18.07.2013 Views

seminar 05.qxd

seminar 05.qxd

seminar 05.qxd

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

saman med dei danske landegrensene i mellomalderen,

mens distribusjon av skifrig sandstein frå Sverige fell saman

med dei svenske landegrensene (Carelli og Kresten

1997:124ff.).

Den ulike distribusjonen tyder på separate handelsregionar

(Carelli og Kresten 1997:126). Distribusjonen viser

òg at steinbrotsverksemda i Hyllestad har vore såpass godt

organisert, at ein allereie i vikingtid hadde etablert eit sterkt

kontaktnettverk for utførselen av kvernstein. Kanskje tyder

dette på at verksemda var leia av mektige stormenn som

hadde kapasitet og ressursar til å opprette så vidtrekkande

kontaktar. Eit tilsvarande kontaktnett for sandsteinen i

Sverige kan ha gjort det vanskelegare for hyllestadsteinen å

komme seg inn på denne marknaden.

Det er særleg i austlege delar av det mellomalderske Danmark

at vi finn hyllestadstein. Eit interessant aspekt som kan

vere vert å nemne i denne samanhengen, er at dette området

også ser ut til å ha vore hovudområdet for eksporten av

kleberkar frå Noreg til Sydskandinavia på slutten av 700talet

(Jensen 1990:126, Sindbæk 2004:104). Så, på tross av

kronologiske forskjellar (eksporten av kleber er noko eldre

enn eksporten av kvernstein) er det eit påfallande samanfall

mellom distribusjonen av hyllestadstein og det område der

kleberstein finst i størst mengde (Sindbæk 2004:104). Dette

kan kanskje tyde på at rotfesta kontaktmønstre faktisk var

avgjerande for distribusjonen av kvernstein frå Hyllestad

allereie frå byrjinga av.

Trass i den store kontakten mellom England og Noreg i

vikingtid og mellomalder, er det så langt ikkje teikn på at

hyllestadstein vart utført til England. I engelske tollrullar

frå mellomalderen er ikkje kvernstein nemnt som importprodukt

frå Noreg (Nedkvitne 1983). Arkeologiske funn i

sørlege delar av England har heller ikkje påvist hyllestadstein,

men derimot store mengder kvernstein av basaltlava

frå Rhin-området (Carelli og Kresten 1997:126, Parkhouse

1997).

10

ORGANISERING AV HANDELEN

Heile verksemda i Hyllestad, både produksjon og distribusjon

av dei ulike produkta, er altså av eit slikt omfang og av

ein slik karakter, at det mest sannsynleg måtte instansar med

makt og ressursar til for å organisere både arbeid, transport

og distribusjon. Undersøkingar kan tyde på at det var den

politiske eliten i samfunnet som eigde og kontrollerte denne

storstilte bergverksdrifta i Hyllestad. I mellomalderen var

det Munkeliv kloster i Bergen og dei lokale prestane i Hyllestad

og Øn som eigde gardane innafor steinbrotsområdet, og

som dermed sat med makta. I yngre jernalder er det mykje

som tyder på at lokale høvdingar rådde over verksemda

(Baug 2001:90ff.).

Kontroll over kysten må ha vore ein viktig føresetnad for

utviklinga av langdistansekontaktar. Det er naturleg å tenke

seg at dei same stormennene som truleg rådde over kvernsteinsproduksjonen,

òg har hatt kontroll over skipsleia, og

gjort utførselen av kvernstein mogleg. Etter reformasjonen

var skipsleia i dette området kontrollert av Losna-ætta. Vi

veit ikkje kor langt tilbake dette går. Tendensar i materialet

viser altså at godskonsentrasjonen ved Åfjorden, og dermed

òg kontrollen over området, kan gå langt tilbake i tid,

kanskje tilbake til vikingtid.

I vikingtid og tidleg mellomalder vart utanrikshandelen

stort sett drive av storbønder og jordeigarar (Nedkvitne

1983:22). Det var overklassen som hadde ressursar til å stille

med handelsskip. Det er difor ikkje usannsynleg at det var

godseigarane i Hyllestad som stod bak utførselen av kvernstein,

og at eksporten vart organisert direkte frå lokalområdet.

Den storstilte utførselen av hyllestadstein kan sporast tilbake

til slutten av 900-talet innafor danske område i

mellomalderen (Carelli og Kresten 1997:120), men det kan

vere verdt å merke seg at det eldste kvernsteinsfunnet faktisk

kan daterast til perioden mellom 600-800-talet (Kresten

& Melkerud 2001:2). Utførselen held fram i nyare tid, truleg

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!