04.06.2013 Views

nordmenn og nazismen - Fortid

nordmenn og nazismen - Fortid

nordmenn og nazismen - Fortid

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

vil avhenge av kompliserte tileignings- og tolkingsprosessar

der resultatet ikkje er gjeve på førehand.

Å sjå historia som lærestykke inneber å leggje hovudvekta

på dei normative, moralske og oppsedande funksjonane.

Dette er ein sentral funksjon for historia i utdanningsvesenet,

men er sjeldan ope til stades i kommersiell historiebruk.

Andre former for instrumentell historiebruk vil i

regelen ha innebygd meir eller mindre opne vurderingar

av kva som har vore godt, ettertraktingsverdig, rett og

edelt i høve til det vonde, range, foraktelege og skammelege.

Slike verdivurderingar vil òg vere nedfelte i freistnader

på å bruke historia til å skape orden og meining i

tilveret. Verdiar og normative vurderingar vil såleis ikkje

berre leggje føringar for korleis historia blir forstått, tolka

og brukt, historiebruken vil òg gjerne vere med å utdjupe

og forsterke normar og verdiar i samtida.

Fordi tilnærmingane til feltet er mangfaldige og har rot

i fleire ulike fag, er språkbruken innan feltet langt ifrå

eintydig og konsistent. Somme omgrep og tankemodellar

spring ut ifrå studiar av mentale og sosiale prosessar,

andre ut ifrå studiar av innhald og meining i ulike former

for kulturprodukt. Kulturelle prosessar, så også dei historiekulturelle,

inneber mentale operasjonar der kulturprodukt

med samansette teiknsystem og symbol skal forståast

og tolkast. For å forstå prosessane, må ein ikkje berre

kunne tolke teiknsystema, men også skjøne dei mentale

operasjonane som skaper meininga.

Henry Ford: Eit gründarsyn på historia

Eit døme på ein kjend historiebrukar og hans tilnærmingar

til historia kan gjere dette litt klarare. Dømet kan synast

uventa, for den amerikanske bilkongen Henry Ford

er mellom anna kjent i historikarkrinsar for utsegna ”history

is more or less bunk”; historie er i det store og heile

tullprat. Sitatet stod første gong på trykk i eit intervju i

Chicago Tribune 25. mai 1916, der Ford utdjupa synspunktet

sitt slik: ”Historie er tradisjon. Vi ønskjer ikkje

tradisjon. Vi ønskjer å leve i vår eiga tid, og den einaste

historia som er verd å bry seg med, er den vi skaper i dag.”

Uttalene var ikkje meint allment, men kom i samband

med ein diskusjon om USA skulle delta i første verdskrigen.

Likevel gjev sitatet eit fortetta uttrykk for det ein kan

kalle eit gründarsyn på historia. Gründaren ser seg sjølv

som eit handlingsmenneske med hovudoppgåve å forme

og føre verda omkring seg dit ho enno ikkje er. I ei verd i

rask endring er det er viktigare å kunne bryte med fortida

enn å lære av henne, og historia er irrelevant som grunnlag

for viktige avgjerder.

Når gründaren avviste tradisjonen, er det likevel uttrykk

for ein tenkemåte som grunnleggjande sett er historisk,

men som gjev samtida og framtida forrang framfor for-

fortid 2-2009 43

tida. Også den som ønskjer å sjå framover, ber likevel

med seg eit samansett utval meir eller mindre reflekterte

førestellingar, røynsler, verdiar og perspektiv frå fortida.

Menneskets handlingar blir meir prega av kvar dei vil enn

av kvar dei kjem frå hevda Jens Arup Seip. Som ei samanfatting

av det moderne menneskets sjølvforståing og vilje

er nok det rett. Men anten ein ser fortida som ressurs

eller hinder vil ho leggje kulturelle og mentale føringar

på korleis vi tolkar verda og freistar forme ho. Sagt med

andre ord vil vi alle vere berarar av ei eller anna form for

historiemedvit eller historieforståing, uavhengig av kva vi

sjølve meiner om det.

At ein mann med Henry Fords historieforståing grunnla

eit stort museum, er eit mindre paradoks enn det synest

ved første augekast. Museumsanlegga ligg i Dearborn

utanfor Detroit, og var frå først av ei idylliserande hylling

av ei førindustriell landsbygd og dei verdiane som Ford

meinte var knytt til ho. Framstillinga skulle òg tene eit

moralsk føremål med å vise korleis ei framtidsretta pionerånd

og god arbeidsdisiplin i fortida hadde ført verda

framover. Etter kvart kom fleire avdelingar til, slik at museet

kunne vise eit breitt bilete av det som museet sjølv

kallar ”The American Experience”.

Ei sentral avdeling er vigd til historia om transportmidla,

og eit berande formål med utstillingane er å vise ”menneska

og ideane som har nørt fantasien vår og endra liva

våre”, som det heiter på nettsidene til museet. Så vel utstillingane

av teknologiske nyvinningar som av amerikansk

daglegliv skulle såleis vise eit bilete av framgang og

vekst mot ei betre framtid, og av dei kreftene og ideala

som har bore fram denne utviklinga. Museet er såleis eit

resultat av ei formålsretta, medviten historieredigering, og

eit uttrykk for Fords eiga historieforståing. Samstundes

tente det til å heidre opphavsmannen i dobbeltrolla som

framtidsretta industripioner og som mesen og bevarar:

Museet vart eit monument over grunnleggjaren.

Fords tilhøve til historia vart såleis fleirfaldig. Han hadde

tankar om kvar han sjølv stod i ein historisk utviklingsgang,

han stødde arbeidet med å ta vare på materielle

minne om ei utvikling som hadde vore, og han brukte

gjerne fortida til å byggje opp under bestemte verdiar og

bodskapar. Gjennom dette var han òg med på å redigere

sitt eige ettermæle og gje retning til korleis ettertida skulle

forstå både han sjølv og det han stod for.

Det er likevel langt ifrå slik at alle dei som oppsøker musea

i Dearborn, brukar, forstår, og tolkar det dei finn der

på den måten opphavsmannen ønskte. Historiebrukarar

har ulike formål med og behov for å søke til historia, og

historia har funksjonar i kulturen som ikkje lèt seg utleie

av medvitne intensjonar. Historia, i dette tilfelle tilrettelagt

i eit museum, innbyr i det heile til ei rekkje forståingar

og tolkingar av ulik karakter, og historieforståing

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!