17.06.2015 Views

Regional plan for museum 2011 - 2015 - Hordaland fylkeskommune

Regional plan for museum 2011 - 2015 - Hordaland fylkeskommune

Regional plan for museum 2011 - 2015 - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

midlingsstrategiar og -tiltak som overtyder brukarane om at dei representerer tilbod som held høge

kvalitative mål.”

Musea er eit fellesgode i samfunnet. I sitt mandat frå fellesskapet har styresmaktene i oppgåve å nytta

musea som eit instrument i samfunnsutviklinga. Samtidig er det ubestrideleg at musea skal ha ei fagleg

fri stilling, som gjer at dei kan stilla kritiske spørsmål vedrørande både fortid og notid. Dette krev armlengds

avstand til eigarar og offentlege styresmakter.

Musea er viktige forvaltarar av samfunnet sitt kollektive minne, tek vare på verdifulle gjenstandar og

bygg, og også den immaterielle kulturarven. Noreg slutta seg til UNESCO sin konvensjon om vern av

den immaterielle kulturarven i 2007 (UNESCOs konvensjon av 17. oktober 2003 om vern av den

immaterielle kulturarven), og dette har gjeve musea nye, viktige oppgåver på feltet. Immateriell

kulturarv er i konvensjonen definert som praksis, framstillingar, uttrykk, gjenstandar, kulturgjenstandar

og kulturelle rom som samfunn, grupper og, i nokre tilfelle, enkeltpersonar anerkjenner

som ein del av sin kulturarv. Det vert lagt vekt på kulturelle prosessar framfor kulturprodukt, og at

vern inneber at ein må sikra traderingsprosessen sine livsvilkår framfor tradisjonen sine produkt. Dei

landa som har slutta seg til konvensjonen, har ansvar for å verna immateriell kulturarv innanfor sine

område. Og ein kan ta dette vidare til regionalt nivå: Hordaland fylke har eit ansvar for åverna immateriell

kulturarv innanfor sitt område.

I Hordaland er musea ei viktig drivkraft i det samla kulturminnevernet. Stortingsmelding nr 16

(20042005) Leve med kulturminner gjev musea høve til å ta ei meir aktiv rolle i å følgja opp den nye

kulturminnepolitikken. Dette er ei viktig oppgåve som støttar opp om musea si regionale rolle som

kunnskapsforvaltar og samfunnsutviklar. Å utvikla og forma musea sine roller på dette feltet i

samråd med kommunar og frivillig sektor, vil vera ei prioritert oppgåve.

Dei konsoliderte museumseiningane femner geografisk og tematisk over heile Hordaland. Ein har i

tillegg mange ulike museumstiltak som ikkje er del av konsoliderte museumseiningar. Hordaland

er også kjenneteikna av stort engasjement på det kulturhistoriske fagfeltet hjå organisasjonar og

private - dei fleste musea vart til på grunnlag av stort privat engasjement. Sogelag og private

samlarar gjer viktig arbeid for å sikra kulturhistorisk materiale, men utan at dette nødvendigvis

skjer under noko form for fagleg medverknad frå musea. Her ligg nye oppgåver for musea, der

institusjonane i større grad enn tidlegare bør få ressursar til å gje fagleg bistand, råd og vegleiing til

slikt arbeid, ikkje minst i samlingsforvaltinga.

2.1 Musea i Hordaland si rolle i nasjonal samanheng

I tillegg til dei kjerneoppgåvene eitkvart museum skal ha, må musea sine tematiske ansvarsområde

klarleggjast. Ikkje minst er det viktig å klargjera kva fagfelt musea i Hordaland bør prega i ein nasjo-

10

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!