09.04.2014 Views

Utgave 2 - Heimevernet - Forsvaret

Utgave 2 - Heimevernet - Forsvaret

Utgave 2 - Heimevernet - Forsvaret

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

NYFIKEN: Ei vaktpost blir konfrontert av ein nyfiken journalist

Vellukka øving i Trøndelag

Under Øvelse Nidaros i april fekk trøndarane i HV-12 bryne seg på ei konflikt om

ressursar, med den fiktive staten Havland.

Det var Heimevernsdistrikt 12 som skulle bli

øvd i slutten av april, og det gjekk føre seg i

og rundt Trondheim. Scenarioet øvelsen vart

utspelt rundt ei konflikt angåande olje- og

fiskeressursar. Aust for Noreg blei den fiktive

staten «Havland» plassert, ein fiskerinasjon der

demokratiet blir gradvis svekka. Midt mellom

dei to statane ligg «Sonen», eit område rikt på

ressursar. Noreg og Havland kjem ikkje til ei

enigheit om kven som har rett på ressursane,

og forholdet blir stadig meir ampert.

Godt samarbeid

Det var ikkje berre Heimevernssoldatar på

land som vart øvd under Nidaros. Kapasitetane

på vannet fekk og prøvd seg, blant anna

på ein redningsaksjon i Ytre Trondheimsfjord.

Tre personar på ein fritidsbåt hadde fått problem,

og Sjøheimevernet måtte rykke ut.

Kapasitetane Sjøheimevernet kunne stille

med, hadde høg etterspurnad under øvinga.

Dette er som bomull i øyrene for Geir Småvik,

som er sjef for Waxwing, I-styrken frå SHV.

Under øvinga stilte Waxwing med 69 soldatar

og tre fleirbruksfartøy, og alle kapasitetane

fekk god øving.

– Det viktigaste for oss under øvinga var å betre

samvirket mellom land- og sjøkapasitetar. Dette

føler me at me fekk gjennomført. Alle kapasitetane

me hadde fekk øvd på det dei skulle, og

sånn sett fekk me veldig godt treningsutbytta av

øvinga, konkluderer Småvik

Det er fyrste gong Heimevernet sine kapasitetar

på land og sjø samarbeider på denne

måten, og begge er veldig nøgde med eit

fruktbart samarbeid. Waxwing samarbeider

førebels berre med HV-12, og blir derfor øvd i

samsvar med landkapasitetane ein gang kvart

tredje år, under øvelse Nidaros. Dei håpar

likevel å kunne samhandle meir med HV-12

før tre år har gått.

Luftvern bidrog

HV-12 samarbeidde ikkje berre med Heimevernet

sine sjøkapasitetar under Øvelse Nidaros.

Luftvernartilleribataljone (LVBN) deltok

og, med sikring og overvåking av luftrommet

i øvingsområdet. Det er og fyrste gong Heimevernet

øver saman med LVBN.

Major Tom Christiansen er nestkommanderande

i LVBN, og var svært nøgd med samarbeidet

mellom dei to avdelingane.

– Me fekk effekt der me ønska effekt. Eit

viktig fokus for oss var å etablere samvirke

med Heimevernet, som har det teritorielle

ansvaret. Med dei virkeområda me har, er det

veldig naturleg å jobbe saman med Heimevernet,

og dette samarbeidet ynskjer me å

videreutvikle.

LVBN vil ikkje jobbe med berre HV-12, men

og med andre HV-distrikt i regionen. I veke 20

skal og LVBN delta undet eit etteretning- og

sikringsseminar for alle HV-distrikta, blant

anna for å styrke samarbeidet.

Konklusjon: Suksess

Kommandør Lyder Karlsen er sjef HV-12, og

har minst ein ting til felles med Tom Christiansen

og Geir Småvik. Han er svært nøgd med

øvinga i sin heilheit, og korleis samarbeidet

mellom avdelingane blei utført.

– Dette var ei øving med stort omfang, med

heile 1100 soldatar og 300 køyretøy. Me

klarde oss utan personskadar, og fekk utbytte

av treninga me gjorde. Alle var motiverte og

gjorde ein innsats, og me fekk i tillegg god

støtte frå fleire andre avdelingar, t.d. Forsvaret

Logistikkorganisasjon.

Kommandør Karlsen presiserer og at det var

eit tett og godt samarbeid mellom det sivile

og det militære under øvinga. Han peiker her

spesielt på samarbeidet mellom Heimevernet

og politiet, som gjekk knirkefritt. Han legg og

til at distriktsstaben viste veldig god operativ

status under øvinga.

