukehusa våre kjøper allereie i dag utstyr frå internasjonale

leverandørar. Men dette er leverandørar som er så store at dei har

hatt høve til å etablere seg i fleire europeiske land og derfor er godt

kjende med dei anbodsreglane som gjeld. Når vi har fått ein felles

standard for anbod på plass, opnar det for at også mindre leverandørar

kan ta del i konkurransane. Dermed er det opna for større

og meir rettferdig konkurranse, noko som igjen fører til lågare

prisar for sjukehusa, seier Frøyland.

Fokus på miljø

Tal som Europakommisjonen har henta inn, viser at ein ved å

nytte seg av e­handel kan redusere kostnadene knytte til handelen

med fem prosent og transaksjonskostnadene med ti prosent.

Meir bruk av e­handel i offentleg sektor kan derfor i stor grad

redusere kostnadene og dermed gi betre resursutnytting. I sjukehusverda

vil det føre til meir pengar til pasientbehandling.

– I Helse Vest nyttar ein allereie i dag digitale produktkatalogar

når ein skal bestille utstyr og rekvisita til sjukehusa. Dette er eit

verktøy som gir ein meir effektiv bestillings­ og faktureringsprosess.

I tillegg gir katalogane større tryggleik, sidan alle produkta i

katalogane tilfredstiller dei miljøkrava som helseføretaka har stilt,

fortel Frøyland.

Tett samarbeid

Parallelt med utviklinga av nye felles retningslinjer for innkjøpsprosessane

blir det også arbeidd direkte mot leverandørmarknaden

og systemleverandørane. Det er viktig å sikre at utviklinga

av ny teknologi ikkje skaper nye hinder for elektronisk handel,

men heller fremmer auka bruk.

– Målet her er ikkje å lage eit nytt europeisk system for e­handel,

men å knyte saman dei systema som allereie finst. Både offentleg

sektor og leverandørane vil nyte godt av eit meir effektivt

og velfungerande system, meiner Frøyland.

– Kan vi leggje tilrette for meir

bruk av e-handel, er det mykje

pengar å spare.

Lars Johan Frøyland

Lars Johan Frøyland i samtale med kolleger. Frå venstre: Agnar Kordt, Bjørn Tony Myrmellom, Lars Johan Frøyland og Finn Olav Mjærum.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!