29.07.2013 Views

15 - Gjestens beste i Ganefart • 20 - Ny giv for ... - Bygdekvinnelaget

15 - Gjestens beste i Ganefart • 20 - Ny giv for ... - Bygdekvinnelaget

15 - Gjestens beste i Ganefart • 20 - Ny giv for ... - Bygdekvinnelaget

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Vi ville alle likt å sjå friske, feiande

flotte og fargerike ut utan bruk av

juks. Ferskenhud, munn som ein

rosenknopp, dådyraugo og flagrande, tette

vipper hadde vore fint å ha, utan at det var

kjøpt på parfymeriet. Som bygdejente vaks

eg opp med Spenol, Sterilan og Nivea og har

framleis ikkje heilt taket på alt som kan

smørjast i fjeset. Eg er altså ikkje så oppteken

av mote og make-up, men ettersom åra

sig på, er det meir nødvendig å fikse

det ytre med ulike knep. Den naturlege

budeielooken held ikkje livet ut, desverre...

Skal eg fyrst sminke meg, vil eg vite kva

eg puttar på ansiktet. Gjennom århundra

har det vore brukt mangt, både merkeleg

og ufyseleg, som arsenikk og morkake for

at vi skal vera rynkefrie og leva opp til det

til ei kvar tid rådande ideal for skjønnheit.

Det er heller ikkje like artig å sjå fabelaktig

fin ut om produkta er testa på dyr eller laga

av småungar eller fører til forureining og er

miljøuvenleg. Startar du dagen med såpe,

sjampo, balsam og ulike kremar, har du

vore i kontakt med 50-100 ulike kjemikalie

før frokost. Det som skal gjera meg nydeleg

og flott, kan altså skade både helse og miljø.

Smykker er også ein måte for å gjera seg fin.

Ein gullring på ti gram legg etter seg 18 tonn

med restavfall. Tenk ogå på uverdige tilhøve

for å grave ut diamantane du har på fingeren,

for ikkje å snakke om krig og terror som

fylgjer i kjølvatnet av edelsteinproduksjon.

Plutseleg får ein avsmak for den slags pynt.

Kva kan du gjera då, om pyntesjuka likevel

tek overhand? Det er ikkje til å koma i frå

at det har med velvære og sjølvtillit å gjera

om du er velsminka og fint kledd! Korleis

kan du gjera det utan samstundes vera eit

ufølsamt og utbyttande miljøsvin? Du kan

vera ein kresen forbrukar. Sjekk at sminka

du kjøper ikkje er testa på dyr, det finst lister

over det på nettet. Det finst også kremar

og mangt anna laga av heilt reine naturprodukt,

til og med kan du då finne

kortreist og lokalprodusert kosmetikk.

Og så var det kleda og skorne du har på

deg. Veit du kven som har sydd kleda dine,

kor mykje dei har tent, om produksjonen

har skada miljøet eller om barna har blitt

teke ut av skulen for at du skal kunne kjøpe

billege klede? Vi bygdekvinner og alle andre

burde vera flinke til å handle etisk og bære-

Tekst: Kirsten Inga Kamrud l kvinneliv

Naturleg

vakker

og velkledd

raftig. Spør i butikken, sjekk på nettet og

unngå dei butikkar og merke som ikkje held

mål. Vi forbrukarar har stor makt og kan

påverke gjennom at vi kjøper eller ikkje

kjøper. Så kan du handle i bruktbutikkar, det

er både billeg og bra. Ungdom er flinkare enn

oss til dette. Til kvar enkelt av oss nordmenn

blir det importert 16,6 kilo klede i året.

Fretex mottek 32 tonn klede KVAR DAG,

mange av dei med merkelappen på. Det

er bra for miljøet om vi vel klede med god

kvalitet slik at dei varar lengre, og det går

an å bytte, kjøpe brukt, og gje bort i staden

for å kaste. Kjøper du norskprodusert, er

det iallfall ikkje underbetalte barn som har

laga dei og i tillegg kan ein støtte lokalt og/

eller norsk næringsliv.

Som så ofte elles, det handlar om å vera

bevisst, om å tenkje litt lenger enn at no

sparar eg 59 kroner. Det handlar om å kunne

sjå barnebarna sine i augo og seie: -Ja, eg har

teke vare på klimaet, miljøet og heile verda

for at de skal ha nokre ressursar att å bruke.

Pass på at du kan seie det!

02/2012 BYGDEKVINNER I SIDE 31

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!