25.01.2015 Views

2007 - Hordaland fylkeskommune

2007 - Hordaland fylkeskommune

2007 - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Hordaland fylkeskommune sitt

internasjonale engasjement

- RAPPORT OVER VERKSEMD I 2007

1 Generelt om internasjonalt arbeid

1.1 Nasjonale rammer for det internasjonale

arbeidet

Noreg er ein del av eit stadig meir samanvevd

internasjonalt samfunn. Internasjonale avtaler,

så vel som utviklinga på den internasjonale

marknaden påverkar Noreg, heilt ned til dei

lokale effektane. Den auka globaliseringa er ei

utfordring for norske verksemder som må

konkurrere med lavkostnadsland, men den gir

og moglegheiter for eit auka samarbeid over

landegrensene. Regionalpolitikken er eit godt

døme på sterkare internasjonal integrering.

Regionar samarbeider over landegrensene med

utfordringar. Internasjonalt samarbeid har og

blitt ein viktig reiskap for læring, erfaringsutveksling

og politikkutvikling.

Internasjonal deltaking understrekast og i dei

førande dokumenta frå regjeringa. Kvart fjerde

år leggast det fram ei stortingsmelding om mål

og strategiar i distrikts- og regionalpolitikken. I

alle dei tre siste prinsippmeldingane (1996-

1997, 2000-2001 og 2004-2005) har verdien av

internasjonale samarbeid og program blitt

understreka. I den siste av dei, St. meld nr 25

”Om Regionalpolitikken” (2004-2005)

framhevast internasjonalt samarbeid igjen som

eit av dei sentrale virkemidla for å nå dei

regionalpolitiske måla; ”Internasjonalt

samarbeid: Regjeringa legg opp til at Noreg

skal halde fram med å delta aktivt i fleire typar

av samarbeid for regional utvikling over

landegrensene, gjennom Barentssamarbeidet,

Interreg og nordisk samarbeid.

Det er viktig å sjå på internasjonalt samarbeid

som ein reiskap for å nå dei måla som

fylkeskommunen har satt, og ikkje som eit mål i

seg sjølv. Dette presiserast og i St. meld. 19

”Nye oppgåver for lokaldemokratiet” (2001-

2002); ”Deltaking i internasjonalt

regionalpolitisk samarbeide har som

utgangspunkt dei forskjellige moglegheitene og

utfordringane ein region står ovanfor.

Deltaking i slikt samarbeid skal på lik linje med

andre verkemiddel bidra til å fremme ein god

regional utvikling (..)Det internasjonale

samarbeidet må inngå som ein integrert del av

det regionale utviklingsprogrammet.”

Derimot er det internasjonale arbeidet ein særs

viktig reiskap for fylka, eit faktum som

regjeringa har understreka ved fleire høve; I St.

meld 21 ”Hjarte for heile landet Om distriktsog

regionalpolitikken” (2005-2006)

understrekast nok ein gang fylkeskommunane si

rolle som regional utviklingsaktør med at

”Deltaking i internasjonalt regionalpolitisk

samarbeid er i dag ein integrert del av det

regionalpolitiske arbeidet til dei fleste

fylkeskommunane.”

Det er ikkje bare samarbeidet gjennom dei EUfinansierte

programma, slik som Interreg, som

blir tillagt vekt, i St. Meld 12 ”Regionale

fortrinn – Regional framtid” (2006-2007)

understrekast det og kor viktig det er å ”delta i

faste internasjonale samarbeidsorganisasjonar

eksempelvis (..) Nordsjøsamarbeidet”.

Den internasjonale verksemda i Hordaland

Fylkeskommune er dermed i god

overeinstemming med dei føringane som er lagt

frå regjeringa si side.

1.2 Dei politiske rammene for det

internasjonale engasjementet i Hordaland

Regjeringa sin fokus på internasjonalt

samarbeid gjenspeglar seg i Hordaland Fylkeskommune

sitt internasjonale engasjement.

Fylkeskommunen har i over 20 år vore ein aktiv

og engasjert aktør i internasjonalt samarbeid;

gjennom samarbeidsregionar, EU-finansierte

program eller medlemskap i internasjonale

organisasjonar, og det internasjonale

engasjementet har såleis blitt ein viktig reiskap

for fylkeskommunen i arbeidet med å oppfylle

dei vedtekne måla - internasjonalt arbeid skal

såleis gjennomsyra heile organisasjonen og vere

ein integrert del av arbeidet innan kultur,

næringsutvikling, opplæring, miljø, samferdsel

og sosiale spørsmål.

Dei eksisterande visjonar, mål og strategiar for

det internasjonale arbeidet i Hordaland Fylkeskommune

blei vedtatt av Fylkestinget i

desember 2004.

1

Den overordna visjonen er:

”Vestlandet; ein kreativ, inkluderande og

verdiskapande region i Europa.”

Hovudmåla for det internasjonale arbeidet i

fylkeskommunen er at det skal bidra til å:

• gjere Vestlandsregionen kjend utafor

Noreg sine grenser

• fremje Vestlandsregionen sine interesser

• auke samhandlinga mellom

innbyggjarar og verksemder i

Vestlandsregionen og inn-byggjarar og

verksemder i andre deler av verda

Kvar avdeling formulerar sine delmål i høve til

behov og ønskje.

Dei konkrete strategiane for å oppnå disse

måla er som følgjer:

1. Hordaland fylkeskommune skal samarbeide

med dei andre fylkeskommunane på

Vestlandet i si internasjonale satsing

2. Hordaland fylkeskommune skal vere ein

aktiv medspelar for kommunar, skolar,

verksemder og andre aktørar i deira

internasjonale satsing

3. Hordaland fylkeskommune skal, gjennom

strategisk informasjonsarbeid til ulike

aktørar i regionen, auka kunnskapen om

andre land sin struktur og kultur, Europa og

EU-systemet inkludert.

4. Hordaland fylkeskommune skal, i

samarbeid med vidaregåande skolar,

høgskolane, UIB og forskingsinstitusjonane,

bidra til at internasjonale stønadsordningar

som EU og Nordisk råd sine FOU program

vert nytta betre.

1.3 Organisering av det internasjonale

arbeidet i fylkeskommunen

Alle avdelingane i sentraladministrasjonen er

engasjerte i internasjonale aktivitetar og har

ansvar for å formulere sine eigne delmål for si

internasjonale verksemd.

utviklingsarbeidet og er i dag den operative

internasjonale eininga i fylkeskommunen.

Europakontoret har m.a. ansvaret for EUprogram

som Leonardo da Vinci, Aktiv

Ungdom og Interreg.

Arbeidslaget Internasjonalt arbeid (etablert i

mars 2003) skal samordne, profilere og utvikle

det internasjonale engasjementet til fylkeskommunen,

i nært samarbeid med dei andre

avdelingane.

2 Geografisk fokus: Samarbeidsregionar

Hordaland Fylkeskommune samarbeider med ei

rekkje regionar, først og fremst innan Europa,

for å nå dei måla som er sett for fylkeskommunens

virkefelt. Samhandling med disse

regionane er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit

middel til å oppnå dei andre måla som er sett.

2.1 Formaliserte samarbeidsregionar

Hordaland Fylkeskommune har 4 formelle

samarbeidsavtalar med regionar i Europa;

Basse-Normandie i Frankrike, Cardiff i Wales,

Orknøyane i Skottland, og Kaunas i Litauen

Conseil Régional de Basse-Normandie

Samarbeidet byggjer på dei historiske banda

mellom regionane og tar sikte på å omfatte både

kultur, opplæring og næringsutvikling. Ein

samarbeidsavtale vart underteikna i 1993.

I løpet av 2007 har det vore aktivitetar innan dei

definerte områda, om enn på eit moderat nivå.

Innan opplæring var ein Erasmusstudent frå

Nedre-Normandie våren 2007 utplassert i

Fylkesadministrasjonen, medan ein student frå

Université de Caen hadde utplassering i tre

månader på gard i Hardanger etter fullførd

utveksling til Universitetet i Bergen.

