Norsk Svømming nr 1 - Norges Svømmeforbund
Norsk Svømming nr 1 - Norges Svømmeforbund
Norsk Svømming nr 1 - Norges Svømmeforbund
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Han var aldri den store

barnestjerna, men har

like fullt prestert som

ingen andre norske symjarar

i vaksen alder.

Alexander Dale Oen lengtar

framleis mot toppen.

Om det er øvste trinnet

på pallen, eller ein ny og

uprøvd fjellformasjon.

VIDAR ALFARNES [TEKST OG FOTO]

HÅVARD BJELLAND [FOTO]

ALEXANDER DALE OEN [FOTO]

Norsk Svømming har ete frukost med

symjaren, fotografen, friluftsmenneske

og globetrottaren Dale Oen. Som mange

andre vestlendingar oppvaksen omtrent

i fjøresteinane, veit han eitt og anna om

utferdstrong og hardt fysisk arbeid.

– Eg er berre så utruleg glad for at eg fekk

sjansen til å veksa opp langt ute på landet.

Trur knapt eg kunne hatt det betre

enn i Øygarden. Eg er også heldig som

har ein storebror som Robin. Sjølv om han

er fem år eldre enn meg, trudde eg alltid

at eg skulle ta han. Vi konkurrerte om alt,

og var høgt og lågt. Men eg måtte stort

sett gje tapt. Det var ikkje sjeldan han sat

over meg, og eg hadde hendene rett opp

og ropte: ”Eg gjer meg”.

Høg arbeidsmoral

– Når eg tenkjer attende kjem eg også

på at Robin alltid trudde han skulle ta

pappa i handbak. Men det klarte han

aldri. Veit ikkje om han klarar det den

dag i dag, smiler Alex.

Pappa Ingolf har vore maskinist i eit

langt liv, og har eit utal turar på fiske bak

seg. Bestefedrane til Robin og Alex var

også fiskarar. Den eine var med i ein

konvoi under D-dagen i Normandie. Den

andre har vore heilt til Sørishavet.

– Noko av det første eg lærte i livet mitt

var at ein skal vera stolt av det ein driv

med. Og ein annan ekstremt viktig ting:

Det er svært hendig når ting kjem lett,

men når ein har jobba som hardast for

noko, er gleda over å få det til endå større.

Lærdom eg har teke med meg inn i

min kvardag som toppidrettsutøvar, fortel

sølvmedaljøren frå Beijing-OL.

Endra på opplegget

Sjølv var Alex 13 år då han for alvor sa

at han skulle bli ein god symjar, og

Norsk Svømming har ete frukost med ein svolten Alexander Dale Oen. – Det er supert

at norsk symjesport er i kraftig utvikling, men ingen er betre enn sitt neste løp, seier

den eminente brystsymjaren frå Øygarden.

satsa friskt. Men dei store resultata kom

ikkje.

– Det var først som 17-åring at eg innsåg

at det måtte drastiske endringar til i treningsopplegget

om eg skulle bli så god

som eg verkeleg ønskte. Og sidan har

det stort sett gått rette vegen.

Kameramann

Vanlegvis er det 24-åringen frå

Øygarden som vert intervjua og teken

bilete av. Det kanskje ikkje alle veit er at

Dale Oen sjølv er ein framifrå fotograf.

Han er for tida fotostudent på Norges

Kreative Fagskole i Bergen, der målet er

å ta ein bachelor innan fotokunsten.

– Med åra har eg vorte meir og meir

interessert i estetikk. Ikkje noko kan

måla seg med vakre landskap. Å vakna

opp saman med sola på Skålatårnet

(1850 moh) i Loen ein septembermorgon

klokka halv seks, med nysnø på toppane

og ein utsikt som er tilnærma uendeleg:

Då blir det berre ikkje flottare.

Eller når eg har puddersnø under plankane

saman med gode vener ned fjellsidene

i Lofoten, og havet formeleg kjem

mot oss. Det er opplevingar som gjer

noko med deg som menneske, og du

kjenner deg uendeleg privilegert, hevdar

Dale Oen.

Hentar impulsar

Men om han er aldri så glad i heimlandet

sitt, veit den eminente brystsymjaren

betre enn nokon at impulsar og

påverknad frå det store utlandet er både

nyttig og naudsynt.

– Før jul var eg i Japan og trena saman

14 [NORSK SVØMMING 1/2010]