Nådde målet

Av definerte mål for Øvelse Nidaros, drog

kommandør Karlsen fram spesielt eitt som var

konkret.

– Målet var å utvikle samarbeidet mellom

kapasitetar på sjø og land, i forhold til Taktisk

Mobilt Samvirkekommande (TMSK). Det vil eg

sei var vellykka.

Etter å ha høyrt synspunkta til dei involverte,

kan ein konkludere med at Øvelse Nidaros var

så absolutt vellykka. Alle dei involverte virka

nøgde, både på leiingsnivå og bakkenivå. Når

til og med været var på plass, og den mykje

omtala oskeskya frå Island ikkje klarde å stikke

kjepper i hjula for øvingsleiinga, kan Øvelse

Nidaros bli sett tilbake på med eit positivt

blikk.

Anders Veberg

Anders Veberg

OBSERVANT: Etter å ha oppdaga ein mistenkeleg haug ute i skogen, er kikkerten god å ha.

Gjer soldatane gode

HV-mannskap får ikkje mykje utbytte av ei øving utan markørar. Under Øvelse

Nidaros fekk HV-Bladet eit innblikk i markørens kvardag.

Ein ting kan avsløras med ein gong.

Markørteneste involverar venting. Mykje venting.

Det var stort sett denne delen HV-Bladet

fekk med seg, men markørane på staden

kunne fortelje at tenesta i si heilheit var både

spanande, interessant og lærerik.

Den andre sida

Troppsjefen for markørtroppen heiter Håvard

Østgård. Troppen hans befinn seg no i Agdenes,

omringa av flott natur. I spelet er dei

no medlem av gruppa «Knyttet Hånd», som

sympatiserar med Havland i konflikta som

utspelar seg.

Når HV-Bladet kjem til staden, er dei i gang

med å sette opp eit land-til-luft-våpen, og

planen er at Heimevernets innsatsstyrke skal

komme og pågripe «terroristane»

Uvanleg oppgåve

Østgård kunne fortelje at han vart litt overraska

den dagen han las oppdraget til troppen

sin under Øvelse Nidaros. Han er likevel

nøgd med det han gjer, og tykte det var ei

artig oppleving å vere på den andre sida.

– Me har køyrt rundt i suspekte, sivile bilar, og

speida etter HV-soldatar ute i skogen. Nokon

av dei har me sett, men dei er veldig flinke til

å gøyme seg i skogen. Av og til har me vorte

overraska sjølv, blant anna av noko snublebluss

me støtte på i går.

Spelar dei andre gode

Sjølv om Østgård innrømmer at det til tider

klør i fingrane etter å gjere sitt beste for å

finne «motstandarane» ute i skogen. HVsoldaten

i han vil gjere oppgåva si, og vere

på den rette sida. Likevel held markørane eit

godt fokus på oppgåva, og speler rollene dei

har fått.

Solnedgangen nærmar seg med stormsteg,

og ingenting skjer. Østgård og eit par av soldatane

i troppen har reist ut på patrulje, mest

for å skape aktivitet og «erte» soldatane han

veit ligg i skogen.

Eit par timar seinare får HV-Bladets utsendte

beskjed om at det ikkje vil skje noko her i

kveld, kanskje ikkje før morgonen etter. Skuffa

må me pakke saman utstyret vårt, og vende

snuten attende til basen.

Angrep i morgontimane

I ettertid kunne Østgård fortelje korleis

scenarioet i Varvika utspelte seg. Klokka 06.00

kom eit overfall, leda av kapasitetane til sjøs.

Innsatsstyrken opna ild, og markørane såg

seg nødd til å svare. Planen var i utgangspunktet

at «terroristane» i Varvika skulle bli

pågrepne, men etter ildåpning endte det

med at alle markørane på staden vart tatt ut.

På nokre måtar eit tragisk utfall for Håvard

Østgård og troppen hans, men målet vart

oppnådd. Innsatsstyrken fekk trent på det

dei skulle, og alle kunne derfor gå nøgde frå

staden. Bortsett frå Håvard Østgård, for han

er død.

Anders Veberg

Anders Veberg og Benedicte Eggesvik

MONTER: Det nye anti-luftvåpenet Havland kan skilte med blir her montert av «terroristene»

8 HV-bladet // Juli 2010 Juli 2010 // HV-bladet 9

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!