I tillegg har fylkeskommunen to einingar som

jobbar spesifikt med den internasjonale

kontakten; Europakontoret/hjemmeapparatet til

Vestnorsk Brusselkontor og Internasjonalt

Arbeidslag. Europakontoret blei etablert i 1996

for å vektleggje den europeiske dimensjonen i

2

Innan kultursektoren bidrog den musikalske

gruppa ”Rendez Vous”, med folkemusikkutøvarar

frå både Hordaland og Normandie,

med eit program som viste fram både norske og

franske musikktradisjonar, mellom anna under

”Bergen International Stoccafisso Festival”.

Innan næringssektoren var samarbeidet fokusert

på det marine, med ein studietur for kartlegging

av marin sektor i februar og deltaking på

symposiet Sante-Mer, om positive helseeffektar

av sjømat og algar, i oktober.

Vurdering av samarbeidet

Aktivitetsnivået i forhold til Nedre-Normandie

har dei siste åra vore lågt. Det er derimot eit

potensial for samarbeidsaktivitetar innan fleire

område, og det er håp om at den nye organiseringa

på fransk side vil gjere det lettare.

Cardiff, Wales

Samarbeidet med Cardiff-området hadde sin

bakgrunn i attreisinga av den norske sjømannskyrkja

og vart formalisert ved ein avtale med

regionen South Glamorgan i 1993, og med

Cardiff i 2000 (etter regional omorganisering).

Samarbeidet vil fremja næringsutvikling,

utdanning, kultur, sport og ungdom.

I 2007 deltok Hordaland på Cardiff Food and

Drink Festival i juli. Denne deltakinga var

viktig både i forhold til reiselivet,

opplæringsfeltet og satsinga på matkultur.

Det har og vore følgjande aktivitetar :

Innan opplæring og ungdom er utveksling av

elevar på vidaregåande skole, organisert av

Knarvik vidaregåande, er ein viktig del av

samarbeidet. Skoleåret 2007/08 er 16 elevar

utplassert på forskjellige skolar i Cardiff og

Vale of Glamorgan. Fylkeskommunen deltok

og på seminaret Generation Europe, i oktober,

om dei utfordringane som både dei yngre og dei

eldre generasjonane møter.

Innan kultursektoren deltok Hordaland i

november ved tenninga av lysa på juletreet ved

den norske kyrkja i Cardiff, samt konsertar

arrangert av fylkeskonsertane. Fylkesordføraren

representerte fylkeskommunen.

Innan næringssektoren var Nettverk for planog

byggesakshandsamarar i Nordhordland,

saman med representantar for fylkesmannen og

fylkeskommunen i november, på fagtur til

Cardiff for å studere deira forvalting.

Vurdering av samarbeidet:

Samarbeidet med Cardiff har lenge hatt fokus

på kultur og opplæringssamarbeidet, men i

2007 kom felta ungdom og næringsutvikling

sterkare inn. Fleire ulike aktivitetar er og

planlagde for 2008.

Orkney Islands Council, Scottland

Hordaland Fylkeskommune og Orkney Islands

Council inngjekk vennskapsavtale i 1983 og eit

tett samarbeid har utvikla seg gjennom åra.

Aktivitetane i 2007 var konsentrerte omkring

opplæring og kulturarrangement.

Innan kultur var

julefestivalen i

november/ desember

det leiande

arrangementet.

Gruppa Fabelfolk

framførde sin

mellomaldermusikk

under både skolekonsertar

og kveldskonsertar

over fleire

dagar. 1. desember var

fylkesvaraordføraren

frå Hordaland med å

tenne lysa på juletreet

utanfor St. Magnus

katedralen i ein seremoni som samla 1000 av

regionens vel 20 000 innbyggarar. Andre

kulturtiltak inkluderer ein skotsk studie av

friluftsundervisning i Bergen og turnè på

Orknøyane med Kammerkoret ”Takt og tone”.

På opplæringsfeltet er utveksling av elevar i den

vidaregåande skole sentralt. Skoleåret 2007/08

er det ein elev frå Slåtthaug vidaregåande ved

Kirkwall Grammar School, medan to elevar frå

Kirkwall er eit år på Voss Folkehøgskule.

Vurdering av samarbeidet

Orknøyane er Hordaland sin einaste

venskapsregion, og samkvemmet har eit breitt

grasrotengasjement. Det vert lagt vekt ein brei

kulturkontakt og ei framleis styrking av

utdanningssamarbeidet. I 2008 feirast 25-

årsjubileum for venskapsavtalen.

3

Kaunas, Litauen

Ein formell samarbeidsavtale blei skriven i

1998, men det har vore kontakt på opplæringsfeltet

sidan 1991/92. Avtalen blei revidert i mai

2004 og næringsutvikling og nyskaping vart

inkludert som nye samarbeidsområde.

I løpet av 2007 har det vore aktivitetar innan

følgjande område:

På kulturfeltet har det vore fleire samarbeidstiltak

slik som markering av Litauens

sjølvstendedag i februar med ei kulturhelg med

kunstutstilling og konsertar, den 10. Grieg-

Ciurlionis festivalen i Kaunas i mars med

deltaking av musikarar frå Hordaland, så vel

som kunstsamarbeid mellom Galleri 3,14 i

Bergen og litauiske institusjonar.

Innan opplæring har eit sentralt element vore

det toårige prosjektet ”Leiing i lærande

organisasjonar”, som blei avslutta hausten

2007. Det blei arrangert fire samlingar i løpet

av dei to prosjektåra, i 2007 blei det arrangert ei

samling i Hordaland i april og ei i Kaunas i

september. I tillegg samarbeider fleire

vidaregåande

skolar i

Hordaland med

skolar i Litauen

– både i Kaunas

og i andre byar.

Skoleåret

2007/08 er det

to elevar frå

Kaunas ved

Folkedanslinja

på Manger

Folkehøgskole.

På næringsfeltet har felles deltaking i interreg

IIIC prosjektet ENABLE og arbeidet med nye

søknadar til både interreg IVC og IVB ført til

gode kontaktar mellom ulike institusjonar i

Hordaland og i Kaunas-området. Hordaland

Fylkeskommune medverka og i 2007 ved

konferansen ved Lithuanian Regional Research

Institute, Kaunas, med temaet ”Competence

development of the human resources in

problematic regions in Lithuania”.

Vurdering av samarbeidet

Det har vore god og variert aktivitet i 2007. To

store samarbeidsprosjekt blei derimot avslutta i

løpet av året og det vil derfor være opp til

oppstarten av nye prosjekt om det same nivået

skal kunne oppretthaldast i 2008.

2.2 Uformaliserte samarbeidsregionar

Fylkeskommunen har og eit nært, men

uformalisert samarbeid med to regionar;

Edinburgh i Skottland og Thüringen i Tyskland

Thüringen, Tyskland.

Hordaland Fylkeskommune har eit særs godt

samarbeid med regionen Thüringen innan

utdanning, næringsliv, forsking og til dels

kultur. Samarbeidet med regionen vaks fram frå

1993 gjennom tiltak innan EU-programmet

COMETT II og seinare Leonardo da Vinci.

Innan næringsutvikling har det vore jamn

kontakt med dei regionale innovasjonsselskapa

i samband med ENABLE-programmet, samt

EUROPEER-prosjektet. I juni var tre

mediabedrifter frå Hordaland inviterte med på

”erwicon” som er Erfurt sin årlege konferanse

om nærings- og teknologiutvikling. Det vart

etablert gode kontaktar for vidare samarbeid.

Dette var ei oppfølging av prosjektet ”Erfurt

Direkt”. I desember var Hordaland, saman med

ni andre europeiske regionar, invitert til å ta del

i ein konferanse der Thüringen viste korleis dei

vil nytte nye EU-virkemiddel til styrka

regionalt samarbeid.

I forhold til opplæringsdelen er det eit

formalisert samarbeid om ”Hordalandsklassen”

ved Andreas Gordon Schule i Erfurt frå august

2007. Det var stor søkning til denne klassen og

8 elektro-elevar blei plukka ut. Tilbodet er

koordinert av Askøy vidaregåande skole.

