26.07.2013 Views

pdf - 1,6 MB - Nova

pdf - 1,6 MB - Nova

pdf - 1,6 MB - Nova

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Forskarane på NOVA heldt i løpet

av året innlegg på eit hundretal

konferansar og seminar. Nokre av

desse vart arrangerte av NOVA,

enten åleine eller i samarbeid med

andre forskingsmiljø eller offentlege

etatar. Nedanfor følgjer eit

utval av NOVA-relaterte

arrangement avvikla i 2000.

SEMINAR OG KONFERANSAR

«Til hvilken nytte?»

Konferanse om ungdom og førebygging

av tobakk-, alkohol- og

narkotikabruk. 23.–24. mars

Konferansen vart halden i regi av

Noregs forskingsråd på Soria

Moria konferansesenter i Oslo.

NOVA og HEMIL-senteret

(Senter for forsking om helsefremjande

arbeid, miljø og livsstil)

hadde det faglege ansvaret.

Både praktikarar, politikarar og

medarbeidarar frå offentlege etatar

og forskingsmiljø tok del i arrangementet,

der ein drøfta teoretiske,

metodiske, og politiske sider ved

det rusførebyggjande arbeidet.

«Når mor og far lever atskilt:

Foreldreansvar og samfunnsansvar»

Forskarseminar på NOVA

5. juni

Einslege forsørgjarar har i mange

år vore sett på som ei klientgruppe

i velferdsstaten, både innanfor

forskinga og i politikken. Dette

kjem mellom anna til uttrykk gjennom

at ordninga med barnebidrag

no er under politisk vurdering,

sameleis barnefordelinga når

foreldra bur kvar for seg. Med

seminaret ønskte instituttet å få

fram kunnskap om situasjonen til

foreldra og samarbeidet mellom

dei. Hovudinnleiarar på seminaret

var Jonathan Bradshaw frå York

universitet, Kari Moxnes frå

Noregs teknisk-naturvitskaplege

universitet (NTNU), Kirsten

Sandberg frå Universitetet i Oslo

og An-Magritt Jensen frå NTNU.

Bridget Penny frå Aleneforeldreforeningen

og Rune Harald

Rækken frå Foreningen 2 foreldre

heldt kommentarinnlegg.

«X. Nordiske sosialpolitiske

forskerseminar»

17.–19. august

17. august opna sosialminister

Guri Ingebrigtsen det tiande

nordiske sosialpolitiske forskarseminaret,

på Voksenåsen konferansehotell

i Oslo. NOVA stod

som vert for arrangementet, som

for lengst har etablert seg som eit

sentralt kontaktforum og ein møtestad

for nordiske sosialforskarar.

Temaet denne gongen var «aukande

sosial ulikskap». Konferansen

samla over hundre deltakarar.

Føredraga vil verte publiserte som

ei artikkelsamling i NOVAs

Rapportserie i 2001.

«European Network on

Transitions in Youth»

2.–5. september

Konferansen vart halden på

Voksenåsen konferansehotell i

Oslo. Av dei om lag 50 deltakarane,

deltok 22 med paper. Nettverket

har vore i aktivitet dei siste

seks åra, og fekk til å byrje med

økonomisk stønad frå European

Science Foundation. Samarbeidet

har ført til ei mengd med samanliknbare

europeiske studiar finansierte

av EU-kommisjonen, om

utdanning, sysselsetjing, arbeidsløyse

og overgangen skole–arbeid

blant ungdom. Deltakarane var

forskarar frå ulike universitet og

forskingsinstitutt frå heile Europa.

Forskar Torild Hammer frå

NOVA var ansvarleg for konferansen,

som i hovudsak vart finansiert

av Noregs forskingsråd. Ei

samling av innlegga på konferansen

er no gjeven ut som NOVA

Rapport 18/00.

«Helt i hundre …»

NOVA sitt bidrag under

Forskingsdagane

28. september

Som i dei to føregåande åra utfordra

NOVA ei skuleklasse frå ein

vidaregåande skule i Oslo til å

gjere ferdig eit forskingsprosjekt

på litt over ein månad. Den fulle

tittelen i 2000 var «Helt i

hundre… Om ungdoms holdninger

til forelskelse, flørt og kjærlighet».

Under rettleiing av forskarar frå

NOVA fekk elevane frå Oslo

Katedralskole ta del i forskingsprosessen

frå A til Å – frå utarbeiding

av spørjeskjema, intervjuing,

analysar av data og til

skriving av rapport. Prosjektet vart

avrunda med at elevane la fram

funna sine på Café Studenten midt

på Karl Johan i Oslo. Prosjektet

fekk mykje omtale i media.

«Ungdom og makt»

25. oktober

Denne konferansen vart skipa til i

Folkets Hus i Oslo av NOVA,

saman med Makt- og demokratiutgreiinga

og Landsrådet for

Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar.

Søkjeljoset vart retta

mot ungdom sin sviktande deltaking

i dei etablerte politiske institusjonane.

Er demokratiet i fare? Ser

vi nye og alternative former for

samfunnsdeltaking hjå dei unge i

dag? Det var nokre av dei sentrale

spørsmåla som vart stilte. Fleirtalet

av deltakarane på konferansen

var forskarar og politikarar og

medlemer av organisasjonar og

institusjonar som arbeider med

ungdomsfaglege og politiske

spørsmål.

«Fra visjon til virkelighet –

Buskungen»

14. november

Denne konferansen vart halden i

Drammen for å markere opninga

av ein database som NOVA har

utvikla i samarbeid med Fylkesmannen

i Buskerud. Gjennom ein

eigen nettstad kan ein leite seg

fram til ulike aktivitetstilbod i

fylket. Tilboda er retta mot barn,

unge og familiane deira. Ordninga

er førebels etablert i elleve kommunar,

og fleire vil kome til etter

kvart. Målgruppa for konferansen

var personar som arbeider med

barn og unge sine oppvekstvilkår i

kommunane, fylkeskommunen,

hjå fylkesmannen og i dei friviljuge

organisasjonane.

«Forum for forskning om

funksjonshemning»

Dette er eit nettverk danna på

initiativ av forskar Lars Grue ved

NOVA og avdelingsoverlege

NOVA Årsmelding 2000 35

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!