31.08.2013 Views

norges første sexologi- professorer - Universitetet i Agder

norges første sexologi- professorer - Universitetet i Agder

norges første sexologi- professorer - Universitetet i Agder

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

PORTRETTET PORTRETTET

18 TEFT

Eit eige fag vil bidra til ei meir heilskapleg fagleg

forståing av eit tema som er nærmast allestadsnærverande

i tankane våre og i kulturen vår. I

tillegg til å vere sentralt i kunst, film og litteratur

er det også forbrukartabloidisert i informasjonssamfunnet

vårt.

– Vi skal halde fram med å behandle i klinikken

vår, seier dei, og slik sett er dei kanskje i

større kontakt med røyndommen utanfor akademia

enn mange andre professorar.

– Det er pasientar og reelle problem som skal

behandlast og som dannar grunnlag for kunnskap

og vidare forsking. Vi skal dele tida vår

femti–femti mellom klinikk og akademia, forklarer

Esben Esther og Elsa.

Del 5: Performance og pardans

Og sjølvsagt kjem vi tilbake til utgangspunktet:

Esben Esther er ikkje som alle andre. Men så er

det også slik at ingen er som alle andre. Ved å

overskride våre tilvande og tillærte forståings-

kategoriar utfordrar hin nettopp dette: at ingen

er som alle andre.

– Normalitet er eit svært flytande omgrep, og

ofte ei kunstig avgrensing, seier hin.

For dette, i kraft av eigne tankar og ikkje minst

eigen kropp (som er to kjønn, med både bryst og

penis) og for framferd som nettopp forstyrrar

det vi trudde var ei grense for forstanden, skal

hin no også besøkje New Museum of New York,

der rolla er det performative, og der det performative

ligg i overskridinga sitt vesen: som kunst.

Jus, medisin, vitskap, kunst og kultur. Det er

slik samfunn blir bygde. Det er slik – ved å forstå

heilskapen – at også fag kan byggjast.

– I klinikken dreiar det seg ofte om at begjæret

og behovet er overskridande, men at det er det

på ein negativ måte – fordi det er altoverskyggjande

og dermed hemmande for eit godt liv i

samfunnet. Rolla til terapeuten blir då å finne

balansen, forklarer Elsa.

Men nokon fasit for balansepunktet finst

ikkje. Det veit Elsa og Esben Esther svært godt.

Det er kanskje det einaste dei veit heilt sikkert:

at dei ikkje veit alt heilt sikkert. Esben Esther

innrømmer at begjæret er der – også for hin –

etter å gå lenger. Å gå lenger inn i det kvinnelege.

Inn i ho. Samtidig veit ikkje Elsa om ho vil

det, ho vil ikkje gi slepp på Esben.

Sjølv om ho seier at ho ser at Esben Esther er

mest full av kraft og engasjement når hin er i kvinneuttrykk.

Ho vil gi rom for Esben Esthers talent

og la han realisere seg sjølv slik han vil. Men samtidig

skal dei leve saman, og Esben Esther må òg ta

omsyn til det, og til dei ønska og behova Elsa har.

Slik sett har dei det som alle oss andre – trass

i dei openberre forskjellane kanskje: Overskridingane

som utfordrar, og grensene som stadig

blir bekrefta på ny, etter kvart som ein tileignar

seg ny forståing for samanhengane i livet. Det å

vere opne for kvarandre. Det å lytte til kvarandre.

Det å føre og det å la seg føre i dansen. Det

er slik forhold blir bygde …

TEFT 19

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!