19.03.2015 Views

Planskildring - Bergen kommune

Planskildring - Bergen kommune

Planskildring - Bergen kommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Arealdelen av kommuneplanen for Lindås kommune

5.8 Særskilde tema

5.8.1 Planbehov

Gjennom planprosessen vart det avdekka behov for områderegulering av Ostereidet og Lindås,

då dette er stader med særlege utfordringar knytt til senterutvikling, bustadstruktur og

grønstruktur. Dette er sett som rekkefølgjekrav i føresegnene for nye byggjeområde.

5.8.2 Den funksjonelle strandsona

Fastsetjing av funksjonell strandsone som grunnlag for lokal tilpassa bruk og forvaltning er ein

hovudstrategi for den regionale strandsonepolitikken som er nedfelt i Fylkesplan for Hordaland.

Funksjonell strandsone er definert som landskapsrom tilknytt sjø og vil vere vurdert utifrå

følgjande kriterium:

• Tilgjenge til strandsona frå sjø og frå land

• Visuell eksponering frå sjø (uavhengig av vegetering)

• Strandsone som står i direkte økologisk samspel med sjøen knytt opp mot vurdering av

naturtypekart.

• Friluftslivbruk

• Sjørelaterte kulturminne kan syne sambandet mellom sjøen og landbasert aktivitet opp

gjennom historia.

• Urørt strandsone

I samsvar med planprogrammet av 5.nov.2008 er kartlegging av funksjonelle strandsona

prioritert i området Osterfjorden. I tillegg har det vorte gjort eit kartleggingsarbeid for å setje ei

byggjegrense mot sjø for nye og eksisterande byggjeområde i samsvar med plan- og

bygningslova § 1-8. Etter ønskje frå styringsgruppa vart det også gjennomført ei kartlegging av

funksjonell strandsone på Hodneland m.o.t vurdering av vegtilkomst og kor eventuelle hytter bør

leggast her.

Det er fastsett funksjonell

strandsone langs Osterfjorden

(frå Mundal til Molvik), basert på

synfaring av heile strekninga

både frå land og sjø samt ortoog

skråfoto. I LNF-områda er

funksjonell strandsone vist som

retningsgjevande, det vil seie ei

line som ikkje er juridisk

bindande. Lina vil vere nyttig i

handsaminga av enkeltsaker, til

dømes dispensasjonar. For ein

del holmar er heile arealet

omfatta av funksjonell

strandsone. Her er lina naturleg

nok ikkje vist, men av

retningslinene går det fram at dei

ligg i funksjonell strandsone.

Døme på gamalt naustmiljø langs Osterfjorden.

Foto: F. Ones

Lindås kommune har i kartleggingsarbeidet gjort bruk av den kompetansen som vart

opparbeida gjennom landskapsanalysen knytt til kommunedelplan for Lindåsosane (Landskap i

Plan).

52

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!