22.08.2013 Views

Det norske språk- og litteraturselskap 2010. Olav ... - Bokselskap.no

Det norske språk- og litteraturselskap 2010. Olav ... - Bokselskap.no

Det norske språk- og litteraturselskap 2010. Olav ... - Bokselskap.no

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Created at 10/6/2010, from URL:http://www.nslnorge.no/visning/NSL_Duun_MogM_tekst.html

Det var det som førte han i ulykka. (Sia visste han ikkje for vel om det var ei

ulykka, men det var ei lang tid etterpå.)

Han fall i synda med ei frammand kvinne. Ja det gjorde han det, han Helmer

sjøl i bygda. Han som kristenfolke hadde emna på til ordførar og meir stort når

dei snart tok over makta. Folk kunde ha sagt og trudd så ømse om han, men ikkje

det. Når slikt kunde hende, da måtte ein mest misstru seg sjøl òg. Der låg han. Til

skade og skam for både frikjerka og bygda. Slikt har hendt før, sa einkvan, og det

var gjerne så, men kva hjelpte det?

Gjenta var i tretiårs-alderen og hadde hatt eit barn før. Så ho burde hatt

bedre vett, men det hadde ho vel ikkje. Olga heitte ho. Ho hørte bedehuse til ho

òg. Ho såg bortgitt på han når han var oppe og tala. Einkvart i blikke hennes

heldt han fast. Han syntes det var noko reint åndelig, han hadde møtt mangt eit

blikk på ferdene sine, slikt som vermer ein i trua. Med kvart tykte han det var

einast dei to i heile lyden som song. Det var sæle stunder.

Og så gjekk det opp for han: at ho var den kvinna han hadde leita etter og

aldri funne. Det kom knapt for han at nå var det for seint. Ho kom stadig i

tankane hans, kom og var med han. Midt i arbeide måtte han sjå henne for seg.

Ho var litavori og rundlett, ho hadde kinn og munn som eit barn. Ho var frisk så

det lyste av henne. Men det var særlig auga hennes, — ja der var ikkje noko særs

ved dem, dei kom berre så livsens nær han. Forunderlig. Aldri før hadde eit

menneske komme han så nær.

Men det vart lenge før han snakka med henne. Ikkje hadde det blitt heller, om

ikkje høve hadde skapt det til slik. Det skapte det til slik mange gonger. Mange

underlige gonger; dei møttes der dei minst venta det.

Der var ei overmakt som fór ille med dem. Ikkje å spørre om tanke eller slikt,

synda var som eit oppdemt vatn i dem, dei gjekk i mørkre, lukt mot

undergangen. Underlige dagar! Ei veldig glede var over han, over dem båe.

Haustkvelden kom som ein trolldomskonst. Stilla i kring dem, og stjerneverda

over dem. Store Gud! hadde det sagt ofte i Helmer, men aldri slik, aldri slik.

Men det var i byen det skjedde. Dei møttes der sant sagt ved eit slumpehøve.

Dei tok det som eit tegn eller kva det var. Så det gjekk som det måtte gå.

Ikkje ein gong etter den uferda vakna dei. Men Helmer vakna ein dagen like

Page 12 of 176

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!