08.11.2014 Views

Nr. 1/2008 - Norsk Sau og Geit

Nr. 1/2008 - Norsk Sau og Geit

Nr. 1/2008 - Norsk Sau og Geit

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Følgjande kronikk stod i Nationen for ei lita tid tilbake. Denne syntes vi

var så god at vi har bedt om å få lov å gjengje den her i Sau og Geit,

sidan mange av våre lesarar sikkert ikkje abonnerer på Nationen.

Kronikk

Beitedyr, mathandel og klima

Denne kronikken tek utgangspunkt i

synsmåtar frå Framtiden i Våre Hender

(FIVH). Miljøorganisasjonen har dei siste

åra fokusert mykje på landbruk. I korte

trekk er deira syn:

a) Kjøtforbruket i Norge og verda er

svært miljøskadeleg og må ned.

b) Av husdyr er beitedyra, særleg sauen,

det store problemet. Lyst kjøt, altså

svin og kylling, gir mindre klimaskadar.

c) I svært mange høve er langtran -

sportert, også flytransportert, mat eit

mindre miljøproblem enn norsk -

produsert mat.

Den første synsmåten er eg samd i og

bruker ikkje fleire ord på. Påstand b og c

er eg usamd i, og resten av dette innlegget

er argument mot desse påstandane.

Hovudargumentet mot drøvtyggjande

dyr er at dei skil ut metan. Einmaga dyr

gir ikkje frå seg metan utanom i gjødsla.

Som drivhusgass er metan 50-60 gonger

sterkare enn CO2. Men til skilnad frå

CO2 blir metan broten ned i atmos -

færen, på 10-12 år. Når det gjeld

utsleppsskade, er det difor vanleg å

rekne metan som ein vel 20 gonger så

sterk drivhusgass som CO2.

FIVH reknar dei samla klimautsleppa

frå metanutskiljinga, frå kraftfôrbruken,

kunstgjødsel og transport. Dei konklu -

derer med at sau og andre beitedyr,

iallfall i vårt land, er meir miljøskadelege

enn svin og kylling.

Men dei gløymer jorda. Gras og

andre eittårige planter bitt karbon om

våren og gir det frå seg att når dei visnar

og døyr om hausten. Slik sett er stabil

plantevekst klimanøytral. Men om utmark

blir teken i bruk til beiting, blir jorda

gjødsla og planteveksten tiltek. Resultatet

blir at karbon blir lagra i jorda som

planterøter og små og større jordorganismar.

Det å auke beitinga bidreg slik til

ein kaldare klode. Det å avslutte beitinga

i eit område bidreg til at karbon blir

frigjort over stutt tid og difor til ein

varmare klode.

Fleire undersøkingar tyder på at

beiting fører til så mykje karbonlagring at

det vanlegvis overstig skaden ved metan -

utslepp frå dyra.

Kva så med kylling og svin? Korn er

einaste føda til desse dyra. Då FIVH laga

sine reknestykke for nokre år sidan, var

korn overskotsvare i den rike delen av

verda. I EU og USA vart bønder betalde

for å brakkleggje kornåkrar. I dag har

etterspørselen skote i vêret. Det er tre

grunnar. For det første aukar forbruket

av lyst kjøt, særleg i Kina, slik at dei treng

meir korn for å produsere dette kjøtet.

For det andre har bruken av biobrensel

skote fart, særleg i USA. Der går halv -

delen av all mais no på biltanken, og

bonde etter bonde legg om til mais –

subsidiert frå styresmaktene. For det

tredje blir me fleire menneske på kloden.

Det er altså kornmangel. Temaet i

denne artikkelen er ikkje kva følgjer det

får for verdas sveltande, men for kjøt -

produksjonen. For det om kylling- og

svineprodusentane har betalingsevne til å

kjøpe fôr til sine dyr, må dette fôret

produserast anten på nye areal eller med

meir intensiv produksjon på eksisterande

areal. Blir nye område rydda og dyrka til

kornmarker, vil jordarbeiding og pløying

frigjere mykje av den CO2-en som er

lagra i jorda, slik at utsleppa aukar. Meir

intensiv produksjon på eksisterande areal

skjer med meir, energikrevjande kunstgjødsel,

meir sprøytemiddel og med å

erstatte eksisterande planter med

genmodifisert plantemateriale.

Og spørsmålet går til FIVH: Er dette

miljøvennleg?

FIVH tek altså utgangspunkt i dagens

driftsmåtar. Kraftfôrbruken er høg også i

sauehaldet, blant anna fordi bønder i tiår

har vorte rådde til å pøse på med kraftfôr

til dyra sine. Men me må også sjå på

kva for potensiale produksjonane har. I

sauehald og annan kjøtproduksjon på

beite finst eit stort potensiale for om -

legging til meir klimavennleg drift. Sauen

omdannar gras, som menneske ikkje kan

ete, til kjøt som menneske kan ete og til

ull. I vår del av verda er det grunn til å

tru at klimaendringane vil gi meir grasvekst,

fordi karbondioksid gjødslar jorda

og fordi vekstsesongen blir lengre. Eit tilsvarande

forbetringspotensiale finst ikkje

i svine- og kyllingproduksjon.

Kva så med kortreist eller langreist

mat? FIVH er mot nasjonal matsuverenitet.

Dei ser i staden for seg ei framtid

med regulert matflyt over landegrenser,

der maten blir produsert der klima -

skadane er minst og frakta på så effektivt

vis som råd til konsumentane.

Også eg som skriv dette, meiner

element i norsk matproduksjon ikkje er

berekraftige og må opphøyre. Men

normalsituasjonen er at produksjon

innanlands er meir miljøvennleg enn

import. Det ser me om me analyserer

verdsmarknaden for mat. I mai kosta

kveiten 200 $ tonnet, no er prisen over

400. Mais har auka med 50 %. Prisen på

så å seie alle andre matvarer har stige

med minst 30 % desse månadene.

Mekanismen er enkel: Når etter -

spørselen aukar, aukar prisane, og agro -

industri og handelsbønder dyrkar meir

jord, tek meir utmark og regnskog og

myrmark til landbruksland og driv jorda

og dyra hardare. Den aller mest effektive

metoden er ofte å gå på akkord med

miljøet.

Difor er det uhaldbart når FIVH

samanliknar to eksisterande produksjonsområde,

som sauehald i Norge og på

New Zealand. Kan hende kan akkurat

me kjøpesterke norske handle økologisk

sau frå New Zealand, men for verdas

handelslandbruk betyr det at nye og ofte

sårbare område og produksjonsmåtar

blir tekne i bruk. Det er desse produksjonane

som må jamførast med mat -

produksjon i Norge, og då blir rekne -

stykka heilt andre.

Men verda har då hatt matoverskot i

tiår, legg ikkje eg no berre nokre månaders

utvikling, eit blaff, til grunn for min

argumentasjon? Alle som har følgt verdas

matforsyning, har visst lenge at over -

gangen frå tilsynelatande overskot til

matmangel snart ville kome. Og det er

meir sannsynleg at matmangel og høge

prisar blir verande enn at det blir eit

blaff. The Economist 8. desember spår i

ein grundig gjennomgang av verdas landbruksmarknad

at det høge prisnivået blir

ståande i minst eit tiår.

Både når det gjeld beitebruk og mattransport

må altså FIVH revurdere si

tenking. Dei må innsjå at det er utilstrekkeleg

å fokusere på enkeltfaktorar, me

må i staden utvikle heilskaplege miljø -

analysar.

Olav Randen

Sau og Geit nr. 1/2008 • 15

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!