27.07.2013 Views

SMAKEN AV SOMMER - Coop Norge

SMAKEN AV SOMMER - Coop Norge

SMAKEN AV SOMMER - Coop Norge

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

MILJØ

«Grøne» handlenett

Som ein del av Coops miljøsatsing vart nye miljøposar lansert på Verdens miljødag 5. juni. Dei

nedbrytelege, slitesterke posane er no å finna i samlege Coop-butikkar. av Hege Grov Kambo

F

rå no av har du høve til å velja eit grønare alterna-

tiv enn den vanlege plastposen når du handlar i din

lokale Coop butikk. Dette er ein del av Coop sitt arbeid

for miljø gjennom fleire år.

GRATIS POSAR

Coop ynskjer å leggja til rette slik at kunden kan velja miljøvenleg,

ikkje berre ved det han handlar, men også når det gjeld det ein

fraktar varene heim i.

− Det er ei naturleg vidareføring av Coop sitt arbeid for miljøet,

seier Turid Jødahl, næringspolitisk sjef i Coop NKL, og fortel at alle

medlemmer vil få ein gratis miljøpose når dei kjem til ein av Coop

sine butikkar i veke 28. Det er heller ikkje fyrste gong Coop har

prøvd ut det som vert kalla «green bags» utanlands.

− Tidlegare har vi hatt ei stor satsing på miljøvenlege tøyposar,

men dei var nok litt små, slik at dei vart ueigna til storinnkjøp. Vi

fekk også utvikla ein pose i maisstivelse, som skulle kastast i matavfallet.

Diverre fungerte det likevel ikkje i avfallsmottaka, posane

kunne ikkje brytast ned som ein trudde. Men denne gongen har

vi fått det til, posane er store, nedbrytelege og kan brukast mange

gonger, hevdar Turid.

ETISKE SAMARBEIDSPARTNAR

Det er Allsidige Nord som produserer handlenetta for Coop. Dei

set alle krefter inn på å sørgja for at bærenetta er så miljøvenlege

som mogleg i alle ledd.

− Både produksjon og transport går føre seg med så låg energibruk

som mogleg, seier dagleg leiar, Hege Svendsen, og fortel at

nettet er nedbryteleg dersom det skulle bli kasta i naturen.

Nettet er laga av eit svært slitesterkt, vatnavvisande tekstilstoff

28 COOP

(foliepropuylen) som kan vaskast, er meir miljøvenleg enn bomull,

og ikkje allergiframkallande. Posane skal kastast i plastavfallet når

dei ikkje kan brukast meir.

− Det mest miljøvenlege ved netta ligg likevel i gjenbruka. Det

at Coop sine kundar kan nytta desse igjen og igjen, i staden for

plastposar, gir god effekt i eit miljøperspektiv.

I tillegg produserer Coop sin samarbeidspartner etter prinsippa

om etisk handel.

− Ein del av overskotet vårt går til Right to play, Johan Olav Koss

sin organisasjon som arbeider for leik og idrett som førebyggjande

tiltak i tredje verda, fortel Hege Svendsen.

LEDD I MILJØPOLITIKKEN TIL COOP

Coop har alltid ført ei sterk etisk line.

− Det er ikkje slik at vi nyleg har kasta oss på ei trend. Det ligg

i samvirkeprinsippa at vi skal arbeida for ei berekraftig utvikling og

tenkja langsiktig. Miljøarbeidet er heilt i tråd med Coop sine verdiar

og desse handlenetta er ei vidareføring av arbeidet vårt, stadfestar

Turid Jødahl.

− Allereie i 1990 hadde vi eit landsmøtevedtak som sa at vi

skulle vera best på miljø, og i 1998 fekk me ein pris for Noregs

beste miljørapportering. Leiinga i Coop var, og er, svært oppteken

av miljø og etikk, og har satt inn ressursar på å gi våre medarbeidarar

ei breiare forståing for miljøutfordringane, blant anna ved

kurstilbod.

Coop er altså ikkje nyfrelste miljøforkjemparar. Det har lenge

vore fokus på desse spørsmåla i alle ledd i organisasjonen, frå

produksjon, transport, emballasje og logistikk, til miljømerking,

opplysningskampanjar til kundane og eit stort utval økologiske

varer. ■

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!