Vurdering av samarbeidet

Det har dei siste åra vore stor aktivitet i forhold

til næringsaktivitetar med Thüringen, og begge

partar har vist stor vilje og evne til å engasjere

seg. ”Hordalands-klassen” i Erfurt er vonleg eit

teikn på at og opplæringssamarbeidet med

Erfurt no blir sterkare.

Edinburgh, Skottland

Samarbeidet med Edinburgh by har sitt

utgangspunkt i juletreet som Hordaland dei

siste 24 åra har gitt som takk for hjelpa under

andre verdskrig, og er framleis knytt opp mot

4

førjulsarrangementa. Siktemålet er m.a. å

profilera Hordaland i innan kultur, utdanning,

turisme m.m.

Aktivitetane i 2007 var i hovudsak knytte opp

mot kulturarrangementa Edinburgh Capital

Christmas Festival kor tenninga av lysa på

julegrana frå Hordaland blei ein integrert del i

2000. Årets juletre på The Mound blei tent 22.

November. Lord Provost, Edinburgh og

Fylkesordføraren i Hordaland stod for den

offisielle delen, medan eit Grieg-program var

årets kulturelle bidrag, m.a. under adventskonserten

i St. Giles Cathedral.

Fleire skotske familiar er og blitt invitert til

Hordaland, som ledd i strategien for auka fokus

på Hordaland som reislivsmål. Familiane til

vinnarane av høvesvis skrive- og teiknekonkurransane

for skolane i Edinburgh, kom i

mai og juni 2007, mens familien som vann ein

tur for å delta i hogginga av årets juletre (sjølv

om det dessverre blei avlyst) kom i november.

Vurdering av samarbeidet

Det norske Generalkonsulatet i Edinburgh har

vore ein viktig støttespelar og har på mange

område vore mellomleddet mellom dei

regionale administrasjonane og nedlegginga av

generalkonsulatet hausten 2008 vil stille nye

krav til oppfølging. Sjølv om vinterfestivalen i

Edinburgh er eit flott kulturarrangement er det

potensial for utvida samkvem med Edinburgh.

2.3 Resten av verda

Hordaland har og samarbeid med andre

regionar, men då meir fokuserte einskilde tiltak.

Etter kvart har fylkeskommunen utvikla eit nært

samarbeidsforhold med fleire av desse og det

som byrja som eit samarbeid konsentrert om ein

aktivitet eller prosjekt har etter kvart utvikla seg

til å omfatte fleire ulike felt.

Regionen Liguria i Italia er eit slikt eksempel.

Gjennom samarbeidsprosjekt i ulike EUprogram

og i bilateralt samarbeid har dette blitt

ein viktig samarbeidsregion. Stikkord for

samarbeidet: Tørrfiskfestival i Bergen, slowfood-opplæring,

lærlingeutplasseringar,

samarbeid i ulike EU-prosjekt og -søknader

mm. I oppfølginga av ENABLE, vart Liguria

invitert til å vere med i søknaden til

INTERREG IVC i prosjektet HUMANS

Sjølv om alle Hordaland sine formaliserte

samarbeidsregionar ligg i Europa, finst det og

samarbeid med regionar utanfor Europa –

kanskje først og fremst på kultur. Innan Kulturog

Idrettsavdelinga har Seksjon for Kulturminnevern

hatt kontakt med Mozambique.

Fylkeskonsertane har gjennom det siste året

vore involvert i konsertar både i Guatemala og

Kina, og i førebuingane til det kommande

Interreg-prosjektet ”Economuseums Northern

Europe” har Seksjon for Kulturbasert Verdiskaping

samarbeidd nært med Quebec i Canada.

Opplæringsavdelinga har og kontaktar utanfor

Europa, t.d. entreprenørprosjektet i Zambia og

den internasjonale klassen ved St. Paul High

School, USA, organisert av Øystese Gymnas.

Arbeidslaget Verdiskaping i Kystsona deltok i

november med innlegg på ein konferanse ved

Simon Fraser University i Vancouver, Canada

om oppdrett, miljø og lokalsamfunn, med

etterfølgjande besøk til landsbyar i provinsen

for å sjå på fiskeoppdrett i små lokalsamfunn.

Sidan januar

2006 har

opplæringsavdelinga

og

Sotra vidaregåande

skole

vore involvert i

prosjektet

”School integrated entrepreneurship” på Mbala

High School i Northern Province, Zambia.

Prosjektet har hatt som mål å integrere ungt

entreprenørskap i undervisninga i Zambia. Frå å

vere eit skole-til-skole-prosjekt går dette over

til eit region-til-region-prosjekt i januar 2008 (jf

FUV-sak 20071120).

5

3. Samarbeidsfora: Organisasjonar

3.1 Internasjonale organisasjonar

Medlemsskap i interregionale (interesse-)

organisasjonar er viktig for at Hordaland skal få

ein påverkingsmoglegheit i EU-systemet, som

uavhengig av norsk medlemskap har ein

verknad på norske fylkeskommunar. I tillegg til

dette er organisasjonane ein viktig møteplass og

ein sentral arena for erfaringsutveksling og

kompetanseheving. Hordaland er med i 4

internasjonale organisasjonar.

Conference on Peripheral and maritime Regions

CPMR er ein interesseorganisasjon for perifere

og maritime regionar i Europa. Dei er paraplyorganisasjon

for 7 geografiske kommisjonar og

involverer meir enn 150 regionar frå 26 land.

Strategi- og Næringsavdelinga/Plan og Miljø

presenterte Hordaland på CPMR sin

generalforsamling i Toscana i oktober.

Slutterklæringa til generalforsamlinga la vekt

på maritim politikk, bærekraftig energi &

kampen mot klimaendringar og regionanes rolle

i globaliseringa. I 2007 har CPMR og engasjert

seg sterkare på den internasjonale arenaen

gjennom leiarskapen i det nye globale

nettverket av regionar – FOGAR.

Vurdering av deltakinga i CPMR:

Hordaland Fylkeskommune har ei moderat

deltaking i CPMR. Likevel har medlemskapen

konkret nytte for fylkeskommunen, kanskje

særleg i forhold til kompetansebygging,

nettverksbygging og ”benchmarking”.

Organisasjonen sender ut jamlege nyheitsbrev

som gir god oppdatering på EU-saker som er

relevante for regionane. Generalforsamlinga er

ein stad der blikket vert heva, og perspektivet

på regional utvikling vert sett i større

samanheng. Dei siste åra har det vore fokus på

berekraftig utvikling. I 2007 var klima eit

sentralt tema, og både i innlegga og

diskusjonane kom det fram perspektiv som har

vore sers nyttig i utarbeiding av ei sak til

Fylkestinget om oppstart av ein klimaplan for

Hordaland. CPMR si generalforsamling er også

ein uformell møteplass mellom norske

regionpolitikarar og fagfolk. Kontakten og

nettverket som vert utvikla er svært viktige.

Nordsjøkommisjonen - NSC

NSC, som vart oppretta i 1989, er ein av sju

geografiske kommisjonar under paraplyorganisasjonen

CPMR. Den representerer 64

regionar frå 8 land i Nordsjøregionen.

Hordaland fylkeskommune har representantar i

alle dei 5 temagruppene: Culture & Tourism,

Innovation & Education, Sustainable

Development, Marine Resourses og Transport,

sjølv om aktivitetsnivået har vore varierande.

Hordaland har vore særleg aktiv i gruppene

Kultur og turisme og Marine ressursar. M.a.

blei det, etter initiativ frå temagruppa Marine

ressursar halde eit North Sea Inshore Fisheries

Seminar i Glasgow, i mai, der det var innlegg

ved Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen,

samt ein representant frå Fiskarlaget Vest.

Nordsjøkommisjonen og Nordsjøprogrammet

(Interreg IVB) arrangerer kvart år ein felles

konferanse, der også Generalforsamlinga i

Nordsjøkommisjonen vert gjennomført.

Felleskonferansen 2007 fann stad på Brunstad,

Vestfold i juni. I samband med konferansen

vart det nye Nordsjøprogrammet – 2007-2013,

lansert. Konferanseprogrammet omfatta

seminar og verkstader om det nye Interreg IVBprogrammet

og prioriteringane.

