27.07.2013 Views

No finn du Holmehuset også i tjukkaste byn. Etter mange år ... - Strilen

No finn du Holmehuset også i tjukkaste byn. Etter mange år ... - Strilen

No finn du Holmehuset også i tjukkaste byn. Etter mange år ... - Strilen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

26

S T R I L E N S K U LE N GO DT I GAN G

Ekstra

fargerikt

fellesskap

RADØY: På Manger skule

er det 24 elevar med

utanlandsk opphav frå

heile 13 nasjonar.

Av GunnBerit Wiik Berg

gunn.berit@strilen.no

– Det er både berikande og

utfordrande, seier Elin

Nøttveit som er koordinator

for elevar med norsk som andrespråk.

For første gong er alle elevane som

har utanlandsk mor eller far samla

som ei gruppe. Og ingen av dei forstår

kvifor, før Elin Nøttveit forklarer

at det er for avisa si skuld.

– Eg ante ikkje at me var så mange

med utanlandsk opphav her på skulen,

seier sjuandeklassingen Dariush

og ser seg rundt i rommet. Det same

seier fleire av elevane.

– Eg trur ikkje dei ser på kvarandre

som noka gruppe, men som ein del av

alle dei andre på skulen. Er det ikkje

slik? spør Nøttveit.

– Eg føler meg i alle fall mest

norsk, seier Dariush og får samtykkjande

nikk frå dei fleste.

Ville læra meir

Dariush har iransk far, mor frå

Manger og er fødd i England. I tredjeklassen

har han ei søster som heiter

Anahita og i femteklassen har han ein

fetter som heiter David.

– I periodar har eg budd og gått på

skule både i England, Italia og Spania,

så no kan eg fire språk, seier han.

– Iransk óg?

– Nei, men engelsk, spansk, italiensk

og norsk, seier han.

– Eg kan seks språk, skyt femteklassingen

Gabriele inn og ramsar opp

engelsk, russisk, litauisk, norsk, dansk

og svensk. Gabriele kjem frå Litauen

og snakkar utruleg godt norsk for å

ha budd her i berre eitt år.

– Tusen takk, seier ho høflig og litt

sjenert når Strilen påpeikar det.

Gabriele fortel at foreldra tok

henne og veslebroren med til Noreg

for at dei skulle læra meir, og det meiner

ho at ho gjer.

– Eg gjekk to år på skule i Litauen,

men det var kjempevanskeleg, seier

ho. Dessutan er det kjekkare her fordi

skulen er mindre, og så er det diskotek

på Manger, legg ho kjapt til.

Saknar kantina

Dariush fortel at den strengaste skulen

han har gått på, var den spanske.

Det var ein veldig god og stor skule

med høge krav og varm middag kvar

dag.

– Skuletida var frå klokka 08 til 17

med siesta mellom klokka 12 og 15.

Då gjorde me som oftast lekser. Å gå

heim var ingen vits, for det var jo

ingen heime, seier han.

– Lærer du like mykje her?

– Ja, det trur eg, seier han.

Den ferskaste av dei alle er Noel

som går i klasse med Dariush. Ho har

tyske foreldre og tre store søsken i

Tyskland. Ho kom hit i juli. Med

svært avgrensa Derrick-tysk velgjer

me å slå om til engelsk og spør om ho

visste at det var så mange utanlandske

elevar her før ho kom hit?

– Nei, det ante eg ikkje, men det er

jo veldig kjekt, seier ho og ser rundt

seg.

Om skulen ho gjekk på i Tyskland,

fortel ho at dei var så mange elevar

(over 1000) at dei måtte eta nistepakka

si ute.

– Det var ikkje plass i klasseromma

slik som her, seier ho og hentar smilande

opp matpakka frå sekken.

LIKAR SEG PÅ MANGER: Noel flytta hit frå

Tyskland i juli og går i klasse med Dariush (til

høgre). Gabriele går i femteklassen kjem frå

Litauen, snakkar seks språk og har budd her i

eitt år. Sjuandeklassingen Dariush har iransk

far og norsk mor og har gått på skule både i

England, Spania og Italia.

FEMTEN PROSENT: På barneskulen på Manger er det 159 elevar. Femten prosent av desse

har foreldre frå Litauen, Polen, Tyskland, Portugal, Holland, Brasil, Chile, Iran, Danmark,

Thailand, Kasakhstan og Bosnia. I tillegg er det ein elev som er adoptert frå Colombia, og så

kjem det ein ny førsteklassing frå Litauen etter haustferien. Elevane er fordelte på alle klassetrinna,

men dei er flest i tredje- og femteklassen.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!