27.07.2013 Views

No finn du Holmehuset også i tjukkaste byn. Etter mange år ... - Strilen

No finn du Holmehuset også i tjukkaste byn. Etter mange år ... - Strilen

No finn du Holmehuset også i tjukkaste byn. Etter mange år ... - Strilen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

4

S T R I L E N

Heimekos

i sentrum

Adelin Olsen hadde

ingen planar om å opna

endå ein butikk, men så

fekk ho eit tilbod ho ikkje

klarte å seia nei til.

Av Anne-Lise Nordpoll

anne-lise@strilen.no

– På Frekhaug har me

mykje blomar og litt interiør.

I sentrum vert det mykje interiør

og litt blomar, seier Adelin.

1. august opna ho butikk i

Christian Michelsensgate i Bergen. No

har bladfykane i BA fått utsikt til

Holmehuset. Og der er det mykje å

sjå på.

Puter og elefantar

– Det går mest av puter, pledd og

koppar. Det sel alltid bra, fortel

Adelin.

Ho har hatt sansen for interiør så

lenge ho kan hugsa. Plassen i nyebutikken

er godt utnytta.

– Det har jo vore in med ein minimalistisk

stil ei stund no. Eg har aldri

vore heilt på den. Stilmessig ligg nok

interiøret her nærmare shabby chik

utan at det er heil der. Eg likar ein

romantisk stil, men med litt reinare

linjer, dersom det gjer noko meinig,

seier Adelin.

– Er den minimalistiske stilen på

retur?

– Ja litt. Eg trur nok at ein del vil

ha meir heimekos no, seier Adelin,

som har både kvit korgstol med pledd

og rosa haustlyng på fortauet utanfor

butikken sin. På ein benk innom døra

står raude elefantar på rekkje og på

veggane heng hyller med koppar,

eggeglas, skåler og anna moro som

pyntar opp.

På niande året

– Eg hadde eigentleg ingen planar om

å opna butikk i byn, men eg kjenner

ho som har butikken ved sidan av og

fekk tilbod om desse lokala. Eg klarte

ikkje å seia nei, seier Adelin.

Ho har drive butikk i Meland i ni

år. Det heile starta sjølvsagt i huset

som gav namnet til butikken.

– Butikken starta i Holmehuset. Eg

likte namnet og tok det med meg til

Frekhaug. Og det måtte sjølvsagt vera

med til byn også.

Adelin trur det skal gå fint å driva

to butikkar samtidig.

Plukka varer i Danmark

Butikkeigaren bur sjølv i Meland,

men satsar på å jobba mest i byn i

tida framover.

– Eg kjem i alle fall til å vera her

mykje i starten for å få ting på gli, så får

me sjå. Eg har også ei med meg som

skal stå i butikken her. Me er til saman

fire som jobbar i Holmehuset no.

– Og bergensarane har tatt godt i

mot deg?

– Ja, eg har fått veldig mange gode

tilbakemeldingar. Folk som kjem

innom, skryter mykje og seier at dei

er glade for at det er kome ein slik

butikk her, seier Olsen.

Ho har elles sjølv vore heime hjå

Tine K i Danmark og plukka ut ting

ho skal selja i butikkane sine.

Fleire som satsar

Adelin har trua på at ho skal klara å

kapra kundar i sentrum.

– Det er ikkje andre interiørbutikkar

i nabolaget, og eg trur det passa

godt med ein slik butikk her.

– Er det forskjell på å driva butikk i

byn og på Frekhaug?

– Ja, du må passa mykje betre på

ting når du er i byn. Butikkane her

har eige alarmar som du kan løysa ut

om du opplever ubehagelege ting,

men kundane er stort sett like trive -

lege her som heime. Adelin er ikkje

åleine om å ta steget frå strilelandet til

byn med butikken sin.

– Mange har nok fått med seg at

Farmors hus har butikk i byn, og me

byrjar å verta ein fin gjeng kvinner frå

Nordhordland som driv butikkar her.

Det er flott at folk vågar å satsa, meiner

Adelin.

HOLMEHUSET: Adelin Olsen starta butikken

sin i Holmehuset og likte namnet så

godt at ho tok det med då butikken flytta til

Frekhaug Senter. No har ho opna butikk

nummer to.

MYKJE Å KIKKA PÅ:

Butikklokala er ikkje store,

men dei er godt utnytta.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!