Work Shadowing Scheme

I 2007 lanserte Nordsjøkommisjonen eit

opplegg for “Work Shadowing”, for å betra

samarbeidet mellom medlemsregionane i

Nordsjøkommisjonen. Siktemålet er å investere

i og lære opp sakshandsamarar frå lokalt og

regionalt nivå i Nordsjøområdet. Opplegget

satsar på utveksling av “best practice” og

tilgang til studieopplegg på eit breitt felt.

6

Vurdering av medlemskapen

Nordsjøsamarbeidet er velorganisert og

fungerer etter føremålet. Via CPMR kan

Nordsjøkommisjonen påverka arbeidet på EUnivå

på ulike felt.

Alle temagruppene har utarbeidd handlings- og

satsingsplanar for perioden 2008-2010,

godkjende av styringskomiteen. Det er viktig å

oppretthalde både fagleg og politisk kontakt.

Nordsjøsamarbeidet er ein særs viktig

innfallsport til internasjonalt samarbeid. Det gir

nettverk, læringseffekt, økonomisk utteljing og

medverknad på den europeiske arenaen.

Arbeidet gir utteljing i form av nettverk og

kontaktar som seinare kan løyse ut eksternt

finansierte samarbeidsprosjekt

Assembly of European Regions -AER

AER er ein interesseorganisasjon for europeiske

regionar som vart stifta i 1985 og har omlag

200 medlemer. Hovudmålet er å stimulera til

dialog, diskusjon, studiar og samhandling

mellom regionar i land som er medlem av EU

og /eller Europarådet.

Aktivitetar 2007

- To elevar deltok på sommarskole i Devon,

England (jf FUV-sak 116/07),

- Fylkesordføraren (og ein frå administrasjonen)

deltok på generalforsamlinga i november (jf

FUV-meld 323/07).

- Fylkesordføraren var i 2007 medlem av

Byrået (styret) i AER som ein av to norske

representantar og deltok på styremøte på Hamar

i mai og styremøte i samband med

generalforsamlinga i november

- Administrativ deltaking på konferanse om

regionalisme i Skandinavia..

- Hordaland fylkeskommune deltok i eit

forprosjekt "Decentralisation Indicators" saman

med 3 andre europeiske regionar og eit

forskingsinstitutt i Basel, der målsettinga var å

lage eit sett med indikatorar for å måle grad av

politisk makt til å forme eiga utvikling. Siktemålet

er eit hovudprosjekt som vurderer korleis

regional makt påverkar regionane/fylka sin

økonomiske veksttakt.

- Fylkesordføraren tok del i eit møte blant

norske AER- fylkeskommunar på Gardermoen

2. februar der m.a. generalsekretæren i AER tok

del.

Vurdering av medlemskapen

Generalforsamlingane i AER har vore

gjennomgåande interessante og halde ein høg

standard som gjer det mogleg å få kunnskap om

viktige prosessar i Europa. Når det gjeld

ungdomsaktivitetane, så har deltakarane på

Ungdommens sommarskule kome med positive

tilbakemeldingar. Fleire norske fylke er aktivt

med i AER sitt ungdomsarbeid, og det gir eit

viktig nettverk.

AER driv og ei rekkje prosjektaktivitetar og

konferansar med aktuelle tema. Gjennom arbeid

i AER er det mogleg å arbeide på ein lite

byråkratisk og kostnadskrevjande måte. Det gir

høve til å kunne følgje med internasjonalt og gir

nettverk med regionar i andre land. Mulege

tema er energipolitikk, spesielt utvikling av

alternativ energikjelder, klima- og miljøutfordringar,

reiseliv og næringsutvikling.

Organisasjonen arbeider med å utvikle nettverk

av kunnskap om regionalisme og

regionaliseringsprosessar, og med å utarbeide

eit europeisk regionalt treningsinstitutt.

Baltic Sea States Subregional Committee

BSSSC er eit politisk nettverk for regionane i

de 10 landa som grensar til det baltiske hav.

Samarbeidet blei grunnlagd i Stavanger i 1993

og Hordaland har vore medlem sidan 2000.

Hordaland Fylkeskommune var representert på

generalforsamlinga i Turku i september ved

både Europakontoret og Hordaland Olje og

Gass (HOG). Generalforsamlinga samla nesten

300 personar frå den baltiske regionen for å

diskutere viktige spørsmål knytte til bærekraftig

energi og mogleg innsats for å møte truslane

knytte til klimaendringar. Prosjektet Magalog –

Intelligent Energy Project, der HOG er ein av

deltakarane, blei og presentert i

parallellsesjonen ”Climate and Energy in the

Transport Sector”.

Vurdering av medlemskapen

Fylkeskommunen bruker i dag ikkje medlemskapen

i BSSC aktivt, utover deltaking på

generalforsamlinga.

7

3.2 Regionale nettverk

Vestlandsrådet

Vestlandsrådet er eit formelt samarbeidsråd

etablert av dei 4 fylkestinga på Vestlandet. Det

består i alt av 20 personar – 5 representantar

valde frå fylkestinga i kvart fylke. Leiinga av

Vestlandsrådet går på omgang med intervall på

om lag eitt år. 1. januar 2008 tar Hordaland tar

over sekretariatsfunksjonen for Vestlandsrådet

og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg blir

dermed leiar for Vestlandsrådet i 2008

Handlingsplanen for Vestlandsrådet består av 4

satsingsområde: Internasjonalt arbeid, Kultur,

Næringsutvikling/innovasjon og Samferdsel.

Det er oppretta ei administrativ ansvarsgruppe

mellom fylkeskommunane innan kvar av desse

satsingsområda.

På møtet i Kristiansund i desember blei det

stadfest at dei fire vestlandsfylka skal utvikle

nærare kultursamarbeid på tre område; Tool

quiz Kulturnettsamarbeid, og North Sea Trail.

Vestlandsrådet ønskjer og at dei 4 fylkeskommunane

aukar samarbeidet om prosjekt,

engasjement og relasjonar i Nordsjøområdet.

Vestlandsrådet har også vedtatt å lage ein

informasjonsstrategi om EU-program og andre

samarbeidsprosjekt i Nordsjøregionen.

4. Prosjektsamarbeid

4.1 Interreg III programmet

Interreg-programmet er oppretta for å styrkje

samarbeidet i grenseområde og auka sosial og

økonomisk integrasjon mellom europeiske

(nabo)regionar.

Interregprogrammet har følgjande delprogram:

• Interreg A: grenseregionalt samarbeid,

• Interreg B: transnasjonalt samarbeid, som

fremjar territorial integrasjon ved å utvikla

regionale strategiar

• Interreg C: interregionalt samarbeid, som

føregår uavhengig av geografisk plassering

prosjekt innan rammene av Interreg IIIB- og

IIIC-programma.

Interreg IIIB: Nordlig Maritim Korridor - NMK

Nordlig Maritim Korridor (NMK) er eit

prosjektsamarbeid for utvikling av maritim

godstransport i Nordsjø- og Barentsregionen.

Det overordna målet for NMK har vore å

utvikle ein effektiv, berekraftig og sikker

maritim transportkorridor både innan og

mellom desse regionane. Partnarane kjem frå 7

område: Flandern, Nederland, Tyskland,

England, Skottland, Danmark og Noreg, i

tillegg til at 3 regionar i nordvest-Russland har

delteke i prosjektet. Rogaland har vore Lead

partnar.

Samferdselsavdelinga i fylkeskommunen har

vore fagansvarleg frå Hordaland sin side og har

fyrst og fremst delteke i arbeidspakke E:

”Polycentric Port Scenarios and Framework

Conditions for Short Sea Shipping”.

Prosjektet blei starta i 2002 og vil halde fram til

juni 2008 (første fase vart avslutta i 2005).

Resultata frå NMK vil bli brukt vidare under

prosjektet ”Motorways of the Seas – Stratetic

Demonstration Project” der Hordaland søkjer

om å få bli partnar.

