19.03.2015 Views

Planskildring - Bergen kommune

Planskildring - Bergen kommune

Planskildring - Bergen kommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Arealdelen av kommuneplanen for Lindås kommune

5.2.2 Fritidsbusetnad

Dette kapitlet gjeld areal sett av til fritidsbusetnad etter plan- og bygningslova § 11-7 nr.1.

Det har vore eit mål at areal for nye fritidsbustader skal lokaliserast i utkantane av kommunen,

og som utviding av eksisterande eller planlagde hyttefelt. Der forslag til nye hyttefelt har kome i

konflikt med andre viktige samfunnsinteresser, har vi vore forsiktige med å setje av areal til

dette føremålet.

Lindås kommune har svært mange hytter frå før, og er ein av dei store hyttekommunane i fylket.

Det er først og fremst den lange strandsona og den attraktive skjergarden som har gjort

kommunen interessant for hytter, og dette har medført at mykje av den mest tilgjengelege

strandsona er privatisert. Ein god befolkningsauke og generell vekst i kommunen, medfører

også at mange fritidsbustader er ønska omdisponert til bustader og det er fleire stader konflikt

mellom bustad- og fritidsbustadinteresser. Dette er bakgrunnen for at vi har valt å vere

restriktive med å setje av nytt areal for fritidsbusetnad. Til saman 45 dekar vert sett av til

fritidsbusetnad, men noko av dette arealet omfattar eksisterande hyttetomter og som allereie er

bygd på.

5.2.3 Sentrumsføremål

Dette kapitlet gjeld areal sett av til sentrumsføremål etter plan- og bygningslova § 11-7 nr.1.

Eit areal på ca. 43 dekar på Lindås er sett av til sentrumsføremål. Dette er ein

arealbrukskategori der alle byggje- og anleggstiltak i utgangspunktet er tillete, med mindre anna

går fram av føresegnene. I føresegnene står det at det ikkje er tillete med industri eller lager i

området. Ei nærare avklaring av arealbruken vil verte gjort i områderegulering, som det er stilt

krav om i føresegnene.

5.2.4 Offentleg og privat tenesteyting

Dette kapitlet gjeld areal som er sett av til offentleg og privat tenesteyting etter plan- og

bygningslova § 11-7 nr.1.

Det følgjer av ny plan- og bygningslov at det må gå fram av føresegnene om eit areal skal vere

offentleg eller privat, og dette vil difor ikkje gå fram av arealføremålet åleine.

Det er sett av areal til utviding av skulane på Ostereidet, Eikanger, Myking og Seim. Areal for

utviding av Lindås barneskule inngår i kommunedelplan for Lindåsosane, Lygra og Lurefjorden.

Det er òg sett av areal til utviding av Ostertunet og Lindås bu- og servicesenter. Eksisterande

barnehage på Ostereidet og regulert barnehage på Seim er òg tekne inn i planen. Til saman er

128 dekar sett av til offentleg eller privat tenesteyting. Alt arealet ligg i tilknyting til areal som frå

før er i bruk til same føremål.

5.2.5 Fritids- og turistføremål

Dette kapitlet gjeld areal som er sett av til fritids- og turistføremål etter plan- og bygningslova §

11-7 nr.1.

Det er sett av eit areal til fritids- og turistføremål på Fanebust på ca. 4 dekar. Det er òg sett av to

LNF-område der spreidde næringsbygningar er tillate, sjå under LNF-område.

38

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!