26.07.2013 Views

pdf - 1,6 MB - Nova

pdf - 1,6 MB - Nova

pdf - 1,6 MB - Nova

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Barn som har vore utsette for omsorgssvikt

og ungdomsgrupper

med problemåtferd er nesten uuttømmelege

tema. Sjølv om dei

fleste barn i Noreg har relativt

trygge og gode oppvekstkår, er det

nokon som ikkje har det. Forståinga

av barns omsorgsbehov og av

problemåtferd endrar seg med

samfunnsutviklinga. Det trengst ei

stadig utvikling av kunnskapsgrunnlaget

for å kunne førebyggje

problemutvikling og for å kunne

leggje til rette høvelege tiltak. For

å forstå den situasjonen som barn

er i når dei har opplevd omsorgssvikt,

er det òg viktig å rette søkjeljoset

mot oppvekstkåra til alle

barn, og mot dei krav og vilkår

som foreldre møter i dag.

Gruppa har i 2000 arbeidd med 31

prosjekt. Prosjekta spenner frå dei

lovregulerte kjerneoppgåvene som

barnevernet har i tilknyting til mishandling,

omsorgssvikt og åtferdsvanskar,

og til ei utvida forståing

av den rolle og funksjon som barnevernet

har i samfunnet i dag,

medrekna kunnskap om dagleglivet

til «vanlege» barn. Arbeidet

med å få i gang eit strategisk instituttprogram

om barns oppvekstkår,

og eit større prosjekt om barns

levekår, vil slik vere med å styrkje

forskinga om dei mest utsette

barna.

Den faglege profilen i gruppa

spenner frå grunnforsking til utviklingsretta

prosjekt i samhandling

med barnevernfeltet. Gruppa

har eit utstrekt samarbeid med

andre forskingsmiljø innan barnevern,

både nasjonalt – med dei

regionale utviklingssentra til dømes

– og internasjonalt. Dei som er

med i gruppa har fagleg bakgrunn

i psykologi, pedagogikk, sosiologi,

sosialantropologi, rettssosiologi og

sosionomutdanning. Ein forskar

frå gruppa for ungdomsforsking

har vore prosjektmedarbeidar på

eit prosjekt i gruppa.

Gruppe for forsking og utviklingsarbeid

innan barne- og ungdomsvernet

MEDARBEIDARAR

Sturla Falck – forskar II / forskingsleiar

Agnes Andenæs – forskar II

Elisabeth Backe-Hansen – forskar II

Bente Brostrøm – prosjektleiar

Anne Kristin Bø – prosjektadministrator (til 15.01.)

Kikkan Ustvedt Christiansen – forskar II

Jona Hafdis Einarsson –prosjektleiar (til 31.08.)

Turid Vogt Grinde – forskar II / pensjonist

Nicole Hennum – forskar III / dr.gradsstipendiat

Kari Killén – forskar I

Trine Klette – prosjektmedarbeidar

Katrin Koch – psykolog (på kontraktbasis)

Ingela Kolfjord – forskar II (til 31.08.)

Svein Mossige – forskar II

Thomas Nordahl – forskar II

Karen Sofie Pettersen – dr.gradsstipendiat (kontorplass)

Mona Sandbæk – forskar II

Kåre Skollerud – forskingsassistent

Mari-Anne Sørlie – forskar III (permisjon til 31.12.02.)

Greta Undersrud – utviklingskonsulent (på kontraktbasis)

NOVA Årsmelding 2000 9

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!