22.04.2014 Views

FDP Senter - Hordaland fylkeskommune

FDP Senter - Hordaland fylkeskommune

FDP Senter - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Fylkesdelplan for senterstruktur og lokalisering av service og handel

2 0 0 2

offentleggjort på kommunenivå i Styrings- og informasjonshjulet for helse og sosialtenestene

i kommunane. Er inntekta i kommunen eller regionen lågare enn for fylket

vil korreksjonen gje ein høgare dekningsgrad. Er inntekta høgare, vil dekningsgraden

bli mindre.

Sesongvariasjonar. Det er fleire årsaker til dette. Til dømes har områder med vidaregåande

skular med elevar frå andre distrikt ei lågare omsetjing om sommaren enn elles

i året. Sesongarbeidsplassar skaper tilsvarande svingingar i omsetjinga. Blir det ikkje

teke omsyn til slike svingingar, vil dekningsgraden bli for høg. Ein kan i prinsippet

justere nemnaren i formelen med eit ledd som representerer høgsesongen:

(Gjennomsnittsforbruk * tal busette) + (gjennomsnittsforbruk mellombels busette * tal

mellombels busette)

Korreksjon av teljaren

Varehandelsstatistikken omfattar fire hovudgrupper av detaljhandel:

52.1, 52.2, 52,3 og 52,4 Butikkhandel med nye varer

52,5 Butikkhandel med brukte varer

52,6 Detaljhandel utanom butikk. Postordre, torghandel

52,7 Reperasjon av hushaldingsvarer og varer til personleg bruk

Det er naturleg å trekkje dei tre siste gruppene ut av detaljomsetjinga, både ved utrekning

av detaljomsetjinga og gjennomsnittsforbruket.

Dagpendlarar. Kommunar med store arbeidsplassar kan forventast å trekkje til seg dagpendlarar

frå andre distrikt. Desse vi ofte handle i tilknyting til arbeidsreiser. Dette vil

føre til at dekingsgraden er for høg. Eventuelle korreksjonar må gjerast skjønnsmessig

eller ved marknadsundersøkingar.

B Fastsetje omsetjingsdelar

Det vil ofte vere aktuelt å følgje med i korleis omsetjingsdelane til ulike delar av ein

region eller kommune utviklar seg. Omsetjingsdelar kan reknast ut slik:

OMSETJINGSDEL =

DETALJOMSETJING I EIN BY/TETTSTAD *100

TOTAL DETALJOMSETJING I KOMMUNE ELLER REGION

C. Fastsetje sesongvariasjonar

Sesongvariasjonar kan lesast ut i frå Terminstatistikk for varehandelen. Denne statistikken

gir omsetjinga i detaljhandelen terminvis, dvs. for 6 periodar i året. Slike

variasjonar har m.a. samanheng med turisme, julehandel etc. Det kan vere grunn til å

vurdere nærare områder med spesielt store sesongvariasjonar.

53

D Fastsetje verknaden av eit nytt handelstiltak

Ved vurderingar av nye handelstiltak bør det liggje føre ein plan for storleiken på utbygginga,

under dette storleiken på butikklokalet. Ein må starte med å vurdere kor stor

omsetjing det nye handelstiltaket vil oppnå. Det er då to forhold som må vurderast:

Kor stor omsetjing kan utbyggjar rekne med ut i frå storleik? Her kan oversyn frå

Handelen og Servicenæringens Hovedorganisasjon over omsetjing pr. kvadratmeter for

ein del kjøpesentra gi eit haldepunkt.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!