26.07.2013 Views

pdf - 1,6 MB - Nova

pdf - 1,6 MB - Nova

pdf - 1,6 MB - Nova

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Gruppe for forsking om offentleg politikk og levekår

Eit sentralt tiltak innanfor gruppa

er det strategiske instituttprogrammet

«Forsørgingskilder i et livsløps-

og generasjonsperspektiv».

På dette programmet vart det i

2000 tilsett ein doktorgradsstipendiat.

Det vart også utarbeidd eit

opplegg for ei omfattande nasjonal

intervjuundersøking som vert

gjennomført av Norsk Gallup dei

to første månadene i 2001. I forhold

til tilsvarande undersøkingar

som er gjort tidlegare, er det

denne gongen ei langt fyldigare

empirisk dekning av den utvekslinga

av finansiell og praktisk

hjelp som går føre seg mellom

ulike generasjonar innan familien.

Undersøkinga er meir enn før lagt

opp slik at det vert mogleg å gjere

samanlikningar med forsking i

andre land. Ho har òg fått eit

klarare kjønnsperspektiv.

Eit anna tema i gruppa er bustadpolitikk

og bustadkonsum. Her har

Noregs forskingsråd teke på seg

langsiktig finansiering av to prosjekt

gjennom programmet «Bolig

og levekår».

NOVA har spela ei sentral rolle i

evalueringa av kontantstøtteordninga,

både gjennom prosjekt

finansierte direkte av Barne- og

familiedepartementet og gjennom

bidrag til Noregs forskingsråd si

evaluering av ordninga. I 2000

vart det produsert tre rapportar og

eit skrift om kontantstøtteordninga.

Det er dessutan skrive to

hovudoppgåver i samband med

denne delen av NOVA si verksemd.

Den førebels siste rapporten

vert publisert våren 2001.

Dei som er med i gruppa har forankring

i fagdisiplinar som sosiologi,

statsvitskap, sosialøkonomi

og historie. To er doktorgradsstipendiatar

som får store delar av

rettleiinga si frå andre forskarar i

gruppa. Ein mellombelsengasjert

historikar er erstatta av ein mellombels

engasjert sosiolog, medan

ein statsvitar har gått over i pensjonistane

sine rekkjer.

MEDARBEIDARAR

Lars Gulbrandsen – forskar I / forskingsleiar (fungerande direktør til 30.04.)

Erling Annaniassen – forskar II

Øystein Aschim – forskingsassistent (til 29.02.)

Tale Hellevik – dr.gradsstipendiat

Christin Knudsen – forskar II

Jon Eivind Kolberg – forskar I (permisjon)

Åsmund Langsether – forskar III

Trude B. Nergård – forskar II

Hans Christian Sandlie – dr.gradsstipendiat

LeifSletvold – forskingsassistent (frå 01.12.)

UlfTorgersen – forskar I (pensjonist frå 01.10.)

NOVA Årsmelding 2000 17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!