27.07.2013 Views

No finn du Holmehuset også i tjukkaste byn. Etter mange år ... - Strilen

No finn du Holmehuset også i tjukkaste byn. Etter mange år ... - Strilen

No finn du Holmehuset også i tjukkaste byn. Etter mange år ... - Strilen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

38 S T R I L E N F RÅ S KO G E N TI L G RY TA

T O R S D A G 2 3 . S E P T E M B E R

Smaken av norsk natur

REINSDYRHAKK MED POTETLOK: Foto: Kim Holthe, Opplysningskontoret for egg og kjøtt.

Hjorteviltet lever utrygt.

Over 90.000 jegerar får

vonleg med seg heim

råvarer som kan bli til

gode opplevingar rundt

matbordet.

Av NYNORSK PRESSEKONTOR v/Kari Hamre

Hausten byr på eit festmåltid av råvarer

frå naturen – frukt, bær, sopp og

viltkjøt. Det blir opp til deg å skape

dei rette kombinasjonane.

Stor hobby

Under jakta i fjor vart det felt i

underkant av 37.700 hjort, 36.000 elg

og 5.100 villrein. I tillegg vart det

slakta nesten 100.000 tamrein. Det er

ikkje utenkeleg at årets sesong blir

minst like bra.

Nordmenn er iallfall blant dei ivrigaste

i Europa til å gå på jakt. Berre

Irland, Kypros og Finland har fleire

jegerar i høve til folketalet.

Så mange som 143.100 personar

gjekk på jakt førre jaktsesong, går det

fram av tal frå SSB. Av desse var det

90.800 som jakta på hjortevilt, det vil

seie hjort, elg, villrein eller rådyr.

Eksklusiv råvare

Viltkjøt er meir pikant i smaken enn

kjøt frå «tamme» dyr, og kvart dyr

har sin smaksmessige eigenart.

Viltkjøt vert med rette oppfatta som

litt eksklusivt.

– Viltkjøt er ei fantastisk råvare,

magert og smakfullt. Til og med jegerane

synest det er litt eksklusivt – det

kostar trass alt litt å gå på jakt, seier

Brith Bakken til Nynorsk pressekontor.

Ho er éin av dei fremste viltkokkane

her i landet, og er sjølv både

jeger og fiskar. Nyleg kom ho ut med

ei revidert utgåve av viltkokeboka si

«Vilt og velsmakende». Her finn du

eit vell av oppskrifter med all slags

viltkjøt, – frå hare og rådyr til bever

og bjørn – og fisk, sopp, bær og urter.

Elgen er det viltet som flest jaktar

på, så følgjer rådyrjakt, hjortejakt og

villreinjakt. Ei resultatrik jakt er

utgangspunktet for spennande opplevingar

ved kjøkkenbenken, og glede

og nyting rundt matbordet.

Meir fokus på maten

Sjølv om matskikkane her i landet har

endra seg mykje dei siste tiåra, er

Brith Bakken oppteken av at det norske

kjøkkenet er ein del av arven vår.

Ein arv basert på råvarer som naturen

rundt oss har skapt.

– Jakt er ein viktig del av viltpleia,

og dagens jegerar er opplyste menn

og kvinner som ønskjer å ta vare på

dei rikdommane vi forvaltar i skog og

mark. Eg trur dei fleste jaktar for å ta

vare på maten, ikkje for å samle trofé.

Vi er blitt flinkare til å lage rettar av

vilt. Dessutan har fleire jenter byrja å

gå på jakt og dermed har matlaging

fått eit anna fokus, meiner Bakken.

Det kan vere mange munnar å

mette i eit jaktlag. Mange er opptekne

av å dele kjøtet likt mellom seg. Då

kan det lett bli mange om beinet –

eller aller helst indrefileten. Resultatet

blir at skrotten blir delt opp på ein

måte som i mange tilfelle øydelegg dei

beste kjøtstykka. Bakken har halde

mange foredrag om temaet.

– Det er mykje frustrasjon over

dette. Mange tek seg ikkje tid til å dele

opp skikkeleg. Det er trist. Jaktlaget

burde bli einige om at alle skal få

gode bitar, i staden for at det blir litt

av alt. Mitt inntrykk er heldigvis at

yngre jegerar ser verdien av kjøtet og

er meir opptekne av dette enn før.

Vilt over disk

Det er slett ikkje alle som har ein

jeger i familien eller vennekrinsen,

som det er mogleg å få eller kjøpe

viltkjøt av. For mange er det utvalet i

daglegvareforretninga som avgjer kva

for viltrett som kjem på middagsbordet.

– Som forbrukar skal det vere mogleg

å finne kjøt av elg og tamrein i

fersk- eller frysediskane i ein del

butikkar. Det er også mogleg å kjøpe

kjøt av elg og hjort hos enkelte gardsutsal,

seier Oda Christensen hos

Opplysningskontoret for egg og kjøtt.

Det er først og fremst reinskjøt

som er å få tak i over heile landet.

Spesialiserte kjøtforretningar kan ofte

hjelpe til viss du er ute etter anna viltkjøt.

Og på internett kan du finne

fleire som driv med sal av viltkjøt.

Uansett om du jaktar sjølv eller vil

kjøpe råvarene – det er fullt mogleg å

overraske med dei lekraste viltrettar.

Oppskrifter er det mange av, og det

går fint an å bruke hjort eller rein i ei

elgoppskrift og omvendt.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!