04.02.2014 Views

Atrium 01/2010

Atrium 01/2010

Atrium 01/2010

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

AKTUELT

isbjørnen Knut i

identitetskrise

Fiksdal/Lie lagar danseteater for folk som ikkje

trur dei likar slikt.

for ei omvising på Naturhistoriske, med

andre ord?

tekst: Hanne Dale

hanne.dale@gmail.com

Ei av framsyningane som går under paraplyen

Dans til Folket er Presenting av koreograf Ingri

Midgaard Fiksdal og tekstforfattar/regissør

Miriam Prestøy Lie. Dei to utgjer kompaniet

Fiksdal/Lie, og det dei viser under Oktoberdans

er eit forprosjekt til forestillinga presentENDing,

som skal ha premiere neste haust.

Draumescenario

- Det som er spesielt gøy for oss med å være

med på Dans til Folket er at det er nettopp

dette vi ynskjer å gjere med vårt danseteater:

å lage framsyningar som kan nå ut til

et breiare publikum enn dei som berre likar

samtidsdans eller -teater, forklarar Lie.

- Vi forholder oss temmeleg fritt til konvensjonar

om kva dans er, og frys ofte litt på ryggen

når vi høyrer omgrepet «samtidsdans.»

Sjølv meiner ho Naturhistorisk Museum,

der forestillinga skal haldast, er eit draumescenario

for det litt skumle og ubehagelege,

men trekk òg fram at dei utstoppa dyra

i glassmonter passar godt til tematikken i det

komande prosjektet deira: der dei arbeider

med førestellingane vi har om oss sjølve, korleis

ein «isceneset» seg sjølv.

Kjende personar som karakterar

Fiksdal/Lie har brukt kjende personar som

karakterar i stykka sine før, denne gongen

står Laura Palmer, isbjørnen Knut og Britney

Spears for tur.

- Dette gjer vi blant

anna for å skape distanse

til karakteren,

vi strebar ikkje etter

psykologisk realistisk

skodespel, men

brukar den «symbolverdien»

folk knyt til

den kjende personen

til å kommentere tema, presiserer Lie.

I Presenting har Isbjørnen Knut blitt kasta

ut av rampelyset etter eit møte med puberteten

som vekte liv i isbjørninstinkt som ikkje

passa saman med menneskekosing… Med

ei identitetskrise lik andre barnestjerner før

han, søkjer han no rampelysets blikk gjennom

å arbeide som omreisande entertainer.

Dei andre karakterane er eit avdanka, blondt

tenåringsidol, og Laura Palmer, som har vore

daud sidan første episode av Twin Peaks viste

seg på skjermen tilbake i 1990. Ein bra gjeng

Humor og horror

Ikkje uventa er humor viktig for Fiksdal og

Lie, som med sitt danseteater ynskjer å skape

arbeid som kan forståast på ulike plan.

- I Presenting leikar vi med dei forskjellige fiksjonslaga.

Vi legg aldri skjul på at dansarane

spelar karakterane og vi er spesielt interesserte

i kva som skjer i overgangane mellom

spel og ikkje-spel, fortel Lie, som synest det

er befriande å vere

med på eit prosjekt

Denne gongen står Laura

Palmer, isbjørnen Knut

og Britney Spears for tur.

som Dans til Folket,

der ein slepp å

tenkje på avansert

teknikk, og kan

fokusere på idéen,

på innhaldet. Ho

oppsummerer Presenting

som

- ei lita forestilling der humor og horror er

like viktig, der vi beveger oss mellom forskjellige

nummer over heile museet: musikal,

dans, dyreimitasjonar, foredrag, og også ting

som aldri burde blitt vist.

Interesserte bør finne fram til Naturhistorisk

Museum den 30. oktober til 1. november.

(For oslofolk kan det nemnast at same kompani

skal ha premiere på forestillinga Krasnoyarsk:

dagdraumnasjonen, basert på tekstar

av Johan Harstad, den 4. desember på Det

Norske Teater i Oslo.)

Splætt: Fiksdal/Lie får blodet til å sprute på Naturhistorisk Museum. Foto: Tor Lie

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!