02.01.2015 Views

Årsmelding 2006 - Fjell kommune

Årsmelding 2006 - Fjell kommune

Årsmelding 2006 - Fjell kommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Johannes Spilde Lie, Trygve Titland Danielsen, Kim Olav Kjus Selje,

Malin Sæter Møvik, Sara Elisabeth Abdi-Dezfuli.

Elevar frå 7. klasse - Ulveseth skule - OSIKUS prosjektet

Kjekkare å gjere leksene no

Å ta i bruk IKT for å gjere undervisninga meir

nyskapande og spanande har vore drivkrafta

i det så kalla OSIKUS-prosjektet som starta

opp i 2006. OSIKUS står for Open Skule –

Interkommunalt UndervisningSamarbeid og er eit

samarbeidsprosjekt mellom skulane i Fjell, Sund og

Øygarden samt Hordaland fylkeskommune.

7. klasse ved Ulveset skule var dei første som tok

i bruk dette verktøyet i undervisninga i Fjell. I

stadan for berre tavleundervisning, brukar dei

PC’en som eit virtuelt klasserom. «It’s learning» som

læringsplattforma heiter, er lagt opp slik at elevane

hentar og løyser oppgåver, finn lenkjer til relevant

bakgrunnsmateriale, lastar ned filer med filmar eller

lydklipp og mykje meir. – Vi brukar det mykje til

lekser, seier Johannes. Vi kan starte å jobbe med

noko på skulen, og så kan vi gå inn på PC’en heime

og jobbe vidare. Det er veldig bra, seier han.

Sara Elisabeth er einig. -Men no har vi ingen

unnskyldning for ikkje å gjere leksene lenger dersom

vi er sjuke eller bortreist, for vi kan berre gå inn på

«It’s learning» og få tak i leksa der, sukkar ho.

Elevane synest alle at det er kjekkare å jobbe på PC’en

enn å skriva i kladdebøker og følgje med på tavla.

–Her er det masse kult, mattespel og mykje anna

som vi kan prøva oss på, seier Trygve.

-Vi kan senda meldingar til kvarandre eller til

lærarane også dersom vi lurer på noko, seier Malin.

-Men det er ikkje alltid vi får svar med ein gong ,

påpeikar Kim Olav.

Det både lærar og elevar ønskjer seg aller mest, er

fleire PC’ar. Klassen på 29 elevar har 14 PC’ar på

deling. Det blir litt venting før alle får gjort det dei

skal.

23

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!