22.04.2014 Views

FDP Senter - Hordaland fylkeskommune

FDP Senter - Hordaland fylkeskommune

FDP Senter - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

VEDLEGG 6

HANDELSOMLAND OG HANDELSANALYSE

I dette kapitlet vil ein drøfte og tilrå ein metodikk for å vurdere nye store handelstilbod.

Handelsanalyse er eit verkty som bør brukast ved vurdering av nye store handelstilbod.

Definisjon av handelsomland er eit viktig omgrep for å definere geografisk kundegrunnlaget

for handelstilbodet.

Handelsomland til regionsentra

Med handelsomland meiner vi er her eit geografisk definert område rundt ein by eller

tettstad. Dei busette innafor dette området utgjer kundegrunnlaget som skal leggjest

til grunn ved vurdering av om eit handelstiltak er tilpassa staden sin storleik, funksjon

og handelsomland ved etablering av nye større handelstilbod. Det er likevel grunn til å

presisere at handelsomlanda skal nyttast ved vurdering av nye tiltak, og at ein sjølvsagt

verken kan eller skal regulera kvar folk skal handla.

Handelsomlandet kan fastleggast på fleire måtar; ut frå administrative grenser, avstandssoner

eller ”kulturelt ” definerte handelsomland. Det ”kulturelle” omlandet må

ein definera ut frå lokalkunnskap eller kartlegging av kvar folk handlar. Det endrar seg

også over tid som følgje av ma. opning av nye vegsamband, endra busetjings- og sysselsetjingsmønster

og endra reisevanar.

Mest vanleg er det å definera handelsomlandet etter kommunegrensa. Det er då enkelt

å følgje utviklinga over tid og å skaffa eksakte data. Dei verkelege handelsomlandet

følgjer likevel ikkje alltid dei administrative grensene.

Bergen er eit stort og leiande service- og handelssenter for heile Hordaland og store

deler av Vestlandet. Ein reknar derfor heile fylket som handelsomland for Bergen.

For å få fram handelsområde som er meir i samsvar med kvar kundane til eit senter

verkeleg kjem ifrå, har ein valt å leggje grensa der det er om lag like lang reisetid til

to ulike regionsentra. Ein reknar med at folk stort sett vel det senteret som ligg nærast.

For Straume og Knarvik er linjene likevel justerte etter kulturelle grenser og kjennskap

til handlevanar i områda. Det kan sjå ut til at kundar som bur i Bergen kommune reiser

heller til det lokale bydelssenteret i Bergen enn til senteret i grannekommunen sjølv om

reiseavstanden kan vere kortare dit.

Dei foreslegne handelsomlanda er eit forenkla verktøy for å rekna ut kundegrunnlaget i

handelsanalysar ved vurdering av planlagt handel. Det vil alltid vere mange kundar som

kryssar grensene for sitt naturlege ”handelsomland”. Fleire av handelsomlanda slik de

her er definert, vil overlappe kvarandre. Utrekning av kundegrunnlag i overlappande

soner vil vere for komplisert i denne samanhengen og vil ikkje gi vesentleg betre vedtaksgrunnlag.

50

For fastlegging av handelsomland, folketalet/kundegrunnlaget i dei definerte områda

er det brukt eit GIS – dataverktøy (Geografisk informasjonsverktøy og punktfesta

befolkningsdata for år 2000. Alle befolkningsdata gjeld berre innafor Hordaland fylke.

Folgefonntunnel og Trekantsamband er lagt inn i utrekningane.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!