17.06.2015 Views

Regional plan for museum 2011 - 2015 - Hordaland fylkeskommune

Regional plan for museum 2011 - 2015 - Hordaland fylkeskommune

Regional plan for museum 2011 - 2015 - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

og at ein ønskjer å satsa endå meir på dette. Samtidig held ein oppe tradisjonelle informasjonskanalar,

som tidsskrift og årbøker, til dømes Fartøyvern gjeve ut av Hardanger Fartøyvernsenter og Sjøfartshistorisk

årbok gjeve ut av Bergens Sjøfartsmuseum.

For alle musea er born og ungdom ei viktig målgruppe, og fleire av musea har eit godt samarbeid med

Den kulturelle skulesekken. Spelemidlane i Den kulturelle skulesekken vert tildelt fylkeskommunane,

som fordeler ein del av midlane vidare til kommunane. Nokre av musea melder at dei fell utanfor opplegget

til skulesekken, og etterspør difor ei justeringar av dagens opplegg.

Ungdommens fylkesutval har uttalt følgjande til spørsmålet om i kva grad musea tek opp tema som er

interessante for ungdom: ”Faglig sett er musene interessante, men for ungdom generelt er det uinteressant.

Dette skyldes nok liten kunnskap om hva som skjer og hvor det skjer.” Og følgjande til spørsmålet

om korleis musea i større grad kan bli attraktive for ungdom: ”Musene kan gjøres mer attraktiv

for ungdom ved å markedsføre seg selv spesielt mot ungdom. Utstillinger bør inneholde moderne kunst

eller ting som interesserer dagens ungdom. Engasjerte og motiverte guider som evner å gjøre stoffet

tilgjengelig. Det er altfor få utstillinger og museer som retter seg spesielt mot ungdom.” Til dette må

det tilføyast at museumsstatistikken viser at musea er godt besøkt av born og ungdom.

3.10 Nettverk ‐fellestenester

Eit viktig trekk ved museumsreforma er målet om å auka samarbeid og samhandling i

museumssektoren. I Statusrapport 2009 gjev eitt av musea døme på slike gevinstar: ”Større nettverk,

større fagmiljø med faggrupper, fagleg nettverk på mange av dei fagfelta ein elles har måtta

handtera åleine, større kompetanse, fleire medarbeidarar, hyggelege nye kollegaer, kjekke faglege

samlingar, personalmøte der ein vert betre kjent med kollegaene sine arbeidsplassar. Fleire å

rådføra seg med når ein skal skriva søknadar og liknande.”

Gjennom konsolideringar har mange museum oppnådd eit tettare fagleg fellesskap innanfor den

konsoliderte eininga. Likevel er det avgjerande å også søkja fagleg samarbeid utanfor si eiga eining.

Det er oppretta ei rekkje nasjonale faglege nettverk, og musea i Hordaland deltek aktivt i desse.

Museum Vest har nasjonalt nettverksansvar for fagområdet fiskeri og kystkultur. Fleire museum er

også med i internasjonale fagnettverk.

Det mest konkrete samarbeidsprosjektet på tvers av musea i Hordaland, er opprettinga av Bevaringstenestene.

Dette er ei fellesteneste for alle dei konsoliderte musea i fylket, og vert driven av Museumssenteret

i Hordaland, på Salhus, som er regionmuseum for Nordhordland. Dei konsoliderte musea har

alle gjort avtale om å gjera seg nytte av desse fellestenestene som gjeld magasinering av gjenstandar

av særleg regional verdi. Magasina her begrensingar som gjer at ein ikkje kan ta imot gjenstandar over

ein viss storleik. Tenesta er såleis ikkje høveleg for til dømes større industrigjenstandar. Kunstverk i

26

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!