12.01.2014 Views

Odelsrett - Høgskulen i Volda

Odelsrett - Høgskulen i Volda

Odelsrett - Høgskulen i Volda

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

TIPS

OSS!

redaksjon@hivolda.no

Tlf. 70 07 51 89

Midtveke

Næravisa

Vi er òg på nett

http://nernett.hivolda.no

Sølekakedronninga

Då eg var lita, laga eg fantastisk fine sølekaker.

Dei var forma som fiskar og jordbær, og såg ut

som kulinariske meisterverk. No skal det seiast at

eg ikkje smaka mykje på dei, og med tanke på at

jord og søle og grus ikkje hadde så mykje variasjonar

i smaken, var det kanskje det som avgjorde

det heile. I tillegg var mamma ganske streng på at

ein ikkje skulle ete når ein sat i sandkassen.

Nokre månadar seinare var eg framleis veldig

glad i å bake og hadde no tatt eit steg opp i mine

kulinariske ferdigheiter. Eg tok for meg av det eg

nådde opp til i skapet, sleppte det ned på golvet

og baka der. Både mjøl, bakepulver, natron, sukker

og melis måtte bøte med livet, då golvkaka

byrja å ta form.

Eg prøvde og å invitere inn fuglar og andre dyr

inn til golvbaksten. Eg hadde nemleg fått Snøkvit

og dei sju dvergar på videokassett til jul, og der

hjelpte alle dyra til når ein skulle lage pai. Eg

ville og lage fin pai, med fuglespor på, men eg

fekk aldri tak i nokon som ville vere med på leiken.

Det var sjølvsagt nokre fuglar som prøvde,

men dei enda livet sitt mot kjøkenglaset og då var

det ikkje så mykje hjelp i dei. Heldigvis hadde eg

ein katt som frivillig, etter litt tvang, blei med på

leiken. Merkelig at ho protesterte i det heile, for

ho vart veldig fin og såg til slutt ut som ei prinsesse

med meliskrone og kvite snøføter.

Takka vere Thorbjørn Egner vart eg etterkvart i

stand til å lage kaker som kunne steikast i omnen,

men kassetten min var godt brukt og hakka

mykje, så eg fekk aldri med meg byrjinga eller

slutten på songen: ”Og til slutt i gryta slepper

man en kilo pepper (...)” Som resultat vart peparkakene

mine glødande gode, det var i alle fall det

pappa sa. Han vart veldig fin og raud i andletet så

eg skjøna at han meinte det, at han blei varm av

glede.

Eg fekk ikkje lov til å smake på herlegdomen

sjølv. Visstnok skulle ikkje kokken smake på

maten når den var ferdig, det var det bare gjestene

som skulle. Det var i alle fall det pappa sa. I

ettertid ser eg at mine kulinariske ferdigheiter

ikkje var fullt utvikla som fireåring.

Kan hende skal eg vere glad for at pappa og

mamma var så pedagogisk lagde, at dei ikkje tok

motet frå meg då. Skal tru om eg enno har teken

på søle- og peparkakene. Ein ting er i alle fall

sikkert. Eg vart ikkje kalla sølekakedronning for

ingenting!

Aurora Mirabella

MALT KORN: Dagleg leiar for Mylna, Elias Moe (53), viser fram rugflak som har vorte mala i ein valsestol.

Heimebaka best på smak

I butikkane florerar det av halvfabrikat-, pose- og kjøpebrød. Dagleg

leiar på Mylna, Elias Moe (53), tykkjer framleis at heimebaka brød

gjev best smak.

MONICA SÆBØ

aeboem@hivolda.no

– Det er mykje bra kjøpebrød i butikken

som smaker godt, men eg tykkjer

det er best med heimebaka brød. Då

kan ein kan velje den smaken, strukturen

og konsistensen ein vil. Ein har

og fleire variasjonsmogelegheiter når

ein lagar brødet heime, seier, Elias

Moe.

Dårleg tid

Elias Moe har høyrt mykje tale om at

det vert færre og færre som lagar

eigne brød, men han trur likevel at

ein finn litt av begge deler.

– Folk seier at det vert færre som

bakar brød, men eg kjenner fleire

som er flink til å bake heime. Eg veit

òg om ungdommar som bakar flatbrød

og lefser.

– Trur du folk har for lita tid til å

lage eigne brød?

– Ja, det trur eg. No er det stor forskjell

på kva situasjon ein er i. Til

dømes vil kanskje ikkje småbarnsfamiliar

ha særleg tid til overs til å

bake brød. Men det er kanskje og då

ein skulle tatt tida til å lage heimelaga

brød, med tanke på at ein kan gje

ungane noko anna enn kneip og loff

å ete.

Sparar pengar

Moe trur og at ei kan spare pengar på

å lage eigne brød frå grunnen av.

– Skal ein ha gode brød i butikken,

til dømes desse som er baka i vedfyrtesteinsomnar,

som dei sel i butikkane,

så vert det fort dyrt.

– Har du nokre tips til korleis ein kan

lage gode brød sjølve?

– Det er vanskeleg å gje generelle

tips, men om eg skulle seie noko så

er det at ein kan bruke grove variantar

av mjøl, til dømes spelt, havre og

bygg

– Trur du det er sunnare med heimelaga

brød enn kjøpebrød?

– Det er vanskeleg å vere kategorisk

og seie nei. Dei kjøpebrøda med

mykje salt og sikta kveite er ikkje

nødvendigvis av det sunnaste slaget.

Dersom ein lagar brødet sjølv veit

ein i alle fall kva ein har i det, og kor

sunt det blir, konkluderar Moe.

Når baka du brød

sist?

Ellen Hovland (32)

– For tre veker sidan. Då laga eg

grovbrød.

Olav Heltne (70)

– Nei, det er mange år sidan. Eg

hugsar ikkje sist eg åt heimelaga

brød.

Gunn Skår (46)

– Eg laga spelt- og rugbrød på

laurdag, men dei vart litt rare.

Daniel Haugsbø (20)

– Det var nok i niande klasse, i

heimkunnskapstimen. Eg trur

me baka grovbrød.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!