19.03.2015 Views

Planskildring - Bergen kommune

Planskildring - Bergen kommune

Planskildring - Bergen kommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Arealdelen av kommuneplanen for Lindås kommune

Kulturminne og kulturmiljø

Ingen nye byggeområde vert lagt slik at dei kjem i konflikt med kjente kulturminne. Unntaket er

næringsområdet på Eidsnes. Der ligg eit kjent gravminne innafor næringsområdet. Denne delen

av arealet er regulert, slik at kulturminnet ligg i eksisterande plan. Kulturminnet er avmerka i

kommunen sine kart, og vil verte teke omsyn til ved reguleringa av området.

Når det gjeld kulturmiljø, vil dette stort sett vere nyare kulturmiljø som jordbruket sine bygningar

med tilhøyrande omland. Desse interessene er ofte samanfallande med kjerneområde landbruk,

slik at dette i stor grad er ivareteke. Elles er det ein god del eldre naustmiljø i kommunen. Der

det er kome innspel til planen om fortetting i slike område, er desse ikkje teke med.

Risiko og sårbarheit

Den mest sentrale risikofaktoren som er avdekka i planarbeidet, har med trafikksikring å gjere.

Mange av vegstrekningane i kommunen er av dårleg standard, og det manglar ofte gang- og

sykkelveg. Dette har medført at mange innspel har vorte avvist på bakgrunn av trafikksikkerheit.

Samstundes er det teke inn rekkefølgjekrav for nye byggjeområde som sikrar opparbeiding av

gang- og sykkelveg på utsette strekningar, som vegen til Fosse og på Ostereidet.

Når det gjeld ras, er enkelte nye byggjeområde som potensielt kan medføre fare for jordskred. I

desse områda vert det teke inn føresegner som sikrar at det vert gjort ei geologisk vurdering av

dette i samband med planarbeidet. Det er ikkje avdekka område med stort farepotensiale for

skred, og ein føre var-haldning er lagt til grunn.

Havnivåstiging og klimaendringar utgjer eit lågt farepotensiale i planområdet. Det er likevel teke

inn ei føresegn som skal sikre at det vert teke omsyn til framtidig havnivåstiging ved bygging i

utsette område.

Samla sett fører planforslaget i liten grad til auka risiko.

Miljø og klima

Planforslaget er utarbeida med utgangspunkt i målsetjingar som i stor grad bidrar til å unngå

negative verknader for miljø og klima, ved at det har vore lagt opp til at større byggjeområde

skal lokaliserast der det er god tilgang på kollektivtransport. Det er òg teke inn ei føresegn om at

det i områda med god kollektivdekning (langs E39 og RV57) skal leggast opp til godt samband

mellom busstopp og nye byggeområde. Samstundes er det lagt opp til ei beskjeden utbygging i

grendene, slik at dei framleis kan vere levande, men utan å legge opp til større byggjeområde

her.

Det har vore eit mål at nye byggjeområde for bustader skal vere attraktive. Dette har medført at

nye bustadområde ikkje er vortne lokalisert på undersolte stader som vil medføre eit stort

oppvarmingsbehov.

Samla sett vurderer vi at verknadene for miljø og klima er relativt låge.

Barn og unge

Når det gjeld barn og unge sine interesser, er det først og fremst snakk om å sikre gode

oppvekstmiljø, ta vare på område som er i bruk til uorganiserte aktivitetar og å sikre tilstrekkeleg

med ”grøne” areal i nye byggjeområde. Gode oppvekstmiljø vil det vere dei fleste stader i

kommunen, så lenge bustadområda er plassert slik at ein unngår unødig trafikkfare. Dette er i

stor grad oppnådd. For å unngå nedbygging av areal som er i bruk av barn og unge i dag, er det

stilt krav om barnetrakkregistrering for nye byggjeområde der det er indikasjon på at områda

kan vere i bruk til uorganisert leik. På Lindås og Seim er det òg teke inn grønstruktur i

kommuneplanen for å møta behovet for ubygde areal der det er tett busetnad.

Det er teke inn føresegner som seier at ved utarbeiding av reguleringsplanar, skal det veljast ei

lokalisering av areala for barn og unge som sikrar gode kvalitetar, og at slik areal skal

30

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!