27.07.2013 Views

No finn du Holmehuset også i tjukkaste byn. Etter mange år ... - Strilen

No finn du Holmehuset også i tjukkaste byn. Etter mange år ... - Strilen

No finn du Holmehuset også i tjukkaste byn. Etter mange år ... - Strilen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

8

S T R I L E N LO KAL BO K D E B UTANT

Frå rollespel

til drøymeland

Hovudpersonen Koll

drøymer om å verta

krigar. Forfattaren

Asbjørn drøymer om å

leva av å skriva.

Av Linda E. Eide

linda@strilen.no

Asbjørn Rydland er ein av

debutantane på forlaget

Samlaget i haust. Han

debuterer med boka «Drakeguten»,

som er den første i ein serie på fem. I

dag signerer han bøker i Knarvik, og

Strilen har snakka med han om vegen

frå draumar til forfattar.

– Når kan du eigentleg kalla deg forfattar?

Må det meir enn éi bok til?

– Hehe, eg veit ikkje. Men då eg

fekk kontrakten og det stod Asbjørn

Rydland, heretter kalla forfattaren,

kjende eg meg som ein forfattar.

Godorda haglar

Debutboka til Asbjørn Rydland er

anbefalt av mellom anna Bjarte

Bakken, prosjektleiar i Ungdommens

Kritikerpris og U-prisen i Foreningen

Les. Ho er også plukka ut til å vera

med i leselystaksjonen for ungdom,

og valt ut til hovudbok i barnebokklubben

Blåmann barnebokklubb.

– Tilbakemeldingane på første boka

har jo vore svært gode. Kva forventningar

hadde du i forkant av utgjevinga?

– Eg veit jo med meg sjølv at eg er

veldig kritisk til det eg lagar. Viss eg

ikkje hadde høyrd noko negativt tilbake,

ville eg tenkt at noko var feil. Eg

er glad for å lesa grundige og positive

kommentarar.

– Men korleis trur du marknaden

for fantasy på nynorsk er?

– Det er eg veldig spent på å sjå.

Det finst jo ikkje så mange andre som

skriv fantasy på nynorsk.

Debut med fem i slengen

Rydland gir ut bok no, rett og slett

fordi han har lyst. Tidlegare har han

berre skrive små tekstar som aldri har

vore gitt ut. Han har hatt lyst til å

skriva sidan vidaregåande.

– Kor lenge har du arbeidd med

«Drakeguten»?

– Rundt halvtanna år. For min del

har det vore ein langsam prosess med

å utbrodera ein grundig idé og

bestemma miljø, karakterar, historieutviklinga

og meir, og ta det ned bit

for bit. Eg har jobba mykje med universet

boka er sett i og med historia

og forteljeteknikkar.

– Det skal til slutt verta fem bøker

om drakeguten. Kor langt er du komen

med desse?

– Eg har klart for meg kvar bøkene

skal byrja og slutta, og har handlingsløpet

i dei to neste bøkene relativt

klart. Og eg har byrja å skriva bok

nummer to.

– Korleis er det som debutant å få

avtale om fem bøker i slengen?

– Det er veldig flott.

Nye perspektiv i oppdikta verd

Inspirasjon til å dikta opp ei heil verd

rundt hovudpersonen Koll, har forfattaren

mellom anna funne i rollespel.

– Du har drive mykje med rollespel.

Kan du fortelja lesarane våre litt om

kva rollespel eigentleg er?

– Forma me snakkar her er levande

rollespel med kostymer og fysisk innleving

i det som går føre seg. Det kan

vera science-fiction, historisk tid eller

notid. Her snakkar me fantasy, sett i

ei mellomalderverd. Ein etablerer kulturar

og miljø som ein forsøker å leva

seg inn i. Du lagar deg eigne mål,

meiningar og konfliktar. Folk får ulike

ting ut av det, men det er ei veldig fin

form for flukt frå verkelegheita, og ein

måte å få nye perspektiv.

Å leva av å skriva

I boka drøymer stallguten Koll om å

verta stor krigar og å kunne gjera som

han vil.

– Kva drøymer forfattaren Asbjørn

om?

– Det eine eg drøymde om har jo

nett skjedd. Det er berre eit spørsmål

om å få det til å verta større. Berre å

få gitt ut ei bok kan eg leva på lenge.

Men om eg ein dag kan leva av å skriva

bøker, då skal eg ikkje klaga på

mykje.

– Har du vore inne i bokhandlarar

og sett etter verket ditt?

– Eg måtte jo det. Det er ikkje den

store opplevinga no lenger, men det

var kjekt å sjå.

– Og etternamnet ditt Rydland, det

gjev vel boka di finfint selskap i hyllene?

– Ja, eg såg det eg også. Der står ho,

ved sida av Harry Potter. (av J. K.

Rowling, journ. anm.)

Kjem til Knarvik i dag

I helga som var, deltok Asbjørn

Rydland på Oslo bokfestival med

opplesing frå boka, og hadde med seg

sverdkjemparar og fektarar. Å lansera

bok inneber ein del promotering.

T O R S D A G 2 3 . S E P T E M B E R

■ ASBJØRN RYDLAND

• Fødd: 1976

• Frå: Seim. Bur i Oslo.

• Bakgrunn: Har femten års erfaring

frå rollespel, og inspirasjon til boka

om Koll og verda han lever i har

han funne gjennom samlingar med

andre rollespel-entusiastar.

Arbeider som miljøarbeidar i psykiatrien.

• Debutbok: Drakeguten

• Sjanger: Fantasy, for born og ungdom,

og dei som elles likar fantasy

på nynorsk.

• Om boka: Om stallguten Koll som

vil verta krigar, men som er usikker

på kven han skal stola på undervegs

mot målet. Og kan han velja

den gode sida, etter å ha vore med

på vondskap? Boka er den første i

ein serie på fem. Utgitt på

Samlaget.

BOKMELDINGAR

• «Rydland gjør to løfterike ting i sitt

debutarbeid som har noe å fare

med. For det første fremviser han

en sterk litterær evne; mannen kan

skrive. For det andre klarer han å gi

det poetiske språket en relevans

for oss som leser her og nå.»

Marius Fossøy Mohaugen,

www.barnebokkritikk.no

• «Drakeguten er rett og slett en

feiende flott fantasybok.»

Bjørn Veen,

Gjesdal folkebibliotek, på

www.ungdomsboka.blogspot.com

• «Riktig god og original fantasy av

norsk debutant.»

Mari Nordø Pettersen,

bibliotekar, på

www.bokelskere.no

• «Ei storslått og spennande fantasyforteljing.

Nesten fire hundre sider

med magisk forteljarglede og høg

litterær kvalitet. Spennande og velskriven.»

Blåmann barnebokklubb

– Korleis vert bokhausten din?

– Eg skal til bokhandelen i Knarvik

torsdag 23. september, og til Bergen i

oktober. Men eg får litt tid til å skriva

innimellom.

– Lesa får du kanskje også tid til?

– Eg les mykje engelsk, og det er

science-fiction og fantasy det går i.

No tenkjer eg at eg også må gjera meg

kjend med norske forfattarar.

– Kan du anbefala noko til lesarane

våre?

– Dei som likar «Drakeguten», likar

gjerne også ei gammal fantasy-bok

som heiter «Trollmannen fra Jordsjø»

av Ursula K. Le Guin. Det var den

første fantasyboka eg las, og den er

framleis veldig spennande.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!