▲ av å høyra til. Born treng i særskilt grad å få vera ein del av eit slikt fellesskap. Dei unges hunger etter å få eksponera seg i media i dag, trur eg er eit teikn på at det er færre arenaer der dei unge kjenner seg sett og høyrt. Men rundt middagsbordet kan dei fortelja om dagen sin, høyra på andre, høyra saman. DEN VAKSNE SI ROLLE All produksjon av mat som kan etast medan ein er i farta, kan jo tyda på ei viss oppløysing av måltidsfellesskapet. − Det er vi vaksne som har ansvaret for matkulturen. Vi skal vera rytmehaldarar, og hjelpa borna til å få ein rytme i dagen, blant anna gjennom måltida. Dei faste formene som eit måltid representerer skaper tryggleik. Difor må vi etablera gode rutinar tidleg, det er avgjerande for barnet. Middagen er særs viktig fordi det måltidet kanskje er det einaste møtepunkt og samlande faktor for familien i løpet av dagen. Gjennom dette måltidet får barnet læra å spela på heimebane, det får øvd opp ei rekkje fundamentale ferdigheiter som har med samhandling å gjera, som å dela og å venta. Det kan heller ikkje velja bort å vera der, saman med akkurat dei menneska. LÆRER Å HANDTERA KONFLIKTAR Brunstad meiner også at vi ikkje skal vera redde for dei konfliktane som kan oppstå rundt middagsbordet. − Det er jo i slike trygge former barnet kan læra konflikthandtering. Dersom ein gir opp det felles middagsmåltidet på grunn av konfliktar, kor skal barnet då læra det? Vi må nemleg også læra å leve saman med konfliktar, dei er del av livet. Ei fast hand og dei trygge formene som måltidet representerer, er gode rammer for å læra slik fundamental sosial kompetanse, hevdar Brunstad, som altså meiner at psyken, så vel som kroppen, får næring gjennom måltidet. − Ein deler meir enn maten, ein deler sitt eige liv! Når det gjeld dei reint kroppslege behova som dette ritualet skal stetta, meiner han at gode rammer og reglar rundt måltidet vil føra til sunne vanar når det gjeld matinntaket også. − Fordøyelse og fornøyelse heng saman! Avsluttar Brunstad. KLARE REGLAR – SOM VERT FYLGT Men går det av seg sjølv, å skapa denne trygge ramma der fornøyelse og fordøyelse får gode vilkår? Når <strong>Coop</strong> medlem tek kontakt med Thomas Nordahl, professor i pedagogikk ved Høgskolen i Hedmark, seier han humoristisk at han svarer som professor, ikkje som far. Noko som illustrerer at det kan vera litt avstand mellom liv og lære for einkvar. − For å skapa ei god stemning rundt middagsbordet må ein etablere klare regler og rammer for situasjonen. Dei kan variera litt frå familie til familie, men det er viktig at dei er i samsvar 38 COOP med gjeldande praksis i resten av samfunnet, seier professoren. − Det er særs viktig at desse reglane vert fylgt. Det finnest ein god måte å sørgja for det på, og ein måte som ikkje gir så gode resultat. Å oppmuntra og gi positive tilbakemeldingar fører vanlegvis fram. Men det me diverre gjer for mykje, er å ustanseleg seia frå, på ein negativ måte, når vi legg merke til uønska oppførsel. Kjefting gir sjeldan det ønska resultatet, meiner han. Nokre vil seia at dei gjeldane normene for oppførsel i samfunnet har blitt for slappe, noko åtferdsproblema i skulen kan vera eit døme på. Ein kan undra om me bør strama inn meir heime. − Barn har ein annan måte å læra på. Dei lærer av modellane dei har rundt seg. Mange vaksne kan ha godt av å sjå på eigne vanar og sørgja for at dei går føre som eit godt eksempel. Om ein vil at borna skal sitja på plassen og eta, kan heller ikkje dei vaksne ta maten og setja seg ein annan stad. Mange foreldre strevar med å få barna til å ete middagen sin, og er bekymra over at dei ikkje et nok av den sunne maten. − Eg synest ikkje ein skal tvinga born til å eta mat dei ikkje likar. I oppdragaransvaret ligg likevel det å velja god og sunn mat for barnet sitt. Det er ikkje borna som skal skriva menyen, seier Nordahl, og er opptatt av at det å heile tida gi etter for å unngå konfliktar ikkje er bra. − Born treng vaksne som tør å vera vaksne; vaksne som lagar reglar, sørgjer for at dei vert etterlevd, set grenser og er tydelege. Dette skaper trygge barn. Når dei vaksne derimot heile tida gir etter fører det til aggresjon. Dette er generelle reglar for oppseding, som også kan vera nyttige i samanhang med middagsmåltidet, avsluttar Nordahl. |Det er altså ikkje berre det å setja saman eit næringsrikt måltid som bør stå på agendaen når det gjeld middagsmåltidet. Heller ikkje det at borna «et opp maten sin». Heller må målet vera å skapa gode rutinar rundt dette måltidet, der dei gode sunne matvanane etter kvart vert ein fin bonus. ■ SUNNHEIT OG HELSE PÅ COOP.NO Les meir om sunnheit og helse på coop.no. På Godt å vite-sidene finn du mange gode tips om alt frå matvarer og allergi til glutenfrie produkt og miljømerking. Ved å logga deg på Min Side kan du dessutan dela dine tips om born og ernæring med andre lesarar av <strong>Coop</strong> Medlem.
Det beste fra Naturen. Det beste for Naturen. Med HiPP får du god og ernæringsriktig barnemat, helt økologisk ned til den minste ert. Vi bruker ikke kunstgjødsel eller farlige sprøytemidler i våre avlinger, og vi tilsetter hverken sukker eller salt i maten til de aller minste. Dessuten er all vår barnemat Debio-merket, og det er vi alene om. Håper det vil smake! www.hipp.no