28.09.2013 Views

Normer i arbeidslivet - Samfunnsviterne

Normer i arbeidslivet - Samfunnsviterne

Normer i arbeidslivet - Samfunnsviterne

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

REDAKTØR: GUNN KVALSVIK

Gunn Kvalsvik

NORMER I ARbEIDSlIVET

Etter at redaksjonskomitéen tidlig i

år avgjorde at årets siste nummer

skulle omhandle norsk arbeidskultur,

har eg aktivt leita etter ein sosialantropolog.

Gjerne ein med ein annleis

kulturbakgrunn, og som har sett på

oss utanfrå. Dessverre fann eg ingen

slike avhandlingar, men ved eit raskt

googlesøk snubla eg over to nettstadar

som skal guide nykommarar i den norske

arbeidskulturen.

Den eine websida er VOX. Her introduserer

dei eit læringsopplegg med spørsmål

og stadfestingar som er meint å drøftast

saman i grupper. Arbeidskulturdelen er

inndelt i fire områder som ser ut til å

referere til våre særeigenheiter; fagorganisering,

helse, miljø og sikkerheit, svakt

Samfunnsviteren er organ for Samfunnsviterne

Redaktør: Gunn Kvalsvik

Redaksjonsråd: Gunn Kvalsvik, Solveig Vivill Vinsrygg,

Nessim Ghouas, Adelheid Mortensen Huuse, Kristin Haugan,

Knut Aarbakke og Torun Høgvold Enstad

Grafisk Utforming: Gunn Kvalsvik

Opplag: 9800

Ansvarlig utgiver: Samfunnsviterne

Trykk: 07-gruppen

hierarki mellom leiing og tilsette - og til

sist eit punkt som fortel kor viktig det

er å delta på sosiale aktiviteter i regi av

jobben.

Ein annan nettstad for utanforståande,

er nyinorge.no. Ny i Norge innheld ei

samling praktisk informasjon frå offentlige

norske instansar. Også her er den flate

organisatoriske strukturen vektlagt. Dei

skriv blant anna: ”For en nykommer kan

det være vanskelig å skille sjefen fra

de andre ansatte. Beslutningstakingen

er ofte konsensusbasert. ….kleskoden

er uformell i de fleste bransjer.” Andre

særtrekk som nyinorge.no trekker fram,

er at nordmenn motiverast meir av

personleg utvikling, eit godt arbeidsmiljø

og trivelege kolleger enn av pengar

og andre materielle godar. Ny i Norge

peikar også på eit anna særtrekk, nemlig

balansen mellom arbeids- og fritid. ”Det

er en generell oppfatning om at man

skal arbeide for å leve, ikke leve for å

arbeide. Den norske livsstilen er fokusert

rundt familieverdier, idrett og friluftsliv.

Nordmenn har et nært forhold til naturen,

og mange familier har hytter ved sjøen

eller på fjellet. Så du må ikke bli overrasket

om kollegene dine går tidlig fra jobb

om fredagen for å dra på hytten.”

Det er nok ingen som er ueinig i at desse

Side 2 • TIDSSKRIFT FOR SAMFUNNSVITERNE 4 - 2012

nettstadane har trekt ut viktige element

av vår kultur.

Å lage eit magasin som skal skildre

breidda i arbeidskulturen vår går

sjølvsagt ikkje. Då snakkar vi bok. Derfor

har vi sett saman ein kortversjon og sett

på kulturen vår frå nokre ulike ståstadar.

Vi presenterer blant anna ein blodfersk

NAV-rapport som viser til eit sterkt ynskje

om å delta i arbeidslivet sjølv om vi

økonomisk ikkje treng det. Vi møter ei

som jobbar i Deloitte, eit av mange utenlandske

firma som også har kontorer i

Noreg. I tillegg ser vi på ein auka tendens

til at fleire vel å studere i utlandet. Det er

interessant å sjå kor sterk jobbidentiteten

vår er og skamma mange kjenner når

dei fell utanfor arbeidslivet. Vi har svært

høg fagorganisasjonsgrad i Norden og

Norge, men står på staden kvil når det

gjelder prosentandel av kvinner i leiande

stillingar.

Ein del av vår arbeidskultur, som vi ikkje

burde vere stolte av, er alkoholkulturen vi

utøver i samband med arbeidsplassen.

Ein rapport viser korleis dette skaper

problem for etniske minioritetsgrupper.

Kanskje noko å tenke på i desse

julebordstider?

God lesing - og god jul!

Utgave - materiellfrist - distribusjon

01/12- 02. mars - uke 12 (mars)

02/12 - 01. jun - uke 25 (juni)

03/12 - 03.september - uke 38 (september)

04/12 - 09. november - uke 48 (desember)

Annonseformat og priser:

Format - Pris (farger/sort-hvitt)

1/1 side kr 10 500 (kr 5000) h 240 mm x br 180 mm

1/2 side kr 6000 (kr 5000) h 180 mm x br 120 mm

1/4 side kr 3500 (kr 2500) h 60 mm x br 180 mm

1/1 bakside kr 15 000 NB! Kun farger h 180 mm x br 200 mm

Henvendelser om annonsering og Samfunnsviteren for øvrig rettes til sekretariatet, tlf 22 03 19 06/ post@samfunnsviterne.no

Samfunnsviterne, Kr. Augusts gate 9, 0164 OSLO Telefon: 22 03 19 00 Telefaks: 22 03 19 01 www. samfunnsviterne.no

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!