14 helSe i veSt 4/2009 – Vi må rett og slett lære folk at det er den lette daglege aktiviteten som gir helsegevinst. Harald Munkvold Harald Munkvold på sykkeltur med kollega Atle Skrede. Foto: Arne eithun
etter at dei har vore i fysisk aktivitet. Trening gir òg ei kjensle av naturleg trøttleik, noko som kan redusere behovet for avslappande medikament, forklarer han. I 2001 starta han prosjektet med treningskontaktar i Helse Førde. Målet med prosjektet er å auke aktivitetsnivået til pasientar som har vore innlagde på institusjon, slik at dei kan få ein betre kvardag, med høgre livskvalitet. Treningskontaktane si rolle er å motivere og leggje til rette for fysisk aktivitet i kvardagen – noko som har vist seg å gi svært gode resultat. I dag driv Munkvold og kollegaen Atle Skrede opplæring av treningskontaktar i heile landet. Gjennom tiltaket «Aktiv på dagtid» er ordninga no òg utvida til å gjelde arbeidslause, folk som er sjukmelde, eller er på rehabilitering eller attføring. Modellen har vist seg så effektiv at alle helseføretaka i Helse Vest, og mange elles i landet, har adoptert han. – Når ein ser kor god effekt trening har på psykiske lidingar, spesielt på angst og depresjon, er det viktig å ta tak i dette, slik at ein kan førebyggje. Får vi sett inn tiltak og ressursar så tidleg som mogleg, kan sjukdom bli unngått, utsett eller redusert. Dermed vil færre få bruk for kostbar sjukehusbehandling, noko som igjen gjer at dei som treng behandling, får behandling raskare, meiner Munkvold. Mykje å vinne på fysisk aktivitet Det er ikkje berre Helse Førde som har sett dei positive konsekvensane fysisk aktivitet har på helsa vår. Førebygging og tidleg intervensjon er òg eit av dei viktigaste måla i regjeringa si samhandlingsreform. Målet her er at det skal lønne seg å førebyggje sjukdom, både sett i forhold til den einskilde og i forhold til samfunnsøkonomien. Ei kartlegging Folkehelseinstituttet har gjort når det gjeld førebygging av angst og depresjon, viser at desse lidingane er blant dei dyraste i samfunnet, og at dei kostar meir i uføretrygd enn nokon annan sjukdom. Utrekningar baserte på tal frå den britiske regjeringa og WHO, viser at desse lidingane kostar landet vårt titals milliardar kroner i året. – Denne rapporten viser at vi no må prioritere dei største utfordringane for folkehelsa, nemleg dei nye folkesjukdommane: angst, depresjon og alkoholmisbruk. Desse lidingane rammar flest, dei kostar mest, og vi kan i stor grad behandle og førebyggje dei, seier professor Arne Holte, som er divisjonsdirektør for psykisk helse i Folkehelseinstituttet. Folkehelseinstituttet vil i løpet av våren 2010 utarbeide ein rapport som peiker på ulike tiltak som kan vere med på å fremme psykisk helse og førebyggje psykiske plager og lidingar. – Vi vil leggje intensjonane om førebygging i samhandlingsreforma til grunn og kome med forslag til styresmaktene om vegen vidare. Både folkehelsa, kostnadseffektiviteten og samfunnsøkonomien vil vere – Kan vi hindre berre kvar tiande alvorlege depresjon og angstliding, unngår vi mykje smerte og kan spare samfunnet for store summar. ARNe hOlte Divisjonsdirektør for psykisk helse, Folkehelseinstituttet helSe i veSt 4/2009 med i vurderingsgrunnlaget, seier Holte. – Kan vi hindre berre kvar tiande alvorlege depresjon og angstliding, unngår vi mykje smerte og kan spare samfunnet for store summar, seier han. Eit viktig bidrag til eit betre liv Han får støtte av Harald Munkvold i Helse Førde. Munkvold meiner at vi har ein stor jobb å gjere når det gjeld førebygging, ikkje minst med tanke på folkeopplysning, haldningsendring og motivasjon. Det finst i dag god dokumentasjon på at menneske med psykiske lidingar er i dårlegare fysisk form enn resten av befolkninga, og at dette kjem av inaktivitet. I tillegg viser ei rekkje undersøkingar at dei som ikkje er i regelmessig fysisk aktivitet, har større sjanse for å utvikle depresjonar enn dei som er fysisk aktive. – Fleire studiar viser òg at det er ein klar samanheng mellom mengda av fysisk aktivitet og graden av depresjon. Resultata er klare: jo meir vi trenar, dess mindre deprimerte er vi. Og det er ikkje mykje som skal til! Folk trur at dei må sveitte og ha det vondt for å trene, men slik er det ikkje. Det er dei daglege aktivitetane som det å gå i trapper, bere handleposar, gå ein liten tur osv. som gir god folkehelse, seier Munkvold. Han trur at det må ei haldningsendring til for å få folk til å bli meir fysisk aktive og seier at vi må slutte å likestille fysisk aktivitet med det ein toppidrettsutøvar driv med. – Folk er rett og slett ikkje godt nok opplyste. Om folk var klar over kor lite det er som skal til og forstod kor mykje ein får igjen for så lite – ja, så hadde det ikkje vore helsekøar her i landet. Vi må rett og slett lære folk at det er den lette daglege aktiviteten som gir helsegevinst. Men det er jo klart at slik samfunnet er lagt opp i dag, krev det litt eigeninnsats. Vi får ikkje treningslyst på resept, ler Munkvold. 15