Interreg IIIB: NAVE Nortrail

Etter at ein forstudie, der Hordaland

fylkeskommune var leiande partnar, vart

avslutta i 2000, vart det søkt om eit nytt

prosjekt med 26 partnarar frå Noreg, Danmark,

UK og Tyskland. Hovudprosjektet starta opp i

januar 2003, med avslutning i april 2007.

Leiande partnar for prosjektet har vore

Aberdeenshire Council, Skottland.

Interreg III-perioden gikk frå 2000 til 2006,

sjølv om mange prosjekt fortsette inn i 2007.

Hordaland fylkeskommune deltok i fleire

8

Nordsjøløypa hadde som mål å:

• Binde saman eit gjennomgåande nettverk av

turløyper i kystlandskapa rundt Nordsjøen.

• Utvikle eit nettverk av historiske nettverk

og kulturelle møtestader.

• Utvikle eit nettverk av overnattingsstader

langs dei gamle ferdselsårene og

vandringsvegane.

• Utvikle ein kunnskapsbase om

kulturlandskap og historie gjennom bok og

Internett.

Mange av regionane har etablert program for å

involvere den lokale handel- og service næringa

langs ruta. På norsk side finn vi prosjekta

”Smak av Nordsjøløypa” og ”Perler i Nordsjøløypa”

der Fylkeskommunen deltar for å auke

fokus på Nordsjøområda som reiselivsmål.

KIA/Seksjon for kulturbasert verdiskaping har

vore fagansvarleg frå Hordaland sin side.

Vidareføring av Nortrail under IVB

På det siste transnasjonale møtet i prosjektet, i

Skottland, mars 2007, gjekk alle 26 partnarane

(i 5 regionar) inn for at prosjektet burde bli

vidareført under IVB-programmet. Det blei

samstundes vedtatt at vidareføringa av Nordsjøsykkelruta/North

Sea Cycle Route skulle skje i

samband med vidareføringa av Nordsjøløypa.

Hordaland tok på seg ansvaret for å koordinere

arbeidet fram mot ei ny søknad til Interreg.

Interreg IIIC: ENABLE - ”Enabling European

Regional Entrepreneurship” (2004-2007)

ENABLE er eit Regionalt rammeprogram -

Regional Framework Operations (RFO) - og

handlar om å betra dei regionale instrumenta

retta mot små og mellomstore bedrifter (SMB),

med fokus på:

• å betre overføring av forsking og teknologi

frå høgskular og universitet til næringslivet

• å leggje til rette for etablering av nettverk

mellom SMB

• å stimulera til entreprenørskap

I mars 2007 blei ENABLE offisielt avslutta og

totalt har det då vore gjennomført 21

transregionale delprosjekt, kor Hordaland

deltok i 11. Fokus har vore å utvikle gode

metodar som støttar næringsutvikling og skapar

verksemder med internasjonal konkurransekraft

og evne til omstilling.

Prosjekta i ENABLE har famna vidt, frå høgteknologi

til reiseliv og 11 verksemder frå

Hordaland har vore direkte partnarar i

prosjekta. Totalt har ENABLE hatt eit nettverk

på i alt 400 verksemder.

ENABLE er eit samarbeid mellom Vestlandet

(Hordaland /Sogn og Fjordane), Thüringen

(Tyskland), Carinthia (Austerrike) og Kaunas

(Litauen). Næringsavdelinga og Europakontoret

har vore fagansvarlig frå Hordaland.

Det har vore eit viktig siktepunkt i arbeidet på

norsk side, at Vestlandsfylka være mest

mogeleg koordinert i dette arbeidet. Vestlandsrådet

vedtok i desember at vidareføringa av

Nordsjøløypa skulle vere ein av deira prioriterte

samarbeidsarenaar. Vidareføringa av Nordsjøløypa

har såleis god forankring i Vestlandsfylka

Det nye programmet, gjer det og naturleg å sjå

koplingar mellom dette prosjektet og Riksantikvaren

sitt verdiskapingsprogram ”Perler i

Nordsjøløypa” (PIN).

Går alt etter planen, vil det bli sendt inn ny

søknad til Interreg IVB programmet i mars

2008, med Hordaland som leiande partnar. Ein

reknar med om lag 30 partnerar i prosjektet, og

ei total prosjektramme på 8 mill. euro.

Vidareføring av ENABLE – i HUMANS

ENABLE har vore ein suksess. Mange

verksemder held fram med samarbeidet, m.a.

innan teknologi- og produkt-utvikling og

marknadsføring. Regionane har gjennom

program- og prosjektutvikling hausta verdfulle

erfaringar og skapt varige nettverk. Med eit

utvida partnarskap ønskjer regionane å halde

fram samarbeidet i eit nytt prosjekt. Målsettinga

9

er å bruke erfaringane som blei gjort i

ENABLE til å skape ny og berekraftig vekst

basert på ”human capital”, spesielt i dei nye

medlemslanda i EU. Partnarane i ENABLE

inviterte hausten 2007 3 nye regionar til

samarbeid mot Interreg IVC; Gorensjka

(Slovenia), Liguria (Italia) og Central-

Transdanubia (Ungarn). Dette førde til

prosjektsøknaden HUMANS - Human resources

for stimulating regional entrepreneur-ship &

innovation”, som blei sendt januar 2008.

4.2 Interreg IV programmet

Mens våren 2007 blei brukt til å avslutta dei

fleste prosjekta under Interreg III-programmet,

blei hausten 2007 for ein stor del brukt til å

starta førebuingane til søknadar under Interreg

IV-programmet.

Hordaland Fylkeskommune kan delta under

følgjande program:

• Interreg IVB – regional samarbeid :

- Nordsjøprogrammet

- Nordlig Periferi programmet

- Østersjøprogrammet

• Interreg IVC – interregionalt samarbeid

Nasjonalt kontaktpunkt for Nordsjøprogrammet

2007-2013

I 2007 blei funksjonen som nasjonalt kontaktpunkt

for Nordsjøprogrammet overført frå Rogaland

fylkeskommune til Hordaland. Fylkeskommunen

vart peika ut av KRD etter innstilling frå Vestlandsrådet

og den operative funksjonen er lagt til Europakontoret.

Utnemninga må sjåast på som ei tillitserklæring

til det internasjonale kompetansemiljøet

som fylkeskommunen har bygd opp over fleire år.

Nasjonalt kontaktpunkt har oppgåver knytt opp mot

nasjonal representasjon av programmet,

informasjons- og rådgivingstenester overfor

potensielle prosjektsøkjarar i Noreg, deltaking i

styringskomiteen, samt i ein nasjonal referansegruppe

saman med KRD.

To søknadar blei sendt frå Hordaland

Fylkeskommune hausten 2007, begge til

Interreg IVB-programmet;

”Small Scale Business Clusters in Coastal

Areas”, under Nordsjøprogrammet. Colchester

Borough Council i England var ”lead partner” i

prosjektet som skulle skape nettverk av små

bedrifter i rurale kystsamfunn for å sikre

bærekraftig vekst. Hardanger Fartøyvernsenter

var med frå Hordaland, saman med Fylkeskommunen.

Prosjektet blei derimot ikkje

godkjent av programkomiteen.

”Economuseums Northern Europe” under

nordlig periferi programmet. Hordaland er

”lead partnar” i dette prosjektet som vil søkje å

etablere Economuseum som sameinar kultur,

handverk og turisme til ein bærekraftig

økonomi i 5 nordeuropeiske land i løpet av ein

3-års periode, deriblant 5 i Hordaland/Sogn og

Fjordane. Prosjektet blei godkjent i programstyret

17. desember.

Arbeidet med Economuseumsøknaden

Gjennom det NORA støtta forprosjektet ”Nord-

Atlantisk Economuseum”, fikk ein, saman med

partnarar på Færøyane og Island knytte kontakt

og skapt eit fagleg og organisatorisk samarbeidsgrunnlag

med opphavsorganisasjonen

for Economuseumrørsla i Canada. Ein

delegasjon frå Canada vitja og Vestlandet to

gonger, og fann verksemder som Aurlandsskoen

og Oselvarverkstaden som begge vil

kunne verte gode Economusé.

