12.01.2014 Views

Odelsrett - Høgskulen i Volda

Odelsrett - Høgskulen i Volda

Odelsrett - Høgskulen i Volda

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Næravisa — onsdag 8. oktober 2008 13

ODELSGUTAR: Ivar André Skare og Sigurd Saure Bogen kan mistar odelsretten dersom Venstre og Fremskrittspartiet får viljen sin. (Illustrasjonsfoto)

Vil fjerne odelsretten

– Odelsretten stenger for nye bønder. Det er lettare for ein

afrikanar å få opphald i Noreg, enn for ein ungdom utanfrå

å få innpass i eit norsk gardsbruk, seier stortingsrepresentant

frå Møre og Romsdal, Leif Helge Kongshaug.

ANDERS MYKLEBUST

myklea@hivolda.no

Venstrepolitikaren viser til at det

nesten er umogleg i dag å få

kjøpt eit gardsbruk. Han meiner

at fjerning av odelsretten er eit

godt tiltak for å auke talet på

gardsbruk i drift.

– Jordbruket treng folk som er

interessert. Det kan motverke eit

einsidig landbruk. Derfor må vi

sleppe til folk som vil drive

gardsbruk, seier Kongshaug til

Næravisa.

– Ikkje i arv

Stortingsrepresentanten meiner

at ingen posisjonar skal gå i arv,

og at ingen skal ha fortrinn til

landbrukseigedommane. Han

nektar for at bøndene vil få

svekka makt ved fjerning av

odelsretten.

– Bøndene vil då kunne bestemme

kven som skal overta garden

etter dei, dermed får dei større

makt. Dei familiære rettane vil

og bli ivareteke, sidan andre

lovar enn odelsretten sikrar bondebarn

moglegheit til å overta

garden til ein fornuftig pris.

Sp mot

Eldar Dale i Volda Senterparti

trur ikkje odelslova har skyld i

at så mange gardar blir nedlagt.

– Det er eit større problem at

dei som eig gardane får for lett

fritak frå bu- og driveplikta. I

utgangspunktet vil eg behalde

odelslova. Samtidig er eg for

alle tiltak som vil bidra til å

auke talet på gardsbruk i drift.

Men det trur eg ikkje fjerning av

odelsretten vil gjere.

15000 jaktar gardsbruk

Nettstaden gardsbruk.no har

kvar månad rundt 15. 000 brukarar

som leitar etter eit gardsbruk.

Sida er oppretta for å auke

tilflyttinga til norske bygder og

er eit samarbeid mellom Norsk

Bonde- og Småbrukarlag, Natur

og Ungdom og Norges

Bygdeungdomslag.

– Kva slags folk er det som er

ute etter gard, Ola Elvevold i

gardsbruk.no?

– Det er alle typar folk, både

unge og gamle, og folk frå bygd

og by.

– Kva er grunnen til at folk vil

drive gardsbruk, når så mange

bønder legg ned på grunn av

lave løningar?

– Eg trur dette er folk som meiner

at landbruket er viktig, og

ser at bondeyrket har kvalitetar.

For dei handlar det nok om meir

enn pengar. Du kan nok sjå på

mange som idealistar.

Nytt blod

Fylkesleiar i Møre og Romsdal

Bondelag, Arne Magnus Aasen,

er positiv til å fjerne odelslova.

– Har de i fylkeslaget gjort dykk

opp noko meining om saka?

Odelsrett:

Nærmaste slekta til eigaren av

ein gard, har odelsrett. Denne

personen har førsterett til å

overta eigedomsretten til garden.

V og FrP vil fjerne odelsretten.

For å få det til må grunnlova

endrast. I noverande stortingsperiode

vart partia sine

grunnlovsforslag om endring

og fjerning av odelslova, nedstemt

på Stortinget. Partia har

likevel no varsla at dei vil

prøve på nytt i neste stortingsperiode.

– Det er fleire år sidan denne

saka var oppe. Men viss vi skulle

ha stemt over det i dag, ville

eg vore for å fjerne odelsretten.

At nytt blod utanfrå bondeslektene

slepp til, kan gjere oss bønder

meir nytenkjande. Det har

næringa godt av.

Dei som vil fjerne odelsretten

meiner det kan gjere det lettare

for folk utan gardsarv å

bli bønder.

I dag står 34 000 gardsbruk

tomme. Det utgjer ein femtedel

av alle gardsbruk i landet.

Rundt 80 prosent av landbrukseigedommane

i landet er

i dag odelsjord.

Kjelde: Nationen

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!