14.09.2013 Views

HELSE 9 00 VEST - Helse Fonna

HELSE 9 00 VEST - Helse Fonna

HELSE 9 00 VEST - Helse Fonna

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Leiing:

I rapporten er det semje om at den innkjøpsfaglege leiinga skal skje på eit regionalt nivå og at

innkjøparane skal sitje desentralisert i helseføretaka som no. Kategorileiarane (22 stk.) vil møtast i det

som vert kalla kategorileiarforum. Knytt til organisatorisk leiing av ny innkjøpsorganisasjon skisserer

rapporten to modellar.

Sentralstyrt modell:

Modellen går ut på at organisatorisk (tilsetjingsmessig) er innkjøparane knytt til det føretaket der dei

arbeider – dette er som i dag. Den faglege rapporteringslina vil gå frå dei 22 kategorileiarane til regional

innkjøpsleiar, mens organisatorisk rapporteringsline går gjennom innkjøpsleiar/-sjef på HF-nivå som i

dag. Ansvarsområde/mynde er ikkje tilfredstillande handsama i rapporten.

Administrerande direktør i Helse Fonna meiner den sentralstyrte modellen best ivareteke helseføretaket

sine interesser i eit framtidig innkjøpssamarbeid.

Sentralisert modell:

I denne modellen vil innkjøparane bli tilsett i ei felles sentral/regional eining. I modellen forsvinn rolla

som innkjøpssjef i det einskilde HF’et og blir erstatta av kategorileiar for kvar av dei 22 kategoriane på

regionalt nivå. Skilnaden på dei to modellane er kven som eig innkjøpsressursane, RHF eller HF.

Fagressursane som skal gå inn i kategoriteama vil i begge høve tilhøyra det einskilde HF. I ein sentralisert

modell vil det potensielt vere ein unødig stor avstand mellom den operative verksemda i det einskilde HF

og ein strategisk innkjøpsfunksjon sentralt i RHF.

Ved å flytte avgjersle knytt til prioritering av anskaffingar, val av medisinsk metode, grad av

standardiseringskrav frå føretaksleiinga til kategoriteam i ein sentralisert modell, er administrerande

direktør uroa for at føretaksleiinga kan miste eit strategisk og økonomisk virkemiddel for styring.

Ressursar:

I prosjektrapporten legg vekt på at talet på innkjøparar som i Helse Vest gruppa, 24 personar, vil dekkje

den nye felles kategoristrukturen. Det er i rapporten utelukkande fokusert på kategoristyring, anskaffingar

og kontraktsadministrasjon, og ein har i mindre grad teke omsyn til dei andre oppgåvene i

innkjøpsfunksjonen som t.d. varelogistikk, bruk og oppfølging av elektroniske varekatalogar, oppfølging

av brukarar/rekvirentar i innkjøpssystemet og anna operativt innkjøp. Dette er oppgåver som skal sytast

for i kvart HF. Prosjektrapporten viser til at ein vil behalde ein ressurs lokalt for slike ”andre

arbeidsoppgåver”, utan at det er skissert ein plan for kva og på kva for ein måte desse oppgåvene

eventuelt skal kunne takast i vare av ein styrka sentral innkjøpseining i RHF og/eller av dei ulike

kategoriteama som skal opprettast.

Uavhengig av val av organisasjonsmodell må desse oppgåvene takast i vare, og det må vere ressursar i

kvart HF som kan utføre dei på ein kvalitetsmessig god måte.

I rapporten blir det peika på behov for tilførsel av ressursar knytt til definerte støtte-/spesialistroller, dette

er skissert til 2 nye stillingar. Det er ikkje konkretisert kva roller og funksjoner dei 2 nye stillingane skal

dekke.

Side av 4

3

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!