27.07.2013 Views

No finn du Holmehuset også i tjukkaste byn. Etter mange år ... - Strilen

No finn du Holmehuset også i tjukkaste byn. Etter mange år ... - Strilen

No finn du Holmehuset også i tjukkaste byn. Etter mange år ... - Strilen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

10

S T R I L E N UTE M E D NY BO K

I fjor etterlet ho heltane

sine i ein vanskeleg situasjon.

No kjem den lokale

forfattaren med løysinga.

Av Anne-Lise Nordpoll

anne-lise@strilen.no

– Eg veit at det er nokon

som har venta på denne

boka, seier Liv Margareth

Alver på Ytre Fosse i Lindås.

Måndag kjem «Ravnebitt» i handel.

Det er andre bok i ein serie på fem.

Her møter du Are (12), Alvhild (6),

Sirona (14) og Bothwar. Dei er heltar

i ei spennande historie. Handlinga går

føre seg på 200 talet e. Kr. På den tid

hadde vikingane enno ikkje reist på

tokt og PlayStation verkar å vera fleire

lysår unna, men Alver evnar å ta tak i

unge lesarar og halda på dei.

Historisk fantasy

– Serien har fått namnet

Slangeringen. Forlaget har kalla det

historisk fantasy eller berre ein historisk

roman, seier Alver.

Ravnebitt vert bok nummer 41

med hennar namn på, sidan debuten i

1982.

– Debutboka mi var ein science fiction-roman

for ungdom, og eg skriv

framleis for born og unge. Samtidig

er denne serien lagt opp slik at han

passar like godt for vaksne, meiner

Alver.

Eigen fanklubb

Den nye boka held fram der den førre

slutta.

– Vert det dramatisk?

– Ja, heilt klart. Eg kan ikkje avsløra

så mykje, men eg kan seia så pass at i

denne boka hamnar heltane i ein

skikkeleg konflikt.

«Slangeringen» har eiga

Facebookgruppe, og meldingane

tyder på at fansen gler seg til meir

lesestoff.

– Eg har laga ein disposisjon for

alle bøkene i serien. Eg har mykje eg

vil ha ned på papiret. Når du først har

skapt eit univers og sleppt karakterane

laus, så har dei ein tendens til å

leva sitt eige liv, seier forfattaren og

ler.

Starta som arkeologioppgåve

Alver sine karakterar lever i ei tid som

folk flest har lite kunnskap om.

– Eg har skrive mange seriar, men

historia bak denne serien er ganske

spesiell. Stoffet som eg brukar, er

nemleg henta frå det som skulle verta

hovudfagsoppgåva mi i arkeologi. Eg

kom aldri så langt at den vart ferdigstilt,

men eg hadde lyst til å bruka

stoffet til noko.

– Så mykje av det ein kan lesa om i

bøkene dine er henta frå det verkelege

liv?

– Ja, personane er oppdikta, men

det dei opplever er realistiske scenario

frå den tida. Våpna dei brukar, maten

dei et og måten dei lever på, er slik

ein meiner at folk har levd den gongen.

Noko av det dei gjer, har eg også

prøvd ut sjølv.

– Spennande. Fortel!

– Jau, eg er mellom anna engasjert

i vikinglandsbyen i Gudvangen. Dei

som er med der lagar gjerne sine

eigne klede, på same måte som

vikingane gjorde. Eg trur det er positivt

for lesargleda at den som har

skrive bøkene faktisk har brei kunnskap

om dette.

Fleire har prøvelese

Tilbakemeldingane tyder på at Alver

har lukkast.

– Når eg har skrive eit nytt manus,

allierer eg meg med nokon rundt meg

og rekrutterer dei som prøvelesarar.

Det gjer eg for å få ei tilbakemelding

på korleis historiene mine fungerer.

Eg har både vaksne og born som prøvelesarar.

For nokon unge har ei av

mine bøker vore den første heile boka

dei har lese, og det er stort når ein

klarer å vekkja leselysta hjå unge

menneske.

– Er det vanskeleg å få dei same

bøkene til å appellera til vaksne?

– Nei, eigentleg ikkje. Oppskrifta er

mykje den same, men for vaksne lesarar

er gjerne det historiske universet

vel så interessant som sjølve karakterane

og det som skjer med dei.

Historisk litteratur fengjer mange. Eg

trur at bøkene mine når eit breitt

publikum. Dette er ei bok som passar

like godt i bokhylla i stova som på

barnerommet, seier Alver, og fortel

om ein tilbakemelding som varma

spesielt godt.

– Ei vaksen kvinne som fekk prøvelesa,

sa til meg at å opna boka var

som å gå inn eit univers og lukka

døra bak seg. Det synest eg er det

beste skussmål ein forfattar kan få. Då

har ein lukkast i å skapa ei verd som

lesaren fullt og heilt kan gå inn i. Det

gleder meg stort, seier Alver, som er

T O R S D A G 2 3 . S E P T E M B E R

Heltar i historisk univers

SPENNANDE SERIE: Måndag kjem Liv Margareth Alver med bok nummer to i serien Slangeringen.

Feirar 25 år

som forfattar

Av Gunn Berit Wiik Berg

gunn.berit@strilen.no

Også austrheimingen Odd W. Surén (49)

har servert lesarane ei ny bok denne

hausten. I august kom han ut med romanen

«For hva det er verdt» i sitt 25. år

som forfattar. Med ein del år på baken,

har Surén funne fram til sin eigen underfundige

skrivestil ispedd ein god del svart

humor. Og han elskar å skriva om folk

som ikkje lever eit heilt A4-liv.

Surén er mest kjent for bøkene sine

om ungkaren og eremitten Tommy

Kristoffersen, som ikkje har den heilt

store sosiale intelligensen. I 2007 samla

han dei tre Tommy Kristoffersen-romanane

i ei feit bok på nesten 800 sider. I

2002 vart han tildelt Mads Wiel Nygaards

legat for sitt samla forfattarskap. Surén

debuterte i 1985 med novellesamlinga

«Fanger og opprørere».

kome godt i

gang med

neste bok.

Planen er å gje

ut ei bok i året,

dei neste tre

åra.

NY: Den nye

boka har fått tittelen

Ravnebitt

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!