26.07.2013 Views

pdf - 1,6 MB - Nova

pdf - 1,6 MB - Nova

pdf - 1,6 MB - Nova

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

I fokus

Kari Killén

Referanse:

Barndommen varer i generasjoner

Forebygging er alles ansvar

Kari Killén, Oslo: Kommuneforlaget

ISBN 82-4460647-9

12 NOVA Årsmelding 2000

Barndomen Barndomenvararikkjeberrelivetut.

varar ikkje berre livet ut.

Han Hanvararigenerasjonar

varar i generasjonar

Kari Killén understrekar kor viktig det er med førebygging

av psykososiale problem hos barn i boka

Barndommen varer i generasjoner. Forebygging

er alles ansvar. Foreldre må få hjelp før dei kjem til

kort, og både foreldre og barn må få tidleg hjelp til å

arbeide med smertefulle opplevingar. Barn som ikkje

får hjelp vil føre problema vidare til sine eigne barn.

Boka handlar om å førebyggje omsorgssvikt og psykiske

lidingar i neste generasjon.

Basert på dagens kunnskap reknar ein at mellom ti

og tjue prosent av barnebefolkninga har psykiske plager

som har innverknad på den daglege funksjonen

deira, og at mellom fire og sju prosent av desse barna

treng behandling. Det er ikkje slik at dei som har vore

utsette for fysiske overgrep uunngåeleg vil utsetje sine

eigne barn for overgrep, men haldningar og problem

som ikkje er gjennomarbeidde vert på ein eller annan

måte ført vidare.

Boka dokumenterer at barndomen varar i generasjonar;

ho viser differensierte måtar å førebyggje på

og gjev eit teoretisk grunnlag for det ansvaret vi alle

har for å førebyggje. For å kunne førebyggje utviklinga

av vanskelege forhold mellom omsorgsgjevar

og barn, omsorgssvikt og psykiske problem, må vi ha

kunnskap om dei prosessane som er gode, og som

førar til «god nok» omsorg og psykisk helse. Vi må

også ha kunnskap om dei prosessane som hindrar

utviklinga av «god nok» omsorg, slik at vi kan modifisere

dei. Her står sjølvsagt forholdet mellom foreldre

og barn sentralt, men det er også viktig å hugse

at det ikkje berre er foreldre som er omsorgspersonar.

Personalet i barnehagen, småskulen, i skulefritidsordninga

og i andre institusjonar foreldre og barn inngår

i, har omfattande omsorgsfunksjonar overfor

barna. Det er vesentleg at vi prøver å skape samanhengar

mellom omsorg heime og i dei institusjonane

utanfor heimen der barn oppheld seg mykje, understrekar

Killén.

Vi treng ei auka investering i førebyggjande arbeid,

noko som forutset kompetanseheving både i førsteog

andrelinetenestene, i tillegg til eit nærare samarbeid

mellom dei. Det er sannsynleg at vi ved å hjelpe

barn til å arbeide med sine traume, krisar og omsorgssvikt

i den aktuelle situasjonen ikkje berre reduserer

påkjenninga for barnet, men også aukar sjansane for

eit betre vaksent liv. Dermed førebyggjer ein òg noko

av lidingane til neste generasjon. Sidan barna representerer

framtidas samfunn, er det påfallande at dette

hittil ikkje har kome sterkare fram på den politiske

saklista.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!