Det har dessutan vore lagt mykje arbeid ned i å

få etablert eit forprosjekt basert på Ecomuseumidéen

innan Interreg IV programmet. Eit

forprosjekt vart godkjent og sluttført i løpet av

perioden fram til 31.oktober, då ein hovudprosjektsøknad

vart sendt inn.

4.3 Andre prosjekt

Intelligent Energy Europe-

MAGALOG - Marine Fuel Gas Logistics

”Clean air in port cities and on the highways of

the Baltic Sea”, er hovudmålet med prosjektet.

Magalog- prosjektet skal ta tak i problemet med

utslipp i hamnene i Europa, med spesielt fokus

på det baltiske hav, gjennom etablering av ei

leveringskjede for alternativt drivstoff (LNG -

Liquefied Natural Gas).

10

5. Sektorvise aktivitetar

5.1 Ungdom og internasjonalisering

Hordaland Fylkeskommune satsar på

ungdommane sin moglegheit for internasjonal

erfaring, anten det dreier seg om utdanningsopplegg,

fagleg praksis eller ikkje-formell

læring. For å oppnå dette målet nyttar

fylkeskommunen ein kombinasjon av program.

Europakontoret koordinerar EU-programma

Aktiv Ungdom og Leonardo da Vinci, og i

tillegg til dette nyttar dei enkelte vidaregåande

skolane seg av ein kombinasjon av virkemidlar

for å internasjonalisere undervisninga.

Leonardo da Vinci

Leonardo da Vinci-programmet er EU sitt

program for opplæring og yrkesutdanning, og

stimulere til innovasjon og nyskaping i bedrifter

og auka internasjonalisering av næringslivet i

Hordaland - i tråd med satsingsområda til

Hordaland fylkeskommune. Europa-kontoret er

regional koordinator for programmet.

I 2007 sendte Europakontoret ut i alt 52 elevar,

lærlingar, studentar og instruktørar til ei rekkje

land i Europa. Gjennom LdV-programmet får

dei eit unikt høve til å få internasjonal

arbeidserfaring i bedrifter i Europa, noko som

gir eit fortrinn på arbeidsmarknaden. Desse

utplasseringane gir rett til å få Europass, som er

eit europeisk dokument som viser at ein har

internasjonal arbeidspraksis. Tilskottet frå LdV

dekkjer ca 70% av utgiftene til opphalda.

Gruppe Tal Periode Land Bransje

Lærlingar 11 8 - 13

veker

Studentar 2 13

veker

Elevar 25 3 - 4

veker

Instruktørar

Totalt 52

14 1 - 3

veker

Belgia,

Danm.

Irland,

Italia,

UK

Tyskl.

Portug.

Tyskl.

Danm.

Spania

Italia,

Tyskl.

UK

Hotell/rest.,

barne/ung.

industrimekani

kk

planteforsking

Økonomi og

markedsføring

Hjelpepleie,

barne/ung.

kjemi/prosess,

byggfag, helse,

akvakultur

Mek.fag,

Hotell/rest

bilmekanikk

lokalsamfunn

Statistikk

Fokus på internasjonal kompetanse i

fylkeskommunen

Dei siste åra har Leonardo-programmet vore

marknadsførd internt i fylkeskommunen for å

auke den internasjonale kompetansen hjå dei

tilsette. Dette resulterte i at 11 personar frå

sentraladministrasjonen i 2007 fekk tildelt

stipend for 1-4 vekers opphald på ulike

institusjonar og bedrifter i Europa. Som eit

eksempel var arbeidslaget Analyse, Utgreiing

og Dokumentasjon på studietur i England.

Aktiv Ungdom

Ung i Europa skifta i 2007 namn til Aktiv

Ungdom. Programmet er EU sitt program for

ungdomsutveksling og mobilitet. Gjennom

Aktiv Ungdom kan friviljuge organisasjonar,

fritidsklubbar, individuelle ungdommar og

grupper søkja om stønad til deltaking i

europeiske samarbeid; gruppeutvekslingar,

europeisk volontørteneste, ungdomsinitiativ,

studiebesøk og kontaktseminar. Europakontoret

er regionalt kontaktpunkt for Aktiv Ungdomprogrammet

og godkjend sendarorganisasjon

for norske volontørar.

Det er stor pågang i

samband med

Europeisk

volontørteneste.

Mange ungdomar

ønskjer å bruke eit

volontøropphald til

å få utanlandserfaring

og utvikle

sine språkkunnskapar.

Erfaringane til

ungdommane som har deltatt i volontørprosjekt

er svært positive. Volontørane får dekka alle

kostnadar, vert kjende med ein ny kultur,

utviklar språket, får nye vener, og lærar om

arbeidslivet.

Grunna internasjonale forhandlingar mellom

Noreg og EU, var Aktiv Ungdom- programmet

utilgjengeleg for norske søkarar i ein periode i

byrjinga av 2007. Dette førte til at fleire

potensielle volontørar ikkje fekk sine søknadar

handsama, og dei fekk derfor ikkje høve til å

reise ut. Talet på volontørar som har reist med

12

fylkeskommunen som sendarorganisasjon i

2007 er derfor lågare enn ønska, og reflekterer

ikkje ein redusert interessa for tenesta.

Aktivitetar:

• Informasjon om Aktiv Ungdomprogrammet;

råd, rettleiing, skolebesøk,

kurs i å skrive søknad.

• Individuelle spørsmål, rekruttering og

oppfølging av volontørar.

• Informasjonsteneste: Utsending av

nyhendebrevet ”Unytt” annankvar veke

• Informasjonsteneste: Eurodesk, som er ei

informasjonsteneste for ungdom om alle

spørsmål knytt til EU/EØS. Europakontoret

fungerer som eit av dei nasjonale Eurodeskpunkta.

• Volontørar som reiste ut i 2007: 8

ungdomar mellom 18-30 år i 7 EU-land

• Arbeid for å skaffa vertsprosjekt i

Hordaland for volontørar frå EU-landa

Internasjonal sommarleir

6.-15. august gjennomførte fylkeskommunen ein

internasjonal ungdomsleir ”YOUthful, Active and

Healthy Lifestyle (YAHL)” på Voss. Samarbeidsregionane

Cardiff, Basse-Normandie, Kaunas og

Türingen, og Olomouc i Tjekkia, var alle inviterte

til å sende 8 deltakarar kvar. Hovudsetet for leiren

var Dalane Fjellstova på Voss, etter to innleiande

dagar i Bergen.

Aktivitetar på dei vidaregåande skolane

Januar 2008 gjennomførde fylkeskommunen ei

kartlegging av den internasjonale aktiviteten for

2007 på alle dei vidaregåande skolane i

Hordaland 1 . Denne undersøkinga viser at over

91% av skolane har gjennomførd ei eller anna

form for internasjonal aktivitet i 2007 og om

lag ¼ har hatt eit aktivitetsnivå som var høgre

enn året før (mens 65% har lege på same nivå).

Den mest vanlege aktiviteten er elevturar på

opp til 4 veker, men mange har og utnytta den

ressursen det er å utveksle lærarar.

Fakta; internasjonale aktivitetar ved skolane

1 Elevtur opptil 4 veker 50,0 %

2 Lærarutveksling send ut lærar(ar) 40,6

3 Lærarutveksling mottatt

utanlandsk(e) lærar(ar)

4 Andre fellesprosjekt med

utanlandsk skole

5 Leonardo da Vinci - sendt ut

elevar

37,5 %

34,4 %

28,1 %

6 Deltaking i Comenius prosjekt 21,9 %

7 Utveksling av elevar - mottatt

utanlandske elevar – minst 4 veker

8 Utveksling av elevar - sendt ut

elevar – minst 4 veker

18,8 %

15,6%

9 Leonardo da Vinci - mottatt elevar 12,5 %

10 Etablering av vennskapsskole 9,4 %

11 Andre aktivitetar 50,0 %

Tema for leiren var friluftsliv og folkehelse og dette

vart gjenspegla i dei ulike aktivitetane. Det var sterk

fokus på ungdomsdeltaking og –medbestemming

gjennom heile prosjektet. Den norske

deltakargruppa var samansett av ungdommar frå

fleire ulike organisasjonar i Hordaland. Leiren fikk

støtte frå EU sitt program Aktiv Ungdom.

