27.11.2012 Views

Samfunnsviteren nr. 3-2010 - Samfunnsviterne

Samfunnsviteren nr. 3-2010 - Samfunnsviterne

Samfunnsviteren nr. 3-2010 - Samfunnsviterne

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

TEMA: STATUS ANNO 2010

for. Men avgjerda var ikkje så vanskeleg

å ta. Eg skjønte jo at spørsmålet om å

verte politisk rådgjevar i regjeringa ikkje

er eit spørsmål eg kom til å få igjen

seinare om eg sa nei. Som journalist

kan ein ha innflytelse på dagsorden.

Som politikar kan ein ha meir direkte

innflytelse på politiske avgjerdar.

- Kvifor er innflytelse så viktig for deg?

- Innflytelse er viktig for alle som vil

gjere ein forskjell.

Kirke-, utdannings- og

forskingskomiteen

Kvardagen til Hadia Tajik handlar

om politikk frå morgon til kveld. Ho

understrekar at ho trivast og fortel

entusiastisk at ho sit i Kirke-, utdannings-

og forskingskomiteen, ein komite

ho spesifikt hadde ynskje om å kome

inn i og som handsamar eit felt ho er

oppteken av.

- Utdanning er superviktig! Då meiner

eg både for enkeltmenneske og for

samfunnet. Kunnskap er grunnlaget

for menneskerettane, demokratiet og

sjølvrespekten. Kunnskap er, slik eg

ser det, rota til alt godt.

- Har du nokon kampsaker i komiteen?

- Ja, ein av mine kjepphestar er å få inn

fleire folk i støttefunksjonane i grunnskulen

slik at lærarane kan gjere det

dei skal, nemleg undervise og overføre

kunnskap. I dag brukar ein lærar altfor

mykje tid på funksjonar som sosionomar,

psykologar og andre kan gjere.

Som journalist og politikar har Tajik stått

fram som ein av dei som er oppteken

av kvinner og kvinners rettar. På

heimesida si skriv ho at dette er ein av

hennar store hjartesaker.

- Veit du at på rekka med bilete over

dei som har leda utanrikskomiteen her

på Stortinget er der ei kvinne. Berre ei!

Kva fortel ikkje det som eit land som

hevdar å vere eit av dei meste likestilte

i verda?

Utan å vente på svar fortset Tajik med

ei tirade som handlar rettane til kvinner

frå etniske kulturar, vold og voldtekter

norske kvinner opplever i heimen, og til

jenter som leiker med Barbiedokker og

har som mål i livet å likne på disse når

dei veks til.

- Problemet her heime, seier ho, er at vi

trur vi er likestilte. Det er farlig.

På talarstolen og ut i regnet

Sjølv om Hadia Tajik ennå offisielt har

sumarferie har ho starta å jobbe. Ho

ramsar opp neste vekes aktivitetar som

inneheld opning av diverse universitet

utan at det ser ut til å sette ho ut. Også

desse offentlige oppgåvene har ho

etterkvart erfaring i.

- Det var ikkje fritt for at eg var nervøs

fyrste gongen eg skulle på Stortingets

talarstol, seier ho. - Sidan eg alltid har

vore oppteken av retorikk, hadde eg

jobba og jobba meg gjennom det eg

skulle seie. Det er litt psyko å vite at

alt ein seier vert skrive ned ordrett og

lagra for all framtida, det gjer nok at eg

framleis er litt vel pirkete med ordlyden i

det eg skal seie.

- I tillegg til makt har politikarlivet gjort

deg til kjendis, er du komfortabel med

det?

- Kjendis? Ja, eg vert innimellom

gjenkjent på gata og det kan eg godt

leve med. Oftast er folk svært hyggelege,

men av og til har hensiktene vore

negative. Då er det ikkje så kjekt.

Side 14 • TIDSSKRIFT FOR SAMFUNNSVITERNE 3 - 2010

- Har du eksempel på negative utrop?

- Tja, det kan gå på etnisitet, kvinnediskriminerande

utsegn og at eg har

kome for lett til makta. Eg tenkjer at

når ein opplever gode ting vil det alltid

vere nokon som prøver å finne andre

grunner til kvifor ein har klart seg så

bra, enn at ein faktisk dug. Det får dei

no berre halde på med. Eg er gjerne

audmjuk på kva eg har fått til, men eg

ser ingen grunn til å ha dårlig sjølvtillit.

Lottomillionærhumor

Halvannan time går mot slutten. Hadia

Tajik har spist sitt rundstykke utan å

smule, tatt av bordet og betalt for oss

begge. Igjen litt flinkis. Så smiler ho:

Kan du ikkje seie det ein gong til. Kvifor

eg vart intervjua?

- Fordi du er kåra til ei av dei viktigaste

samfunnsvitarar/humansitar i landet.

- Hæ? Eg forstår det liksom ikkje.

- Du er kåra til ein av dei viktigaste i

landet i vår utdanningsgruppe.

- He, he…, Hadia Tajik bryt ut i latter.

– Har du sett den lotto-reklama, du

veit den reklama der han innvandraren

spør om igjen og om igjen kor mykje

han har vunne? Eg prøvde meg på ein

liknande vri. Sjølv om ein må ta alle

slike kåringar med ei klype salt er det

kjekt for meg å høyre kor viktig nokon

synes eg er - fleire gongar.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!