30.01.2015 Views

Utgave 1 - Heimevernet - Forsvaret

Utgave 1 - Heimevernet - Forsvaret

Utgave 1 - Heimevernet - Forsvaret

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Aktiv HV-ungdom

Heimevernsungdomane i Sunnfjord er ein aktiv gjeng. I dag

har gruppa 14 aktive medlemmar som samlast i snitt ei

helg i månaden. Programmet er variert og spennande. Siste

samlinga før jul på Nesje fort i Ytre Sogn, vart ikkje noko

unntak.

tekst

stig løland

hv-10

Lenge før

lyset braut

fram laurdag

morgon var

det ein hektisk aktivitet for å klargjere

for dagens skyteøkter. Våpenhandgrepa

på AG-3 var gjennomgått kvelden før,

og etter ytterlegare ei økt var alt drilla

til fingerspissane. Alt må vere klart slik

at ein rekk å utnytte dagslyset. Idet dei

fyrste solstrålene kraup over fjella i aust

braka dei fyrste salvene frå standplass.

Innskytinga var i gang. Kruttrøyken hang

snart i fjellsidene.

Våpenteneste

Dei seks HV-ungdomane skaut bra, og

etter at alle hadde fått justert inn sikta

sine tok dei til på skarpskytarmerket. Etter

endt økt var det fleire som gliste breidt,

dei hadde gjort seg fortente til å få utdelt

det militære skarpskytarmerket. Dette er

ei utmerking i bronse eller sølv som dei

kan henge på brystet, når dei etterkvart

skal inn til førstegongsteneste eller gå

befalskule. Humøret blant ungdomane

vart ikkje akkurat dårlegare etter lunsj,

då dei fekk demonstrert maskinpistol

(MP-5), pistol (P-80) og skarpskytarrifle

(NM-149). Skyteøkta vart avslutta med

felthurtig- og stangskyting. - Dette var

moro! konstaterte HVU Monsen, og dei

andre nikka ivrig.

Forrett

Men for ein Heimevernsungdom dreier

tenesta seg òg om andre ting enn skyting.

I tillegg til medlemmane i ungdomsgruppa

hadde ungdomsleiaren denne gongen

invitert fleire tidlegare HV-ungdomar som

med både militære og sivile utdanningar

laga både utfordrande og lærerike

økter. Dagens siste økt vart begge deler.

Gruppa har tidlegare gjennomført fleire

overlevnadskurs, og lært seg å leve i

skogen med lite mat og få hjelpemiddel.

Instruktøren denne gongen var spesialist

på alt som kan etast i naturen og denne

gongen var det strandsona som stod

på menyen. Etter ein tur i fjæra vart

kokekaret sett over primusen. Det var

ikkje alle som såg like begeistra ut over

det som låg i gryta. Men instruktøren

kunne fortelje at både strandsniglar og

albogeskjel var ikkje berre næringsrikt,

det smakte faktisk godt. Og etter at både

HVU Tveito og HVU Eikelid kasta innpå

munnfull etter munnfull let resten seg

friste, trass i at det var frivilleg. - Det

smakar som krabbe gliste HVU Rysjedal

og strekte seg etter meir. Men alt godt

har ein slutt, og etterkvart måtte alle

innomhus for å ete karbonadar og poteter.

Utpå kvelden samlast alle til sosialt

samvær med lysbileteframsyningar og

tilhøyrande røvarhistoriar frå Svalbard,

Alpane, Sør-Amerika med meir. Men

ettersom friluftsliv er grunnpillaren for

ein kvar heimevernsungdom, søv vi ikkje

med tak over hovudet. Inne i eit skogholt

stod lagstelta og venta frå kvelden før.

Med full fyr i vedovnen vart det ikkje stille

Friluftsliv instruksjon i bruk av klatreutstyr og rapellering

20 HV-BLADET/januar 2004

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!