23.09.2013 Views

2009-04_Helseivest_web - Helse Vest

2009-04_Helseivest_web - Helse Vest

2009-04_Helseivest_web - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

18

helSe i veSt 4/2009

Langtidsbudsjett 2010–2014::

– skal gi større tryggleik

i pasientbehandlinga

For å møte dei store utfordringane i spesialisthelsetenesta fram mot

2020 utarbeider føretaksgruppa i Helse Vest for første gong eit langtidsbudsjett

som handlar både om drift, likviditet/finansiering og investeringar i perioden

2010–2014.

tekst: CAmiLLA LoDDerVik

ette er nødvendig for å sikre innbyggjarane

– Dpå Vestlandet eit godt helsetilbod i ei tid der

vi vil få ein massiv pasientauke, samtidig som vi ikkje kjem til å

ha ein så stor økonomisk vekst som det vi har sett dei siste åra.

Det er derfor viktig at føretaka våre får god kontroll med økonomistyringa,

slik at dei blir i stand til å gjere investeringar som

er nødvendige for å sikre god og trygg pasientbehandling også i

framtida, seier styreleiar i Helse Vest RHF, Oddvard Nilsen.

Større aktivitet

Berekningar viser at innbyggjartalet i Helse Vest sitt område

kjem til å auke med heile 16 prosent fram til 2020. Samtidig kjem

Helse Vest til å møte ei stadig eldre befolkning. Den største auken

kjem i aldersgruppa 70–79 år, som truleg vil auke med 50 prosent

frå 2008 til 2020.

Samtidig ser ein òg at det vil bli eit større ressursbehov som

følgje av ein auke i kroniske og livsstilsrelaterte sjukdomar, kreft

og lidingar knytte til rus og psykiatri. Det er også grunn til å tru

at innbyggjarane sine forventningar til spesialisthelsetenesta vil

auke, noko som igjen gjer at etterspurnaden blir enda større.

– Kostnadsutviklinga for spesialisthelsetenesta vil i stor grad

vere avhengig av korleis tenestene blir organiserte og tilrettelagde

i framtida. Det er derfor viktig at helseføretaka tek inn over seg

tankane i samhandlingsreforma i arbeidet med langtidsbudsjettet.

Kvalitet, prioritering, innføring av nye metodar og teknologi,

pasient logistikk og betre samhandling med primærhelsetenesta

blir sentrale område i utviklinga av tenestene i tida framover, seier

Nilsen.

Økonomiske utfordringar og resultatskrav

Berre gjennom effektiv drift og positive resultat kan helseføretaka

frigjere pengar til nye investeringar. Langtidsbudsjettet vil

derfor vere eit viktig verktøy for føretaka for å skape nødvendig

handlefridom i framtida.

– For å kunne møte dei store investeringsutfordringane, spesielt

i Helse Bergen og i Helse Stavanger, må overskotet aukast dei

komande åra. For føretaksgruppa samla må resultatet aukast til

mellom 300 og 400 millionar kroner i løpet av dei neste fem åra,

seier Nilsen.

Styret i Helse Vest har no lagt overordna føresetnader og

føringar for korleis helseføretaka skal arbeide med budsjetta sine.

Arbeidet skal gå parallelt med budsjettet for 2010, og vil skje i eit

tett samarbeid mellom helseføretaka og Helse Vest RHF.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!