06.09.2014 Views

Norsk Svømming nr 1 - Norges Svømmeforbund

Norsk Svømming nr 1 - Norges Svømmeforbund

Norsk Svømming nr 1 - Norges Svømmeforbund

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Alexander Dale Oen Det har vore ein usedvanleg kald og snørik vinter i Bergen. Han er glad han kan pakka vekk topplua og reisa

med landslaget til Miami i 14 dagar.

med Kõsuke Kitajima og trenaren hans,

Nori Harai. Kitajima har vore den

leiande brystsymjaren i verda i mange

år, og det var også han som tok sigeren

i sølvløpet mitt. Å vera saman med

desse folka, og å få oppleva storbyen

Tokyo (36 millionar innbyggarar) på

nært hald i tre veker, var heilt spesielt.

Å ta del i eit miljø der respekt, disiplin

og takksemd er det essensielle, var

lærerikt både treningsmessig og reint

menneskeleg.

[Likt og ulikt om Alexander Dale Oen]

Siste boka du har lese?

– Eg held på med ei nett no, ”Words that

work”. Den handlar om korleis George

Bush jr. kunne vinne valet i USA, når alt

talte imot. Om makta til den som skriv

talane. Det er ikkje kva du seier som er

avgjerande, men kva mottakaren høyrer.

Interessant. Er ikkje veldig interessert i

skjønlitteratur.

Er Bergen symjehovudstaden?

– By far. Bergen er og blir den sterkaste

symjebyen. Trur det heng nøye

saman med at det alltid har vore god

konkurranse mellom klubbane i byen.

Difor er det også heilt naturleg at

hovudanlegget kjem her. Bergen har i

dag ingen arenaer av internasjonal

storleik.

Bryr du deg om Brann?

– Spelte fotball heime i oppveksten, og

var nok Brann-patriot den gongen. I

dag er ikkje fotball noko eg har særskilt

interesse for. Men klubben har ein

enorm posisjon i Bergen.

Olympiatoppen?

– Eit fantastisk apparat. Treng eg lege,

ernæringsråd eller fysikalske hjelp er

det berre å ta ein telefon. Sjølv er eg

gjerne innom ein gong kvar tredje

veke. Litt pinleg at eg ikkje veit namnet

på fleire av dei eg møter der.

Kor mykje trenar du?

– På vekedagane er det to eller tre økter.

I helgane som oftast rolegare. Den første

økta startar ofte klokka seks om morgonen.

Då kan det vera nærare 30 konkurransesymjarar

på plass i Sentralbadet. Eg

prøver også å kvile ein time i løpet av

dagen.

Kva gjer deg forbanna?

– Folk som berre klagar, sjølv når ein bur

på fine hotell og et god mat på restaurant.

Det er noko av det verste eg veit.

Når ein bur i Noreg har dei fleste det

ufatteleg bra, og då burde ein vera takksam

i staden for å syta og klaga.

Kor går draumeturen?

– Det er mange utflukter eg kunne

tenkt meg å vera med på. Men kanskje

står ein skitur til Sydpolen øvst på

ønskelista. Let meg lett fascinera av

slike ekstremopplevingar, og trur det

kunne vore noko å strekkja seg etter.

Kva er drivkrafta?

– Det er når du slår inn i bassengkanten,

kikkar opp på tavla og ser at du

har smadra persen, eller sett ny OLrekord.

Det er opplevingar som også

får deg til å lika smerte like mykje som

den høgaste ekstasen. Og berre slik

kan ein leggja grunnlaget for det heilt

store.

[NORSK SVØMMING 1/2010] 15

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!