12.08.2019 Views

Bruk Bibelen: Filmkveld (nn)

Bruk Bibelen: Filmkveld - nynorsk

Bruk Bibelen: Filmkveld - nynorsk

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

BRUK BIBELEN

Filmkveld

Eg vil opna munnen og tala

i bilete, la gåter frå gammal tid

strøyma fram.

Salme 78,2

2

© Bibelselskapet 2015

ISBN 978-82-541-0896-3

Omslagsfoto: Filmplakat med tillatelse

Design: Åsmund Sand

Sats: Ole Arnøy

Trykk: Strålfors

Filmkveld

Kjenn kor fint det er å sitja saman og sjå historia bli

fortald. Høyr kva dei andre synest om filmen når

han er slutt. Det er som om fimen surrar på nytt

inne i hovudet ditt, bileta blir tydelegare og du får

deg kanskje ei aha-oppleving? For har ikkje alle

vore med på ei forteljing som rører ved oss – ved

auga, øyra, hjarta? – ei forteljing som rører ved

viktige spørsmål om livet og røyndomen?

Kva med den store forteljinga i Bibelen i møte med

filmforteljinga?

Mål: Å gje små og store

filmentusiastar reiskapar til å

møta filmforteljingar med

både «hovud og hjarte».

Byggje bru frå filmens verd til

Bibelens verd.

Tid: Så lenge filmen varar,

med samtale etterpå.

Stad: Gjerne ein stad med

høve til å sjå på stor skjerm.

Tal på personar: Plassen

avgrensar talet.

Kven gjer kva:

Samtala etter filmen er

leiarstyrt.

3

Korleis gjer vi det?

Lat deg inspirera av ein filmkveld! I heftet finn du eksempel

på ein filmkveld rundt Om guder og mennesker

(2010). Under bibel.no/bruk-bibelen finn du opplegg til

fire filmar som alle illustrerer sentrale bibelske tema:

A Walk to Remember (2002)

Hawaii, Oslo (2004)

Legenden om Narnia – Løven, heksa og klesskapet (2005)

Om guder og mennesker (2010)

Til kvar av filmane finn du eit opplegg i to delar:

Flyer til utdeling til deltakarane,med fakta om filmen, eit

stutt samandrag og forslag til samtalespørsmål.

Introduksjonsark til leiaren med tips til gjennomføring av

kvelden,meir bakgrunn om filmen og tankar om korleis

ein kan leia oppsummeringa av samtala,med forslag til bibeltilvisingar.

På neste sida finn du opplegget til filmen Om guder og

mennesker.

Utskriftsvenleg utgåve av dette opplegget samt av

tilsvarande opplegg til dei andre tre filmane finn du på

damaris.no/filmkveld og bibel.no/bruk-bibelen.

4

Til deltakarane

Om guder og mennesker (originaltittel Des Hommes et Des

Dieux) er ein fransk dramafilm frå 2010,regissert av Xavier

Beauvois og med Lambert Wilson og Michael Lonsdale i

hovudrollene. Filmen byggjer på ei sann historie frå 1996,

då trappistmunkar i eit kloster i Algerie vart utsette for

overgrep av valdelege jihadistar. Omstenda rundt kidnappinga

og drapa er framleis ukjende,men heller enn å spekulera

i dette,set filmen fokus på kva som fekk munkane til å

bli verande i klosteret etter at uroa hadde starta.

I tillegg til å bli vald til fransk Oscar-kandidat og få to prisar

i Cannes i 2010, fekk filmen den økumeniske

Andreasprisen i Haugesund det same året. I grunngjevinga

heitte det mellom anna: «Filmen utforskar religiøs,

politisk og humanistisk overbevising på eit fascinerande

og tankemedrivande vis. Regissøren spekulerer aldri i det

dramatiske emnet,men byggjer filmen opp i tråd med miljøet

han skildrar. Han er med andre ord meditativ,utan å bli

kjedeleg. Filmen har både godt skodespel, framragande

fotografering og effektiv bruk av musikk. Om guder og

mennesker krinsar rundt det store spørsmålet om kva vi som

menneske er meint å vere. Kva er eit livskall? Kva er vi

villige til å ofre?»

(http://www.vl.no/kultur/sterk-film-om-gudstru-1.75625)

5

Ein film er som eit djupt hav

Overflata - Du ser filmen som underhaldning

Mellomsjiktet - Du ser at regissøren har ein bodskap som går

lenger enn underhaldninga

Djupet - Du oppdagar spor av livssyn i filmen

Spørsmål til samtale

1. Kva i filmen gjorde sterkast inntrykk på deg - og kvifor?

2. Filmmusikken består i all hovudsak av munkane sjølve

som syng. Korleis påverkar dette opplevinga av filmforteljinga?

Som kontrast til dette blir Tsjajkovskijs Svanesjøen

spela i ei sentral måltidsscene. Korleis pregar musikken

denne scena?

