27.07.2013 Views

No finn du Holmehuset også i tjukkaste byn. Etter mange år ... - Strilen

No finn du Holmehuset også i tjukkaste byn. Etter mange år ... - Strilen

No finn du Holmehuset også i tjukkaste byn. Etter mange år ... - Strilen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

12

S T R I L E N

T O R S D A G 2 3 . S E P T E M B E R

Streva med nummer tolv

RADØY: Tormod

Haugland kjem i haust

med bok nummer tolv.

Den har ikkje vore så lett

å skriva.

Av Livar Aksnes

livar@strilen.no

– Eg har måtta begynna på

nytt, skriva om og stryka.

Slik har det ikkje vore med dei tidlegare

bøkene mine, fortel Tormod

Haugland når Strilen møter han

heime på kjøkkenet på Haugland på

Radøy.

I desse dagar kjem romanen

«Romberg. Kvinner og kriminalitet»

ut. Det er tre år sidan førre roman,

men i mellomtida har han gjeve ut ei

essaysamling.

– Eg var i Oslo før helga og såg boka

ferdig for første gong.

Viss alt har gått etter planen, skal

boka no vera i bokhandelen.

Forsvinning

Tittelen kan tyda på at det er ein kriminalroman,

men det er det ikkje.

– Men det handlar om eit forsvinningsnummer.

Personen Romberg

forsvinn, og noko av innhaldet i boka

går ut på å oppklara kva som skjedde

med han.

For å kunna fabulera friare har

Haugland lagt hovuddelen av boka ti

år fram i tid.

– Det inneber mellom anna at det

har kome jernbane til Austrheim, og at

på Utvandrarsenteret på Sletta har det

kome ei rekkje nye hus, som ein liten

by, avslører han om innhaldet.

Og inne i Bergen har det oppstått

ein heil bydel inne i Fløifjellet.

Lokal

Tormod Haugland driv ikkje med

heimstaddikting, men denne gongen

har han lagt deler av handlinga til

Austrheim, og for første gong har han

brukt lokale stadnamn. Og han

ønskjer å seia noko om tida me lever i,

gjennom bøkene sine.

– Det er to brør frå Austrheim som

driv handlinga framover, fortel han.

I boka kjem han både inn på utviklinga

i jordbruket, og korleis

Mongstad har påverka samfunnsutviklinga

i Nordhordland. Også økonomisk

kriminalitet har ein plass i boka.

Vart mindre

– Då eg starta skrivinga, hadde eg planar

om å skriva ei bok på 300 sider.

Dette skulle ikkje verta ei bok med

vanleg Tormod Haugland-lengde,

seier forfattaren.

Men no har han enda opp med nettopp

det: Ei bok på om lag 150 sider.

– Eg hadde nok stoff til så skriva

SPENT: Det er alltid spennande å venta på bokomtalane når du har gjeve ut ei ny bok, seier

Tormod Haugland.

mykje meir, men så såg eg at ting hekk

ikkje i hop. Det levde ikkje.

Dermed vart det å kutta og stryka,

og så vart lengda som ho vart.

Skriva lett

– Eg prøver å skriva slik at bøkene

mine skal vera lette å lesa, seier

Tormod Haugland.

Men samstundes ønskjer han at

bøkene hans skal få folk til å tenkja, til

å reflektera. Difor ønskjer han å oppnå

noko meir enn berre å fortelja ein historie,

og det gjer at han må arbeida

mykje med språket.

Lite tradisjonar

Strilane er ikkje noko boklesande folk,

meiner Haugland.

– Me har ikkje dei litterære tradisjonane

som i Hardanger og

Sunnhordland, der det har vore forfattarar

i hundre år. Strilane er ordkunstnarar

som utfaldar seg i praten.

Haugland har difor ikkje nokon

skrivetradisjon å byggja vidare på, slik

forfattarar i andre deler av fylket har.

Men den lokale bokhausten i år kan

tyda på at det er i ferd med å utvikla

seg ein forfattargenerasjon i

Nordhordland.

Bærdyrkar

Ved sida av å vera forfattar underviser

Tormod Haugland på Skrivekunst -

akademiet i Bergen. Men det er berre

ei kvart stilling.

– Og så likar eg å halda på med

hagebruk. Me dyrkar både bær og

grønsaker til eige bruk, fortel han.

Og tidlegare har han vore både

bonde og jordbruksavsløysar.

■ TORMOD HAUGLAND

• Fødd: 1962

• Bur: På Haugland på Radøy

• BAKGRUNN: Var odelsgut og starta

som bonde. Hadde planar om å

vera bonde og bildekunstnar, men

vart forfattar i staden. Har og vore

leiar for Skrivekunstakademiet i

Bergen i ti år. Har ei kvart stilling

der no.

• Debut: «Under», roman i 1994.

• Har gjeve ut tolv bøker, av dei åtte

romanar. Har også skrive noveller,

skodespel og essay. Har fått svært

gode kritikkar for mange av bøkene

sine.

• Siste bok: Romberg. Kvinner og kriminalitet.

Oktober forlag

Lokal miljøkamp frå Staalesen

«Vi skal arve vinden» heiter den siste boka til krimforfattar Gunnar

Staalesen frå Bergen, men med hytte i Lindås. Og både Lindås-halvøya og

Gulen er med i den nye boka, som mellom anna handlar om kamp rundt

vindkraftutbygging. Til Bergens Tidende seier Staalesen at han er oppteken

av miljøspørsmål, og at han tykkjer vindkraft er eit vanskeleg tema.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!