Den opne kategorien ”andre aktivitetar” viser at det

er ei enorm bredde i det internasjonale engasjementet

i Hordaland. Aktivitetane spenner frå samarbeid med

skolar i Norden og gjennom Nordplus Jr

programmet, til samarbeid med skolar i Zambia og

Guatemala. Faglig spenner det frå Griegkonsert i

Tyskland, til Slow Food i Genova, til prosjektet

CARBONSCHOOLS med Bjerknes- senteret.

Tidsmessig spenner det og frå internasjonal dag i

samband med Operasjon Dagsverk og dagsbesøk av

lærarar frå andre land til moglegheit for fulle skoleår

i USA, Tyskland eller på dei britiske øyer.

1 For ein komplett oversikt over kartlegginga på dei vidaregåande

skolane, sjå meldingssak til opplæringsutvalet mars 2008

13

Når det gjeld kva for andre regionar dei

vidaregåande skolane samarbeider med, er det

eit vidt spekter – det blir lista opp regionar i 14

ulike land. Bare 2 av disse, USA og Zambia er

utanfor Europa, mens 8 av dei 12 europeiske

landa er i det vestlege Europa.

Når det gjeld økonomisk støtte, har

opplæringsavdelinga i fylkeskommunen delt ut

ca 1,12 millionar i støtte til internasjonale

opplæringsprosjekt i 2007. Dette er fordelt som

direktestøtte til prosjekt på dei enkelte skolane

og til skoleutviklingsprosjektet i Litauen.

5.2 Kultursamarbeid

Innan kulturfeltet er det eit breitt internasjonalt

engasjement. I tillegg til dei aktivitetane som er

presenterte under dei enkelte

samarbeidsregionane og prosjekta er det på

kultursida og aktivitetar innan kunst- og

kulturformidling og matkultur.

Seksjonen har også i samband med Slow Fish i

Genova følgd opp det praktiske og matfaglege

samarbeidet med Genova- og Liguriaregionane

gjennom Leonardo-programmet.

Desse regionane si store deltaking på Bergen

Matfestival i år, var ein suksess der ein m.a.

gjennomførte tørrfiskkurs etter italienske

tradisjonar for 40 bergenskokkar. Det vart

formidla utplassering av 6 lærlingar og 3

instruktørar/kokkar til Genova og Liguria i

2007, og utplasseringsprogrammet held fram i

2008.

Kunst- og kulturformidling

I tillegg til dei musikalske bidraga som allereie

har vore omtalt under dei enkelte

samarbeidsregionane, har fylkeskommunen og

stått bak musikalske produksjonar andre stader i

verda. Fylkesmusikarane var m.a. med

representantar frå Stord Kommune til deira

vennskapskommune Comalapa i Guatemala.

Internasjonal matkultur

I arbeidet med matkultur internasjonalt, har det

i 2007 vore lagt vekt på internasjonal

kunnskapsoverføring, m.a. basert på utveksling

av personar gjennom Leonardo-programma, og

på å dra nytte av nettverk og kunnskap innan

Slow-Food-rørsla i t.d. produktpromotering.

Seksjon for Kulturbasert verdiskaping

koordinerte ei viktig promotering av vestnorsk

sjømat både på Slow Fish messa i Genova i mai

og ved Cardiff Food and Drink Festival i

Cardiff i juli saman med Rogne og Fitjar

vidaregåande skolar sine faglærarar.

Promoteringa sette fokus på kvalitetsprodukt frå

oppdrettsnæringa, særleg laks og aure, og

blåskjel. Oppdrettslaksen vert følgd opp vidare i

samarbeidd med Blom Fiskeoppdrett med sikte

på å få innpass i Slow-Food-rørsla i Italia.

Fylkeskonsertane sitt Grieg-program var på si

side med på Kinesisk-Norsk musikkveke for

ungdom i Shanghai i november, som ein del av

Rikskonserttane sitt program. Gjennom 39

konsertar, både skolekonsertar og

kveldskonsertar, spelte dei for meir enn 12’000

kinesarar. I tillegg til dette har

Fylkeskommunen og gitt støtte til uavhengige

grupper som har deltatt på ulike arrangement.

14

Refugium i Covarrubias, Spania

Det faktum at norskfødde prinsesse Kristina er

gravlagd i Covarrubias i det nordlege Spania

dannar bakgrunnen for landsbyens nære band til

Noreg. Bystyret i Covarrubias har no stilt eit

husvære til rådvelde for ”Prinsesse

Kristinastiftelsen”, til bruk som refugium for

norske kunstnarar. Hordaland Fylkeskommune

har løyvd 200’000 kroner til å sette i stand

huset, og i tida som kjem vil fylkeskommunen,

saman med Kristina-stiftelsen sette opp

retningsliner for kunstnarutveksling mellom

Covarrubias og Hordaland.

6. Informasjonsformidling og

kompetanseheving

Ein viktig del av det internasjonale arbeidet,

som omtalt i dei vedtekne strategiane er

informasjonsformidling og kompetanseheving.

Det å skape dialog med ulike aktørar i fylket og

informere om kva for moglegheiter som finst,

både i og utanfor EU-systemet, er sentralt i

forhold til å auke det internasjonale

engasjementet i Hordaland.

6.1 Kurs og konferansar

Kurs og konferansar er ein viktig arena for å

formidle informasjon, oppmuntre til bruk av

tilgjengelege program og skape entusiasme og

nettverksbygging. Nokre arrangement har

fylkeskommunen organisert på sjølvstendig

basis, mens i andre har vi vore bidragsytar.

Nye EU-program 2007-2013

I juni arrangerte Hordaland, saman med Sogn

og Fjordane Fylkeskommune eit seminar i

Bergen om regionalpolitiske verkemiddel i 7.

rammeprogram og Interreg.

Crashkurs i coaching

I mars arrangerte Europakontoret, saman med

BUFDIR/ Aktiv Ungdom dagskurs i coaching

for 21 ungdomsarbeidarar frå ulike institusjonar

i Hordaland. Deltakarane lærte om Coaching,

ein metode som skal hjelpe unge til å få ut heile

sitt potensiale i ungdomsprosjekt.

Seminar om Ungdom og Internasjonal

Kompetanse

Med midlar frå Eurodesk, arrangerte

Europakontoret eit seminar i juni om ungdom

og internasjonal kompetanse med fokus på

sosial inkludering for kommunalt tilsette og

ungdomsleiarar.

Informasjonsmøte om 7. rammeprogram for

forsking

I september var Europakontoret med på å

arrangere eit informasjonsmøte om EU sitt 7.

rammeprogram for forsking på ”Møteplass

Marin”, med ca. 50 deltakarar frå forskingsmiljø

og næringsliv i Bergen og omland.

LLP informasjonsmøte

I oktober arrangerte Fylkeskommunen, saman

med SIU, eit informasjonsmøte om EU sitt nye

Program for Livslang Læring. Dette var ein

kombinasjon av Europa-kontoret sitt årlege

informasjonsmøte om Leonardo da Vinci

programmet og ein nasjonal møteserie frå SIU.

Leonardo da Vinci prosjektleiarseminar

I november arrangerte SIU eit seminar for nye

og erfarne prosjektleiarar innan Leonardoprogrammet.

På dette seminaret presenterte

representantar frå fylkeskommunen erfaringar

med mobilitetsprosjekt under Leonardo, så vel

som føresetnadar for gode partnarskap.

6.2 Nyheitsbrev

Nyheitsbrev

Nærinytt: www.narinytt.no er eit nyheitsbrev

som Europakontoret sender ut kvar 14. dag om

EU/EØS-relaterte saker, retta mot næringslivet.

I 2007 mottok ca 2890 bedrifter Nærinytt. Ca

2000 nyheiter vart formidla, i tillegg til at det

blei publisert og distribuert ca. 430 teknologipartnarsøk

mellom europeiske og vestnorske

bedrifter (mot ca 240 i 2005).

