12.08.2019 Views

Bruk Bibelen: Bibelleik (nn)

Bruk Bibelen: Bibelleik (nynorsk)

Bruk Bibelen: Bibelleik (nynorsk)

SHOW MORE
SHOW LESS

Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!

Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.

BRUK BIBELEN

Bibelleik

Visdommen hos Gud då

jorda vart skapt:

Eg var byggmeister hos han.

Eg var til glede for han dag etter dag og leika

meg støtt for hans andlet.

Eg leika på hans vide jord og gledde meg med

menneska.

Salomos ordtak 8,30–31

2

© Bibelselskapet 2015

ISBN 978-82-541-0905-2

Omslagsfoto: Torstein Ihle

Design: Åsmund Sand

Sats: Ole Arnøy

Trykk: Strålfors

Bibelleik

Det syd og kokar i heile rommet. Nokon reknar

auga på terningen og spring for å finna neste oppgåve.

Andre har funne si, les bibelverset, fordeler

kven som hugsar kva,mumlar halvhøgt. Dei veit at

det er vanskeleg å hugsa både bibelstad og bibelvers

etter at ein har stått ei stund i kø og venta på å

få gje det rette svaret. Ein er avhengig av kvarandre.

Så ein mumlar verset om att og om att til det blir

turen til gruppa til å visa leiaren kva ein kan.

Mål: Å hugsa bibeltekster,

bibelforteljingar og bibelske

bøker på ein morosam måte.

Tid: Frå nokre minutt til

1 1⁄2 time, avhengig av

leiken.

Stad: Kvar som helst,

kanskje enklast å ha det

innandørs.

Tal på personar: Frå ein til

mange, avhengig av leiken.

Kven gjer kva:

Leiaren set seg inn i leiken på

førehand og styrer gjennomføringa.

3

Korleis gjer vi det?

Alle born leikar. I Guds rike er vi alle born. Leiken hentar

opp noko av det inste i oss,samtidig som han gjev oss lov

til å stå utanfor og sjå oss sjølve. «Det er berre på leik.»

Ikkje så alvorleg. Og likevel er det slik born lærer å forstå

verda. Kanskje er det slik vi kan leika oss inn i hjartet av

Bibelen?

Det finst mange leikar der vi kan bruka Bibelen på ein eller

annan måte. Set i gang assosiasjonane sjølv! Vi treng leikar

for både store og små. Desse forslaga i heftet er meinte for

store. Men tips gjerne idébanken vår gjennom

nettredaksjonen@bibel.no så kan andre finna ideen din på

bibel.no/bruk-bibelen.

Foto: Det Tjekkiske Bibelselskap

4

Forslag til leikar:

Førstemann til femti

I «Førstemann til femti» er det grupper på to-tre som konkurrerer

om å koma først til oppgåve nummer femti. Det

kan vera mange grupper. Leiaren set opp oppgåvene på

veggen på førehand.

Kvar oppgåve inneheld eit bibelsitat med tilvising.

Oppgåva er nummerert (1,2,3 osb). Pass på at bibelsitatet

ikkje blir for langt og for vanskeleg å hugsa. Dei nummererte

oppgåvene er hengde opp vilkårleg rundt omkring i

rommet.

Leiaren har ein terning og fasiten.

Etter tur trillar kvart lag terningen ein gong, og leitar etter

oppgåva med nummeret som svarar til auga på terningen

(t.d. viss gruppa fekk 4, leitar dei etter oppgåve nr 4).

Gruppa memorerer bibelstaden: Dei skal hugsa oppgåvenummeret

(t.d. 4), bibelverset ordrett (t.d. Alt de vil at

andre skal gjera mot dykk,skal de òg gjera mot dei) og bibeltilvisinga

(Matteus 7,12).

Gruppa kjem attende til leiaren for å visa at dei hugsar rett.

Dei seier oppgåvenummer, bibeltekst og tilvising. Er det

korrekt, får dei slå terningen på nytt. Legg til det nye talet

på auge til talet gruppa hadde frå før, og gå til oppgåva som

svarar til det samanlagde talet (t.d. viss gruppa kom frå

oppgåve nr 4, og slo 3 auge på terningen: 4+3=7,gruppa går

5

vidare til oppgåve nr 7).

Viss gruppa ikkje hugsar rett,må dei attende til den oppgåva

dei ikkje greidde å læra seg.

Viss det er mange grupper,må dei stilla seg i kø og venta på

sin tur til å gje svaret sitt. Det er krevjande – då lyt ein halda

bibelverset ved like.

Den gruppa som kjem først til femti, har vunne.

Er det mange grupper, kan det halda med å gjera leiken til

«Førstemann til tjuefem».

Sjå nettsida bibel.no/bruk-bibelen for forslag til bibeltekster, eller

finn dine eigne på bibel.no. Det går også an å bruka tekstene frå bibelkrukka

«På jakt etter Ordet» (kan kjøpast på bibel.no/bibelkort).

Pass på at leiaren har ein fasit.