3. Den indre kampen munkane har med kall, oppleving av

ansvar og ønske om tryggleik står sentralt i filmen.

Kor truverdig synest du skildringa er? Gje gjerne døme.

4. Filmen gjev eit sterkt bilete av nestekjærleik utan atterhald,respekt

for verdet til alle menneske og valet av

martyriet. Korleis utfordrar dette oss?

5. Korleis blir møtet mellom kristen tru og islam skildra i

denne filmen? Kva tenkjer du om dette?

6

7

8

Til leiaren

Sjekk tillatinga Hugs å sjekka at de har tillating til å visa

filmen. Har forsamlinga lisens hos f.eks. MPLC Norge? Sjå

www.damaris.no/filmkveld for retningsliner.

Skap atmosfære i lokalet Ved å la filmplakaten til Om

guder og mennesker møta deltakarane frå lerretet når dei

kjem inn, er fokus med det same sett for kvelden. Ha gjerne

snacks og deltakarark tilgjengelege frå starten. Bruk elles

kreativiteten for å skapa meir av «den rette stemninga».

Velkomst og introduksjon Sei kort kva som er tanken

med denne filmkvelden. Ta gjerne utgangspunkt i «havmetaforen»

(Sjå ark til utdeling), og vektlegg at alle filmar

vil noko meir enn «berre» å underhalda oss. I respekt for

filmkunsten er det viktig å møta alle filmar med både

«hovud og hjarte» og byggja ei bru frå forteljinga i filmen til

forteljinga i Bibelen. Kva kan stadfestast i filmforteljinga

– og kva må eventuelt utfordrast frå eit bibelsk perspektiv?

Sei også noko om at meininga med denne filmkvelden er å

oppmuntra til å utforska dei bibelske tema som kjem fram

i Om guder og mennesker.

Sei kort noko om handlinga i denne halvdokumentariske

spelefilmen,som skildrar ei helt spesiell historie i eit

trappistkloster i Algerie. Relater til utdelt ark.

Fortel kor lenge de skal halda på, og korleis de skal samanfatta

kvelden.

Snurr film Vi tilrår å visa filmen i sin heilskap først, og

eventuelt visa nokre av scenene om att etterpå som ein del

av samtala. Hugs å notera tidspunkt undervegs viss du vil

spela bestemte scener om att.

Samtal om filmen Start gjerne samtala med å understreka

at det er mange måtar å samtala om ein film på, og at

poenget her er å gripa tak i nokre av dei bibelske tema som

filmen tek opp.

Merk: Viss de er mange, kan det vera ein fordel å dela inn i

grupper. Ta uansett ei oppsummering i fellesskap. Viss de

ikkje har tid til å gå gjennom alle svara frå alle gruppene,

kan kvar gruppe presentera eit spørsmål kvar. Ei anna

løysing er å la kvar gruppe fortelja kva for eit spørsmål dei

syntest var mest interessant, og kva dei tenkte rundt dette.

Foto: Tim Reckmann / pixelio.de

9

Tips til spørsmåla:

1. Viktig at flest mogleg får setja ord på kjenslene sine etter

å ha sett filmen.

2. Den liturgiske songen til munkane fungerer både som

pulsslag og som grunntone. Kontrasten er stor til både

latter og tårer under den vakre måltidsscena der Svanesjøen

blir spela.

3. Her kan vi særleg nemna dei følgjande scenene: Leiaren

til munkane, Christian; den travle - men sjuke - legen Luc;

samt den undervegs tvilande Christophe.

4. Her kan samtala med fordel ta utgangspunkt i bibelstader

som Fil 2,5, Apg 5,29 og 1 Pet 3,8-17.

5. Dette trusmøtet har ulike dimensjonar:naboskap,

venskap, diakoni, fromleik, overtydingar.

Avslutting Mot slutten av oppsummeringa kan du som

leiar også fortelja kort kva du personleg meiner var det

viktigaste/ mest sentrale/ interessante ved filmen.

Slutt gjerne av med å knyta attende til innleiinga av filmkvelden:

(a) Film er meir enn underhaldning,noko som

vårt møte med Om guder og mennesker har illustrert. (b) Det

sterke møtet med trushistoria til trappistmunkane illustrerer

på ein særleg måte kallet i Fil 2,5: «Lat det same

sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!»

10

Om filmane

Dei fire filmane som blir føreslegne til filmkveldar, er alle

livsnære forteljingar som eignar seg til samtale om sentrale

bibelske tema.

Legenden om Narnia – Løven, heksa og

klesskapet (familie)

- er filmatiseringa av C.S.

Lewis´ andre og mest kjende

bok i Narniaserien.

