23.09.2013 Views

2009-04_Helseivest_web - Helse Vest

2009-04_Helseivest_web - Helse Vest

2009-04_Helseivest_web - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

helSe i veSt 4/2009

Pris for beste

forskingsmiljø

– Det er svært hyggeleg å få ein slik pris. Det at

vi har klart å få til eit godt samarbeid mellom

kliniske einingar og laboratorieeiningar, gir

som resultat at vi får god translasjonsforsking.

På denne måten får vi fram meir kunnskap,

noko som er nyttig for pasientane sin del, seier

professor Roland Jonsson.

tekst siri tjessem FjæLberG Foto bjørn erik LArsen

Vi møter ein stolt leiar for BroegelmannsForskningslaboratorium

fem dagar etter prisutdelinga under

Helse Vest sin årlege forskingskonferanse.

Jonsson er audmjuk over å ha fått prisen

og seier at dette er ei verdsetjing av eit arbeid

som forskingslaboratoriet har halde

på med i fleire år.

Fremmer det faglege nivået i Helse Vest

Komiteen som har delt ut prisen, har

lagt vekt på imponerande forskings­ og

rettleiingsaktivitet og meiner at professor

Jonsson har utvikla Broegelmanns

Forsknings laboratorium til eit ressursmiljø

for forskarutdanning på tvers av institutt­

og fakultetsgrenser. Broegelmanns

Forsknings laboratorium ved Jonsson har

vore ein brubyggjar og har stimulert til

samarbeid mellom ulike fagmiljø innanfor

Helse Vest sitt område, men også nasjonalt

og internasjonalt, ifølgje grunngivinga for

tildelinga av prisen.

20

– Det er store ord frå komiteen, dette?

– Ja, det er ei stor ære for meg og laboratoriet,

og eg er svært audmjuk overfor

det å få vere med og forvalte dette legatet.

Men eg er ikkje aleine. Eg har mange dyktige

medarbeidarar som gjer ein fantastisk

jobb, seier Jonsson.

Sjögrens syndrom, leddgikt og lupus

Den tidlegare tannlegen frå Göteborg

fekk raskt interesse for oralpatologi, og han

blei kjend med pasientar med blant anna

lupus og Sjögrens syndrom i arbeidet sitt

som oralmedisinar. Jonsson er no professor

i immunologi ved Det medisinsk­odontologiske

fakultet i Bergen. I dag er over

femti prosent av verksemda ved Broegelmanns

Forskningslaboratorium retta mot

Sjögrens syndrom, og laboratoriet er godt

kjent nasjonalt og internasjonalt for arbeidet

sitt. I tillegg til Sjögrens syndrom har

laboratoriet også eit høgt fokus på andre

revmatiske sjukdommar.

Gammal forskingshistorie i nye lokale

Rundt ein femtedel av midlane til Broegelmanns

Forskningslaboratorium kjem

frå legat, mens fire femtedelar er eksternfinansierte

frå fleire bidragsytarar. Broegelmanns

har ei lang bergenshistorie sidan

legatet blei oppretta i 1948. Fem år etter

blei det knytt opp mot Universitetet i Bergen,

og i 1957 blei forskingslaboratoriet

oppretta. To leiarar har sete i leiarstolen før

Roland Jonsson blei tilsett i 1991. Sommaren

2009 flytta han og 20 medarbeidarar

inn i femte etasje i eit nytt laboratoriebygg

ved Helse Bergen. Med nydeleg utsikt utover

Bergen by kan dei no forske vidare på

autoimmune sjukdommar, som laboratoriet

er mest kjent for.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!