02.09.2013 Views

Styresak HV 024 13B - Helse Stavanger

Styresak HV 024 13B - Helse Stavanger

Styresak HV 024 13B - Helse Stavanger

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Styrearbeidet

Forholdet til dagleg leiar

Informasjon, åpenheit og omdømme

Det går fram av styresakene frå 2006 at utfordringa ved revisjonen av instruksane er å finne rette

balansen mellom oversiktlegheit, omfang og lesbarheit på den eine sida og fullstendigheit på den andre

sida.

I forslaga til revidert styreinstruks og revidert instruks for administrerande direktør som no ligg føre, er

det ikkje føreslått endringar i struktur og innhald i dei gjeldande instruksane, men ein føreslår at

instruksane blir supplerte og korrigerte på følgjande område:

Samfunnsansvar og etikk, ref. omtalen ovanfor av Helse- og omsorgsdepartementet sin rettleiar

for styrearbeid

Samhandlingsreforma, ref. lova om samhandling med kommunane

Korrigering av antall styremedlemmer omtala i styreinstruksen i samsvar med endringar gjort i

vedtektene

Korrigering av begrepsbruken m.h.t. revisjonsutvalg og tilsetjingsmyndigheit for internrevisor

som følgje av endringar i lova om helseføretak.

I tillegg til dei nemnde punkta er det klargjort litt meir i styreinstruksen korleis styret bør behandla

spørsmål som oppstår m.h.t. styremedlemmer sin habilitet i enkeltsaker og kva saker som kan medføre

at styremedlemmer som er valde av og blant tilsette må tre i frå grunna partsforholdet.

Det er nå nærmare 7 år sidan instruksane sist vart reviderte. Dei endringar som er gjort i lovgiving,

vedtekter og styringsbodskapen frå eigar på område som omfattar styret og administrerande direktør si

rolle og ansvar, bør justerast inn i instruksane. Dersom det elles er punkt i instruksane som med

bakgrunn i erfaring kan klargjerast, bør dette også omfattast av revisjonen.

Bortsett frå dei oppdateringane som er nemnde og som er lagt inn i dei justerte instruksane, kan

administrerande direktør ikkje sjå at det pr. idag er nødvendig med meir gjennomgripande revisjon av

styreinstruksen og instruks for administrerande direktør.

Fullmaktstruktur mellom føretaksmøtet, styret og dagleg leiar i Helse Vest RHF.

Etter at styret i 2006 hadde vedtatt revidert styreinstruks og revidert instruks for administrerande

direktør, vedtok styret også ein fullmaktstruktur mellom føretaksmøtet, styret og administrerande

direktør. Fullmaktstrukturen byggjer utelukkande på kva som er fastsett i helseføretakslova og

vedtektene for Helse Vest RHF og har til hensikt å klargjere myndigheits-, ansvars- og

oppgavefordelinga mellom dei 3 nemnde myndigheitsnivåa. I dette dokumentet er det gjort nokre få

korrigeringar i henvisningane til lov- og vedtektsparagrafar som ei naudsynt følgje av dei lov- og

vedtektsendringar som er gjort etter 2006.

Etiske retningslinjer.

Styret behandla i møte 07.05.12 sak om etiske retningslinjer for føretaksgruppa Helse Vest — sak 048/12

B. I vedtaket ber styret om at etiske retningslinjer årleg blir lagt fram for styret til behandling. I tillegg til

etiske retningslinjer er det også lagt ved denne saka 11 andre rutinar, retningslinjer, samarbeidsavtalar

og erklæringar innafor ulike fagområde i verksemda som sakleg knyter seg opp mot dei generelle etiske

retningslinjene. Styret har derfor hatt ein samla og brei gjennomgang av dette regelverket for mindre

enn eitt år sidan. Administrerande direktør kan ikkje sjå at det i mellomtida er gjort endringar i lowerket

eller styringsbodskapen frå eigar som tilseier at det vert gjort endringar i retningslinjene.

3

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!