19.03.2015 Views

Planskildring - Bergen kommune

Planskildring - Bergen kommune

Planskildring - Bergen kommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Arealdelen av kommuneplanen for Lindås kommune

Grønstruktur

Det er sett av areal til grønstruktur på Lindås og Seim. Området på Seim er ein markert høgde

som ligg ubygd blant stort sett bygde område, og vil blant anna kunna brukast til uorganisert

leik. På Lindås er det sett av eit større og eit mindre område i tilknyting til nye byggeområde, og

som skal inngå i områderegulering. Det er òg sett av eit areal ved gravplassen (tidlegare

næringsareal) som ikkje har krav om områderegulering.

5.5 Landbruks-, natur- og friluftsområde

5.5.1 Område for spreidd bygging (LNFb)

Føremålet gjeld spreidd bygging med tilhøyrande teknisk anlegg etter plan- og bygningslova §

11-7 nr. 5 punkt b).

LNF-områda vert i hovudsak oppretthalde som i gjeldande kommuneplan. Nødvendige tiltak for

landbruk er tillate. Noko areal går over frå LNF med opning for spreidd busetnad til rein LNF.

Dette heng saman med at fleire LNF-område med opning for spreidd busetnad har fått endra

avgrensing, ved at dei er trekt ut av strandsona og bort frå dyrka mark, der det uansett ikkje ville

ha vore lov å bygge.

Ny bustadbygging

Det er lagt ut 5 nye område for spreidd busetnad; Eidatrædet, Vabø, Jordal, Eikeland og

Høyland. I tillegg er det opna for nye bustader i 5 område; Eikanger, Askeland, Bjørge, Fyllingen

og Hundvin. Til saman er det opna for 28 nye bustader i desse områda. I tillegg vert alle

eksisterande område vidareført, slik at det skal vere lov til tilbygg og liknande utan

dispensasjon. I ein del av områda vert det ikkje opna for nye bueiningar. I områda Erstad,

Fosse, Eikanger og Eknes har utbygginga no blitt så stor at det ikkje er ønskeleg med meir

spreidd busetnad. I området Fyllingen nord, er utfordringane knytt til trafikktryggleik og

kulturlandskap for store til at det er ønskeleg med fleire hus. Samla vert det opna for 53

bustadeiningar i område for spreidd busetnad. Dette skal vere med på å oppretthalde

busetnaden i desse bygdene. Føresegnene sikrar at ei slik utbygging ikkje skal gå utover

landbruksdrifta i områda.

Ny næringsverksemd

I Dyrkolbotn og på Spurkeland vert det lagt ut område for spreidd næringsverksemd. Dette

dreier seg om areal kring verksemder som allereie er etablert, og som er av stor tyding for

grendene dei er lokalisert i. Det er difor viktig å sikre desse verksemdene fleksible nok rammer

til at dei kan utvikle drifta i åra som kjem. Begge stadene vil det verte tillate med overnatting og

servering. Føresegnene fastset kor mange bygningar og kor stort areal som kan byggjast ut, slik

at behovet for styring av verksemdene skal vere ivareteke. Dette er naudsynt, då det ikkje er

krav om reguleringsplan.

5.6 Bruk og vern av sjø og vassdrag, med tilhøyrande strandsone

Føremålet gjeld bruk og vern av sjø og vassdrag, med tilhøyrande strandsone, etter plan- og

bygningslova § 11-7 nr. 6.

Dette er ein samlekategori for alle arealføremål som inkluderer bruk av sjøareala.

Småbåtanlegg, naust, badeområde og akvakulturanlegg høyrer difor heime i denne kategorien.

Det meste av sjøområdet er sett av til bruk og vern sjø og vassdrag med tilhøyrande

strandsone. Dette er eit hovudføremål som omfattar mange delføremål. Av føresegnene går det

fram at område skal nyttast til ferdsel, fiske, natur- og friluftsliv.

41

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!