22.04.2014 Views

FDP Senter - Hordaland fylkeskommune

FDP Senter - Hordaland fylkeskommune

FDP Senter - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

ekspansjon vert knytt opp mot auke i folketal eller kundegrunnlag.

I dei mindre tettstadene i distrikta er problemstillingane i større grad knytt til

nyetableringar av mindre kjøpesentra/ nye matvarekjeder utanfor eksisterande tettstad.

I mange tilfelle medfører dette nedleggingar av forretningar og forfall i eksisterande

sentrum, då staden ofte er for liten til å ha begge deler og avstandane blir for store.

5.3 Tilrettelegging for tenleg transport

5.3.1 HANDELEN SI VERKNAD FOR REISEMØNSTER

Utbyggingsmønsteret i fylket er eit resultat av lokalisering av arbeidsplassar, bustader,

service, topografi og transport. Fylket har mange fjordar, fjell, ein spreidd busetnad og

har derfor mange heller små sentra med eit geografisk stort oppland. Samling av mange

funksjonar på ein stad skapar færre reiser enn om dei ligg spreidd. Lokalisering av

arbeidsplassar, handel og service i høve til transportnettet kan såleis ha stor innverknad

på transportarbeidet totalt.

På landsbasis utgjer handlereisene 22% (1998) av alle reiser, i Bergen er prosentdelen

lågare, 17 % (2000). Det viser seg at andel av handelsreiser er redusert med 20 % frå

1992. Samtidig har tal reiser auka, slik at totalt sett har det truleg vore ein viss auke i

tal handelsreiser med bil. I Bergen skjer 76 % av handelsreisene innan eigen bydel, ein

prosentdel som har auka sidan 1992. Dette kan tyde på at bydelane i Bergen i store trekk

har eit variert og likeverdig tilbod.

Dei fleste reiser skjer mellom heim og arbeid, og mange handlar i samband med arbeidsreiser.

Dermed har truleg lokalisering av bustad og arbeidsplassar større innverknad på

transportbehovet enn lokalisering av handels- og servicetilbod. Likevel har handelsreiser

ei viss innverknad på det totale transportbehovet.

5.3.2 OPTIMAL LOKALISERING AV SERVICE OG HANDEL – A, B, C - PRINSIPPET

For å utnytte kapasiteten på vegnettet best mogeleg og redusera transportbehovet, bør

verksemder lokaliserast mest mogeleg optimalt i høve til transportbehov og vegnett.

Rett lokalisering av verksemdene i høve til transportsystemet reduserer også transportutgiftene

for verksemdene.

I Nederland er det utvikle eit prinsipp for rett lokalisering av verksemder i høve til

transportsystemet ofte kalla ABC- prinsippet.

Areala i eit område vert klassifisert i A-, B- og C- område etter kor god tilgjenge er med

bil og kollektive transportmiddel (tilgjengeprofilar). På same måten vert nærings- og

serviceverksemder klassifisert som A, B og C- verksemder etter kor mykje transport dei

genererer (mobilitetsprofilar) eller har behov for.

24

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!