11.01.2013 Views

Humanoider - Nysgjerrigper

Humanoider - Nysgjerrigper

Humanoider - Nysgjerrigper

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

FOTO: GV-PRESS

Når trur du edderkoppane lærte å spinne? Nokre

meiner dei små krypa kunne lage trådar alt mange

millionar år før jorda såg sin første dinosaur.

TEKST: INGRID SPILDE

Spinne,spinne

For ei stund sidan fann forskarane eit nydeleg avtrykk av eit

lite edderkoppdyr som døydde for 300 millionar år sidan. Då

paleontologane kikka på åttebeiningen i mikroskopet, oppdaga

dei at han hadde rader av små humpar like ved dei bakarste

beina. Dei rare knottane likna mistenkjeleg på spinn-vortene

som dagens edderkoppar bruker til å lage silke. Men forskarane

er ikkje heilt sikre. Kanskje dei gamle edderkoppdyra brukte

humpane til noko heilt anna?

Silke frå tidlege tider

Den eldste edderkopptråden i verda

er 130 millionar år gammal, og ligg

inne i ein klump med rav. Rav er

gjennomsiktige, gule smykkesteinar

av forsteina kvae som ein gong pipla

ut av stammen på forhistoriske tre.

For lenge sidan velta tilfeldigvis

ein slik drope med seig saft over

spindelvevet til ein edderkopp, og

hermetiserte litt av silken for all æve.

Tråden er så godt bevart at ein kan

sjå dei bitte små dropane med klister

som skulle få insekt til å sitje fast.

Men den eldgamle silkesnora er ung

i forhold til dei første edderkoppane.

Dei kravla rundt for over 400 millionar

år sidan, lenge før dei første dinosaurane

sette sine bein på kloden.

Les mer om edderkopper

på nysgjerrigper.no

Silkesnor fra edderkopp – sett gjennom

ei svært sterk lupe. FOTO: SPL/GV-PRESS

spinne, spinne nysgjerrigper – 2-2006, 13. årgang

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!