Filmen er eit godt døme på

ein film som gjev eit heilskapleg

bibelsk bilete. Dei

fire syskena Pevensie må

evakuera frå London under

den andre verdskrigen, og i

det gamle huset der dei bur,

kjem åtteåringen Lucy over

eit mystisk klesskåp. Inne i

skåpet finst inngangen til

det snødekte landet Narnia, der det alltid er vinter og aldri

blir jul. Narnia blir styrt av den vonde Heksa Kvit, og kan

berre bergast av dei fire borna i samarbeid med løva Aslan,

som innbyggjarane i Narnia berre kjenner gjennom profetiar

om han. Heile historia er laga for å fortelja born om

bodskapen i påska om ein Frelsar som ofrar livet sitt, og her

11

12

er det berre å boltra seg i bibeltilvisingar. Vi har gjeve tips

om nokre innfallsvinklar,men tilknytingspunkta både til

eigne liv og til Bibelen er så mange at filmen gjerne kan

brukast over fleire samlingar. Men dette opplegget er tilpassa

ei samling.

Du finn opplegg for leiar og deltakarar på

bibel.no/bruk-bibelen

Hawaii, Oslo (tenåringar/vaksne)

vev i hop fem historier om kjærleik og fortel om drivkrafta

bak handlingane som karakterane gjer. Desperasjon, einsemd,

von, draumar,nestekjærleik;

kva blir viktigast

når historia spissar seg til?

Midt i dette møter vi pleiaren

Vidar,som har klåre

drag frå biletet Bibelen målar

av Jesus. Han møter

menneske i naud, han lyttar,

han veit ting om dei

som ingen andre veit, han

handlar ikkje alltid etter det

andre ventar av han,men

etter det han ser er best for

dei i det lange løp. Filmen

kulminerer i ei dramatisk hending der alle karakterane møtest

i eit vegkryss, og ein får inntrykk av at Vidar til slutt

ofrar livet sitt for å berga venen sin. Hawaii, Oslo er klårt

inspirert av kristne verdiar, og manusforfattar Harald

Rosenløw Eeg har lagd inn tallause referansar til bibelstoff,

både tydelege og meir tildekte.

Du finn opplegg for leiar og deltakarar på

bibel.no/bruk-bibelen

A Walk to Remember (tenåringar)

- er på mange måtar ei atypisk kjærleikshistorie i vår samtid.

Filmen søkjer å formidla kjærleik som noko livsomskapande,som

meir enn forelsking

og romantikk.

Samtidig står tema som

identitet, forventingspress,

meining og tru sentralt. Dei

bibelske undertonane er

mange, og sitata frå

Salomos Høgsong leivar

ikkje tvil om kvar ekte kjærleik

har røtene sine. Via den

kvinnelege hovudpersonen

Jamie møter vi ein

ungdom som lever «motstraums».

Pastordottera,

som les Bibelen og er skulens

nerd, er langt frå noko som den mest populære guten

13

på skulen, Landon, ville falla for. Men når Landon får til

straff å vera med på skuleteateret og vera frivillig leksehjelp,møtest

dei to – og det slår uventa gneister mellom

dei. Men Jamie ber på ein løyndom som gjer at ho i det

lengste freistar å unngå Landon.

Du finn opplegg for leiar og deltakarar på

bibel.no/bruk-bibelen

14

Om guder og mennesker

(eldre ungdommar/vaksne)

- er ein sterk film om gudstru. Inn i ei samtid prega av religiøse

konfliktar, ikkje minst

mellom kristne og muslimar,står

denne filmen som

eit tydeleg apropos med si

vektlegging av nestekjærleik

utan atterhald og

respekt for trua til den

andre. Filmen byggjer på ei

sann historie frå 1996, då

trappistmunkar i eit kloster

i Algerie vart utsette for

overgrep av valdelege jihadistar.

Vi kjem tett på deira

indre kamp med spørsmå-

let om å bli verande i klosteret og dermed framleis vera til

hjelp for det muslimske folket der, eller flykta frå dødsfaren.

Rytmen i klosterlivet pregar filmforteljinga, og handlinga

krinsar rundt det store spørsmålet om kva vi som

menneske er meinte å vera. Kva er eit livskall – og kva er vi

villige til å ofra?

Du finn opplegg for leiar og deltakarar på

bibel.no/bruk-bibelen

I samarbeid med Bibelselskapet

15

La deg inspirere av en filmkveld!

Under bibel.no/bruk-bibelen finn du

opplegg til fire filmar som alle illustrerer

sentrale bibelske tema:

A Walk to Remember (2002),

Hawaii, Oslo (2004),

Legenden om Narnia – Løven, heksa og klesskapet

(2005),

Om guder og mennesker (2010)

I heftet finn du:

• Korleis gjer vi det?

• Til deltakarane

• Spørsmål til samtale

• Til leiaren

• Om filmane

ISBN 978-82-541-0896-3

Bibelen open for alle

9 788254 108963

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!