09.04.2014 Views

Utgave 2 - Heimevernet - Forsvaret

Utgave 2 - Heimevernet - Forsvaret

Utgave 2 - Heimevernet - Forsvaret

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

FORSVAR: Rune Lind demonstrerer knivforsvar

Hardtslåande trening i Bergen

Innsatsstyrken i HV-09 har sidan i fjor dreve med militær nærkamp. Den siste helga i

april vart nytta til intens læring.

Litt over 20 soldatar frå Innsatsstyrke Bjørn

West i HV-09 var samla i Bergen for eit intenst

kurs i militær nærkamp. Det er fyrste gong eit

slikt seminar har blitt gjennomført i forsvarssamanheng,

og at arrangementet gjekk så

bra som det gjekk er godt nytt for arrangøren,

sersjant Jens Christian Andersen.

– Alle var veldig nøgde, dette gjekk veldig

bra. Eg håpar verkeleg fleire ute i HV-Noreg

vil ta opp denne ballen og opprette lignande

grupper.

Store namn

Til vanleg er Andersen hovudinstruktøren for

gruppa, der han får hjelp av to andre støtteinstruktørar.

Med 12-15 års erfaring innan

kampsport er soldatane frå Bjørn West i gode

hender under den barske treninga. I førebuinga

av seminaret har Andersen fått mykje

støtte frå sin mentor i faget, Trond Mostue.

Han er eit kjend namn i nærkamp-miljøet, og

er sett på som øvste myndigheit innan norsk

militær nærkamp.

På sjølve seminaret fekk I-styrke Bjørn West og

profesjonelt besøk. Rune Lind er leiar for den

norske avdelinga til International Krav Maga

Federation, det internasjonale forbundet for

Krav Maga. Han er Nivå 2-instruktør i militær

samanheng, noko som vil sei at han kan lære

opp både elevar og nye instruktørar. I det

sivile liv har han og fleire kurs innan nærkamp,

og er blant dei aller mest anerkjende instruktørane

i faget i Noreg.

Med sterk støtte var det med andre ord nærmast

sjølvsagt at seminaret blei ein suksess.

Noko det blei.

spesialstyrker over heile verda blir trent i

denne kampsporten.

Eskalerar

Nærkampgruppa til I-styrke Bjørn West er

allereie populær, og jungeltrommene gjer

gruppa endå meir populær etter kvart som

tida går. Det blir sjølvsagt utført mykje trening

innan nærkamp i andre avdelingar i Forsvaret

og Heimevernet, men det er unikt at

ei gruppe trenar så mykje som I-styrke Bjørn

West. Rune Lind ynskjer, i likheit med Andersen

sjølv, at fleire avdelingar vil følgje det

gode eksempelet, og stiller seg til disposisjon

som instruktør.

– Eg har allereie hatt nokon kurs med

Innsatsstyrke Heron i HV-14 (Sør-Hålogaland),

og det er berre å ta kontakt dersom fleire ynskjer

liknande kurs. Dette er eit godt opplegg

fleire bør vere med på.

Anders Veberg

Jens Christian Andersen

BRUTALT: Militær nærkamp kan bli intensivt.

Anders Veberg

Jens Christian Andersen

Krav Maga

Den militære nærkampen er ein litt modifisert

versjon av Krav Maga, den israelske

kamsporten som ifølgje Wikipedia er ei

god blanding mellom bryting og boksing.

Kamsporten er kjend for sine effektive og til

tider brutale motangrep, og fleire militære

TØFFINGER: Jens Christian Andersen (venstre), Rune Lind (høyre)

38 HV-bladet // Juli 2010 Juli 2010 // HV-bladet 39

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!