Brusselnytt: www.west-

Norway.no/newsletter.php er Vest-Noregs

Brusselkontor sitt nyheitsbrev for offentleg

forvalting, politikarar og medlemmar. I 2007

blei det sendt ut 23 nummer av Brusselnytt kor

det blei vidareformidla nyheiter om EUpolitikk,

program og lovverk som er relevant

15

for Vestlandsfylka. Fagansvarleg i

fylkeskommunen er Europakontoret.

U-nytt: www.unytt.no er eit nyheitsbrev med

fokus på ungdom og internasjonal kompetanse,

publisert av Europakontoret kvar 14. dag.

Nyheitsbrevet marknadsfører tilbod og

moglegheiter for kurs og seminar, prosjektdeltaking

osb. I 2007 vart om lag 158 nyheiter

spreidd til kommunar, frivillige organisasjonar,

utdanningsinstitusjonar og andre som arbeider

med ungdom.

International newsletter: International

Newsletter er eit halvårleg nyheitsbrev på

engelsk, distribuert for første gong i desember

2007 som tar for seg dei internasjonale

aktivitetane i fylkeskommunen. Det blir sendt

til tilsette i fylkeskommunen, skolar,

kommunar, og andre samarbeidspartnarar -

nasjonalt og internasjonalt.

6.3 Anna informasjon

Internasjonale nettsider

www.hordaland.no/internasjonal er

fylkeskommunen sine nettsider for informasjon

om den internasjonale verksemda. I tillegg til

oppdaterte nyheiter, skal det og finnast

oppdatert informasjon om samarbeidspartnarar,

prosjekt, aktivitetar osb

7. Vest-Noregs Brusselkontor

Vest-Noregs Brusselkontor er eit informasjonsog

rådgjevingskontor eigd og drive av

kommunar, fylke og andre i Vest-Noreg.

Visjonen er at Vest-Noregs Brusselkontor skal

vere ein effektiv, tilgjengeleg, kjent og nyttig

reiskap for å:

• Fremme Foreininga Vest-Noregs

Brusselkontor sine interesser (innan

næringsutvikling, kultur, forsking og

utvikling og næringsutvikling)

• Markere Vest-Noreg som ein region med

felles økonomiske og kulturelle band

• Formidle informasjon frå EU av særlig

interesse for Vest-Noreg

• Identifisere EU-program og –prosjekt av

interesse for Vest-Noreg

Aktivitetar 2007:

I løpet av året har kontoret handtert om lag 200

saker, om lag same nivå som i 2006. Av dette

hadde ca. 90 saker opphav i Hordaland. Av

saksmengda kjem ca 50% frå aktørar innan

offentleg sektor, ca 20% frå aktørar innan

næringslivet, ca 20% frå forskings- og

utdanningsinstitusjonar og 10 % frå kulturfeltet.

I 2007 hadde kontoret eit særleg fokus på

maritim og marin sektor, og denne næringa vart

presentert under regionalveka ”Open Days” i

Brussel.

Den vart også følgt opp med eit arrangement i

Ålesund; Som del av møte-serien ”OPEN

DAYS going local” arrangerte VNB 18.

oktober eit seminar om maritim politikk i

Ålesund. Dette var oppfølging av EU sin

”Integrated Maritime Policy for the European

Union”, lansert veka før. Seminaret tok for seg

EU sin maritime politikk, inkludert miljøvern,

havbruk og maritim transport.

Europakontoret er ein del av heimeapparatet for

Vest-Noregs Brusselkontor

Måla for Vest-Noregs Brusselkontor er å:

• Synleggjøre regionen som

samarbeidspartnar for andre Europeiske

regionar

• Vere lyttepost/open dør mot regionane i EU

16

Prosjektet har fått midlar frå EU sitt ”Intelligent

Energy – Europe” program. Det vart starta i

januar 2007 og skal avsluttast i desember 2008.

Tre norske, to tyske og ein polsk partnar er med

i studia. Partnarane representerer industrien,

vitskapelege organisasjonar, interesseorganisasjonar

og styresmakter. GASNOR AS,

lokalisert i Bergen, er prosjektets lead partner,

mens fylkeskommunen er representert gjennom

Hordaland Olje & Gass (HOG).

Sixth Framework Program - EUROPEER SME

Prosjektet EUROPEER SME prøver å finne

svar på spørsmål så som kvifor er nokre

regionar sterke på innovasjon og nyskaping

mens andre regionar slit for å få det til, om det

er mogleg å overføre metodar og prosjekterfaringar

til ein anna region med andre

rammevilkår – og i så fall kva er det som er dei

kritiske faktorane ein må ta omsyn til for at ein

slik overføring skal være vellukka

Prosjektet er finansiert over EUs 6. Rammeprogram

for forsking og teknisk utvikling

(OMC-NET) og går over 26 månader.

Prosjektet omfattar 15 regionar frå 12

europeiske land

Hovudmålet for EUROPEER SME er:

• Fremje gjensidig læring, utvikle ”beste

praksis”, styrke gjennomslagsevna til

regionale og nasjonale FoU-tiltak mot SMB

• Optimere vilkåra for å utveksle ”beste

praksis” ved å identifisere nødvendige

vilkår for erfaringsover-føring og utvikle

metodar for erfaringsoverføring

• Redusere overlapping og styrke

koordineringa av tiltak retta mot SMB

Prosjektet har etablert eit livskraftig nettverk

som vil fortsette å eksistere etter at prosjektet er

avslutta. Resultata frå prosjektet vil og bli

vidareført i ein nettbasert kunnskapsbank, m.a.

slik at gevinstane kan utnyttast i andre

samanhenger og av andre konsortium.

I 2007 har alle deltakarane presentert dei beste

innovasjonsprosjekta frå sin region. Hordaland

presenterte ”Kompetansemeklarprosjektet” på

ein samling i Erfurt rett før jul. Det er lagt vekt

på å få fram både sterke og svake sider ved

planlegging, utforming og gjennomføring av

prosjekta.

KVIT prosjektet. (KValitetsutvikling I

Tannlegepraksis)

Bakgrunnen for prosjektet var at amalgam vart

fasa ut som fyllingsmateriale i jekslar før eit

fullgodt alternativ var tilgjengeleg. Formålet

med prosjektet er å undersøke korleis kvite

tannfyllingar av plast fungerer på tenner med

stor tyggebelastning.

Prosjektet starta opp i 2001 og skal etter planen

avsluttast i 2010. Samarbeidspartnarar er Den

offentlege tannhelsetenesta i Hordaland,

Børnetandplejen i Danmark. Universitetet i

Oslo og Universitetet i København. Det deltek

24 tannlegar frå Hordaland. Ansvarleg avdeling

i Fylkeskommunen er tannhelseavdelinga.

Prosjektet er hovudsakleg finansiert av årlege

tilskot frå Sosial- og Helsedirektoratet.

Det er som regel ei felles samling kvart år der

arbeidsgruppa og styringsgruppa er med.

Samlingane skiftar mellom Noreg og Danmark.

2007 var første år utan samling, men det blei

arrangert eit møte for dei norske deltakarane i

Bergen i november. Elles vart året brukt til å

kontrollere fyllingar som var lagt tidlegare.

Nordisk Transport Nettverk - NTN

Fokus for det opphavlige prosjektetet var

transport av gods i nordiske korridorar, og å

utvikle verktøy som kunne brukast i regional

planlegging. I dag har fokus skifta meir mot

effektivitet og berekraft, og ikkje berre på gods

i korridorar, men og kollektivtrafikk, ny

teknologi og anna utvikling innanfor trafikk.

Ei anna målsetning er at NTN si framtidige

rolle og funksjon skal vere eit politisk og

administrativt nettverk for transport og trafikk

der ein siktar mot å halde konferansar og

”workshop” innan transport og trafikk.

Samferdselsavdelinga er fagleg ansvarleg i

Hordaland Fylkeskommune. Andre deltakarar

kjem frå andre fylkeskommunar i Noreg og

regionar i Danmark.

NTN hadde liten aktivitet i 2007, men det er

planar om auka aktivitet i 2008.

11

Agnes Mowinckels gt 5

Postboks 7900

N-5020 BERGEN

tlf: 55 23 90 00

www.hordaland.no

MARS 2008

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!