27.07.2013 Views

No finn du Holmehuset også i tjukkaste byn. Etter mange år ... - Strilen

No finn du Holmehuset også i tjukkaste byn. Etter mange år ... - Strilen

No finn du Holmehuset også i tjukkaste byn. Etter mange år ... - Strilen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

2

S T R I L E N E KSTR E M F O RVAN D LI N G

Slit du med gamle furumøblar

som har vore ute

i hardt vêr? Eg gjer. Eller

gjorde. Her får du første

og siste del av «Linda

gjer ting ho ikkje kan».

Av Linda E. Eide

linda@strilen.no

FØR…

Furu meg her og furu meg

der. Bokhylle, skjenk og

kommode. Alt i syrebeisa

furumateriale, kledd i støv og rot.

Jammen kjipt å drassa med seg inn i

nyinnkjøpt, stilig leilegheit, tenkte eg,

medan vegringa for meir pakking og

rydding auka på, og lysta til å gjera

noko anna likeså.

Feil nummer éin

Dermed bestemte eg meg for å hiva

meg på beisebølgja. Det let seg nemleg

gjera å trylla fram eit nytt, personleg

møbel på null niks. Med nokre

strøk maling og litt dekor kan eit

furumøbel verta nytt og fancy. Det er

lett å la seg lokka. Fargehandelen låg

lagleg til på veg heim frå butikken. Eg

svippa innom.

– Eg har furumøblar, sa eg.

– Ja, kva farge vil du ha dei i? spør

mannen.

– Lysare, sa eg.

Svisj, svosj, og eg gjekk ut att med

alt eg følte eg trengte i ein pose, berre

238 kroner fattigare. Det er jo ingenting

for eit heilt nytt møbel.

Her gjorde eg første feilen, og eg ber

deg læra av det. Kjøp White Spirit.

Sjølv om du trur at du er så flink og

ikkje kjem til å søla, kjøp White Spirit.

Så noko riktig

Det første eg gjorde då eg kom heim,

var å pakka alt innhaldet i bokhylla

ned i ein av dei mange pappkassane

eg eigentleg prøvde å vri meg unna å

få pakka. To fluger i ein smekk. Så

henta eg fram salmiakken, hanskar, ei

vaskebøtte og ein kartong frå Peppes

Pizza. Kartongen tømte eg for pizzarestar,

litt i magen, litt i bosset, og så

bretta eg han ut og løfta bokhylla

oppå. Slik kunne eg etter endt oppdrag

nemleg flytta rundt på bokhylla

utan å ta i ho og verta full av maling.

Berre dra i pappen, og hylla flyttar

seg. Genialt, spør du meg. Denne

oppfinninga har eg funne på heilt

sjølv, og eg er ganske stolt av ho.

Deretter strør du rundt litt avispa-

Frå furet værbitt

til fancy og kvitt

…OG ETTER: Ekstrem forandring. Det kosta lite pengar, gjekk kjapt og vart flott. Men lukta

sit i, så husk tjukkelestar, for du vert nøydd å lufta godt.

pir. Eg brukte kvalitetsavisa Strilen, ei

utgåve frå juni. Den gjorde jobben

godt. Vask så møbelet, og la det tørka.

Du kan sjå tv i mellomtida, eventuelt

kvila middag.

FØRST: Vask med salmiakkvatn. Det luktar,

så tøm det ut med ein gong du er ferdig.

Feil nummer to

Det neste eg gjorde var ikkje fullt så

genialt som det med pappen. Eg rista

boksen med beis godt før eg opna

han, og så rørte eg rundt. Det var

DERETTER: Mal og vert lukkelig av kor flott

det vert.

T O R S D A G 2 3 . S E P T E M B E R

gjort i beste meining av ei som har

null peiling på oljebeis og kva omsorg

han treng for å oppføra seg fint. Først

då eg kom til botn i boksen og mot

slutten av hylla, såg eg at det ikkje er

nok å berre røra rundt. Ein må røra

fram og tilbake, opp og ned og i

mente. Utan vert alt unntatt dei to

siste flatene skjoldete og stygt. Det

finn du først ut dagen etterpå. Men

no veit du det. Eg ofra bokhylla mi

for saka. Eg må nok ta eit strøk til.

Feil nummer tre

Det neste du skal gjera, er altså å røra

særdeles godt. Vidare kan du ta fram

malarkosten. Viss du ikkje er like gniten

og uerfaren som meg, kjøper du

to kostar. Éin liten som kjem til i

hjørna, og éin stor slik at det går

kjappare å mala flatene. Svisj, svosj, eg

fekk malt alt med min eine pensel,

nesten. I følgje butikkmannen skulle

den vetle boksen innehalda rundt ti

kvadratmeter med nytt møbel.

Etterkvart som side etter side og bord

etter bord vart lyst, innsåg eg at boksen

kom til å verta tom før hylla vart

kvit.

Feil nummer fire

Det heile, eller så langt som malinga

rakk, vart utført i løpet av tippekampen

laurdag. Eit siste tips, still deg

ikkje føre fjernsynet. Og ha klar tjukke

sokkar, pledd og ullklede. Ein må

nemleg lida for skjønnheita, og

skjønnheita av eit møbel luktar ille i

nokre døger, og kanskje meir.

Dessutan, ver obs på at fornyingsaktiviteten

kan føra til stive musklar.

Lukke til med malinga!

■ Du treng:

• Salmiakk

• Papp og aviser

• Oljebeis – antikk kvit

• Pensel

• Tom isboks

• White spirit

• Tjukkelestar

• Ullklede

UNDERVEGS: Bruk ei kvalitetsavis, som

Strilen, til å skjerma golvet for flekkar.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!