Foto: Det Tjekkiske Bibelselskap

6

Bibelbøkene som ringleik

Til denne leiken passar det å vera 27 eller færre. Leiken er

godt eigna for born eller ungdom.

Alle sit i ring. Kvar får si bibelske bok frå Matteus og

utover. Alle kjem i same rytme ved å slå seg på låret (1),

deretter hendene saman (2), høgre handa opp (3), venstre

handa opp (4).

Leiaren, dvs. Matteus, byrjar. Han/ho seier namnet på si

bok i rytme (3) og namnet på neste bok i rytme (4). Slik

held ein fram til nokon gjer feil. Den som gjer feil,set seg i

enden av ringen, og alle flytter ein plass/ei bok fram.

Dermed får ein ei ny bok som sitt førstenamn.

7

Mimekonkurranse

Her kan ein vera frå tre personar til nokså mange.

Ein deltakar får i oppgåve å mima ei bibelsk forteljing.

Den som gjettar rett,mimar neste oppgåve. Leiken kan òg

brukast som lagkonkurranse.

Aktuelle forteljingar kan vera:

· Jesus blir fødd i Betlehem

· Englane syng for gjetarane

· Dei tre vismennene gjev

gåvene sine til Jesusbarnet

· Flukta til Egypt

· Jesus blir døypt

· Jesus kallar Peter

· Brødunderet

· Jesus stiller stormen

· Peter går på vatnet

· Jesus velsignar borna

· Jesus lækjer den lamme

(som vart firt ned frå taket)

· Jesus lækjer dei ti spedalske

· Jesus og kvinna ved

brønnen

· Jesus hos Marta og Maria

· Peters fiskefangst

· Jesus blir krossfest

· Jesus står opp

· Jesus blir teken opp til

himmelen

· Anden blir gjeven på

pinsedagen

· Saulus ved Damaskus

8

Teiknestafett

Denne leiken eignar seg for mange og ulike aldersgrupper.

Forsamlinga blir delt inn i fleire lag. Ein frå kvart lag får av

leiaren vita ei forteljing som deltakaren freistar å teikna.

Dei andre på laget freistar å gjetta. Den som gjettar rett,

fortel svaret til leiaren og får ei ny oppgåve.

Sjå Mimekonkurranse for aktuelle forteljingar.

Kva for ord manglar?

Denne leiken kan ha frå to deltakarar til svært mange. Han

eignar seg for alle aldersgrupper som kan lesa,men oppgåvene

må tilpassast.

Vel bibeltekst(er) ut frå målgruppa. Vel enkelt om det er

folk som ikkje er velkjende med Bibelen, litt meir avansert

om dei har vore bibellesarar i årevis.

Fjern eit ord her og der i versa, lag mellomrom som kan

fyllast ut.

Kom i hug å laga ein fasit!

Ein konkurranse som er lett å bruka på både torg og gater, i

kyrkjer og gudshus, på leirstader og i heimane.

9

Nokre døme:

For så ........ Gud …….. at han gav Son sin, den ……..,så kvar den

som …….. på han, ikkje skal gå ……..,men ha evig ……...

(Du finn teksta i Johannes 3,16)

Be,så skal de ……. Leit,så skal de ………. Bank på,så skal det

……….. opp for dykk. For kvar den som bed, han ………; og den

som leitar, han ……….., og den som bankar på,skal det …………

opp for.

(Du finn teksta i Matteus 7,7–8)

Den som høyrer desse ………..mine og gjer det dei seier, liknar

ein klok mann som bygde ………….sitt på …………. . Regnet silte,

elvane fløymde, og vindane bles og slo mot ………… . Men det

fall ikkje, for det var tufta på ………… . Men den som høyrer

desse ………… mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein

uforstandig mann som bygde …………….sitt på …………. . Regnet

silte, elvene fløymde, og vindane bles og slo mot ………… . Då

fall det, og fallet var ………… .

10

(Du finn teksta i Matteus 7,24–27)

Fasit:

Johannes 3,16

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne,så

kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt,men ha evig

liv.

Matteus 7,7–8

Be,så skal de få. Leit,så skal de finna. Bank på,så skal det

latast opp for dykk. For kvar den som bed, han får; og den

som leitar, han finn, og den som bankar på,skal det latast

opp for.

Matteus 7,24–27

Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar

ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. Regnet silte,

elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det

fall ikkje, for det var tufta på fjell. Men den som høyrer desse

orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig

mann som bygde huset sitt på sand. Regnet silte, elvene

fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det,

og fallet var stort.

Oppgåveark med illustrasjonar,sjå bibel.no/bruk-bibelen.

11

Leik er også bibelsk visdom!

I heftet finn du:

· Korleis gjer vi det?

· Førstemann til femti

· Bibelbøkene som ringleik

· Mimekonkurranse

· Teiknestafett

· Kva for ord manglar?

ISBN 978-82-541-0905-2

Bibelen open for alle

9 788254 109052

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!