26.07.2013 Views

pdf - 1,6 MB - Nova

pdf - 1,6 MB - Nova

pdf - 1,6 MB - Nova

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

3

NOVA Årsmelding 2000

Melding frå styret

Det er no fire og eit halvt år sidan NOVA vart oppretta gjennom ei samanslutning av fire sjølvstendige einingar.

Integrasjonsprosessen og etableringa av NOVA som eit einskapleg og samla institutt vert no sett på som

sluttført med godt resultat.

Omfanget av verksemda har vore på om lag same nivå som i dei seinaste åra. Talet på forskarårsverk i 2000 var

65,5 mot 66 året før. Av desse er 36,7 årsverk utførte av kvinner og 28,5 av menn. I tillegg var 11,5 årsverk

knytte til leiing, administrasjon og formidling. Ved utgangen av 2000 var i alt 95 personar knytte til instituttet.

Professor Magnus Rindal byrja 1. mai 2000 som ny direktør for NOVA. I dei første månadene av året fungerte

forskingsleiar Lars Gulbrandsen i direktørstillinga.

Basisløyvinga over statsbudsjettet i 2000 var på 18,837 millionar kroner. Justert for tekniske endringar er dette

om lag same beløp som året før. Basisløyvinga svara ved utgangen av året til 36 prosent av inntektene; dei

strategiske instituttprogramma svara til 8 prosent, grunnløyvinga til 28 prosent. Oppdragsinntektene og andre

inntekter svara til 32,622 millionar kroner, slik at dei samla inntektene vart 51,392 millionar kroner. Det

ordinære driftsresultatet for året vart eit underskot på 254.000 kroner.

For å tryggje kompetanseutviklinga for NOVAs seniorforskarar har styret vedteke ei ordning med studiepermisjon

for forskingsleiarar etter fullført åremålsperiode. Dette er gjeve tilbakeverkande kraft til 1998, og

rekneskapen er difor belasta med ein avsetnad på 1,1 millionar kroner som skal dekkje kostnadene ved dette.

Den samla rekneskapen er difor gjort opp med eit underskot på 1,354 millionar kroner. Avsetnaden er belasta

eigenkapitalen til NOVA. For å kunne oppretthalde og vidareutvikle den faglege kompetansen og for å kunne

opptre aktivt i forhold til formidling, har styret vedteke ein viss auke i prisen på forskingstenester. På grunn av

den kostnadseffektive drifta og den høge forskingseffektiviteten NOVA har, er prisane framleis mellom dei

lågaste for oppdragsforskingsinstitutt.

NOVA sin organisasjonsstruktur basert på seks forskingsgrupper er vidareført i 2000. Instituttet legg stor vekt

på å få til fagleg samarbeid og faglege synergiar mellom dei ulike faggruppene. Direktøren, forskingsleiarane

og kontorsjefen inngår i leiargruppa ved instituttet.

I 1999 vart det starta opp tre strategiske instituttprogram. Styret ser slike program som eit viktig fagleg verkemiddel

og vil arbeide for at ein større del av basisløyvinga til NOVA vert nytta til slike satsingar. Målsetjinga

med dei strategiske programma er å vidareutvikle kompetansen NOVA har innanfor kjerneområda sine,

samstundes som ein tilpassar kompetanseprofilen nye faglege utfordringar. Styret har vedteke eit nytt strategisk

instituttprogram innan generell barneforsking med oppstart i 2001.

Forskarstaben til NOVA har høg kompetanse. Talet på forskarar med forskar I-kompetanse (forskar med professorkompetanse)

er no 16 (medrekna 4 i bistilling). Av dei tilsette har 30 forskar II-kompetanse (1109). Det

var 4 som tok doktorgrad i 2000. Totalt har 25 forskarar i hovudstilling doktorgrad, mens 23 arbeider med

doktorgradsstudiar. Fleirtalet av desse studiane vert finansiert gjennom stipend frå Noregs forskingsråd, men

NOVA nyttar òg delar av grunnløyvinga til å delfinansiere doktorgradsarbeid. Midlar frå grunnløyvinga vert

likeins nytta til internasjonalt forskingssamarbeid og publisering.

I samband med overgangen til statens konsernkontoordning frå 1. oktober 1999, har Skattefuten i Oppland teke

over ansvaret som NOVA sin rekneskapssentral. Etter kvart som dei nye ordningane er falne på plass, ventar

ein seg store forenklingar og effektivitetsauke i den interne økonomistyringa.

NOVA har felles arbeidsmiljøutval med Institutt for samfunnsforsking. I 2000 vart det laga eit internkontrollsystem

for dei to institutta. Styret ser arbeidsmiljøet ved NOVA som godt. Sjukefråveret ved NOVA var 7

prosent.

Styret er godt nøgd med NOVA si faglege utvikling i 2000. NOVA står no fram som eit institutt med effektiv

og rasjonell drift og med ein stor forskingsproduksjon av høg fagleg kvalitet. Dette inntrykket vert også

stadfesta av den eksterne instituttevalueringa som nyleg er gjennomført.

3

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!